16/04/2026
Sunnfjord bibliotek informerer om at Norsk bibliotektransport AS har meldt konkurs. Som følgje av dette er all transport av bøker og anna materiale mellom bibliotek mellombels stoppa.
Dette gjeld mellom anna:
- fjernlån frå andre bibliotek
- retur og vidareformidling av materiale mellom bibliotek
Situasjonen er usikker, og det er enno ikkje avklart når transporttenesta eventuelt kan kome i gang igjen, eller om det vil - bli etablert ei alternativ løysing.
For publikum betyr dette at:
- bestillingar av fjernlån kan bli forseinka eller ikkje gjennomførte
- leveringstider er usikre
- biblioteket kan ha avgrensa moglegheit til å skaffe materiale frå andre bibliotek i perioden framover.
Sunnfjord bibliotek følgjer utviklinga tett, og vil halde publikum orientert så snart det ligg føre meir informasjon. Vi ber om forståing for situasjonen og dei ulempene dette kan medføre.
For spørsmål, ta gjerne kontakt med oss i bibliotek.@