Om Fedje Høgre
Hei, og hjarteleg velkomen til Fedje Høgre si nye Facebook-side! Me er her på Facebook då me ynskjer at du skal kome i kontakt med oss om saker du er engasjert i, eller spørsmål du har om vår politikk. I enkelte periodar kan det ta litt tid før me rekk å svare, men me jobbar så hardt me kan for å gje deg eit svar raskast mogeleg. Har du sakar du ynskjer å ta opp med forvaltninga, an
befaler me at du tar kontakt med rette myndigheit. Vår Facebook-side har følgande retningslinjer:
- Høgre sine sosiale medie-kanalar skal vere ei arena med godt debattklima. Når me snakkar saman er det bra om me held ei sakeleg og respektfull tone. Vis respekt for dine med-debattantar.
- Me fjernar innlegg som er hetsande, krenkande eller inneheld grove ukvemsord, utlevering av enkeltpersonar, spam (einsarta innhald og/eller høg frekvens frå same brukar) og identiske kommentarar.
- Me oppfordrar til sakleg debatt! Det er sjølvsagt stor takhøgd for kritikk og ulike mengingar.
- Falske og anonyme profilar vert utestengt frå Fedje Høgre si Facebook-side.
- Me invitera til konstruktive diskusjonar. Kommentarar som er ikkje-relevante til delingstråden vil derfor verta sletta. Ynskjer du å gje ein generell tilbakemelding til Fedje Høgre er du hjarteleg velkomen til å sende oss ei melding på Messenger eller e-post. Me tar og gjerne imot innspel til saker me burde løfte.
- Deling av desinformasjon vert fjerna.
- Deling av lenker utan vidare informasjon om kva som meinast med lenka vert sletta. Viss me ser at same person handlar i strid med disse retningslinjene vil dette medføre utestenging frå vår Facebook-side, eller den sosiale medie-kanalen det gjeld. Dette for å gjera denne sida til ei god arena å vere på og debattere. Les meir her: https://hoyre.no/retningslinjer-for-kommentarfelt/
Heilt til slutt minner me om Høgre si nettside www.hoyre.no der du kan lese mykje meir om Høgre, og at me vanlegvis modererer denne sida innanfor vanleg arbeidstid. https://hoyre.no/bli-med/bli-medlem/
Med dette vil me ynskje deke ein god debatt og ein fin dag vidare!