20/05/2026
Arvid Eikeskog er tilsett som ny kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune. Han tek til i stillinga 17. august.
Arvid kjem frå stillinga som eigedomssjef i Karmøy kommune.
Han har ei brei yrkesbakgrunn frå både offentleg og privat sektor, med mange års leiarerfaring frå mellom anna olje- og gassektoren.
Kommunaldirektør Halfdan Krohn-Brekke er svært nøgd med tilsetjinga.
– Det var fleire sterke og gode kandidatar. Arvid har ein brei, solid og relevant bakgrunn som passar svært godt til denne rolla, seier han.
Han peikar på at det er særleg positivt at Eikeskog kjem med erfaring frå både offentleg og privat verksemd.
Interessa for stillinga vaks etter kvart som Arvid fekk meir innsikt i arbeidet.
– Eg syntest stillinga verka svært spennande, og etter kvart som eg fekk høyra meir om oppgåvene, kjendest det nesten skreddarsydd for meg, seier han.
Eikeskog ser fram til å ta fatt på arbeidet.
– Vindafjord er ein spennande kommune som eg ønskjer å vera med og utvikla vidare. Her er det eit rikt næringsliv og mykje aktivitet, og eg gler meg til å bidra.
Som kommunalsjef vil Arvid leggja vekt på å skapa gode relasjonar mellom kommunen og næringslivet.
– Eg ønskjer å vera ein god brubyggjar. Det handlar om å oppretta og halda ved lag ein god dialog med næringslivet, samstundes som me jobbar med kommuneplanarbeidet og legg retninga for utviklinga vidare.
Han trekkjer òg fram fagmiljøet i kommunen som ein viktig motivasjonsfaktor.
– Eg har høyrt mykje positivt om fagmiljøet og folka som jobbar her, og eg trur me kan læra mykje av kvarandre. Eg ser fram til å jobba saman med dyktige kollegaer.
For Arvid handlar overgangen til kommunal sektor òg om eit verdival.
– Å jobba i kommunen er kjempespennande og utruleg kjekt. Me leverer tenester til innbyggjarane gjennom heile livet – frå vogge til grav. Eg ønskjer å bidra og gje noko tilbake til samfunnet. Som kommunalsjef for samfunnsutvikling vil eg vera med og leggja til rette for gode løysingar for innbyggjarar og næringsliv i Vindafjord.
Me vil gratulera Arvid med ny jobb og ønskja han velkomen til Vindafjord kommune 🙌