Hol Bygdeliste

Hol Bygdeliste Lokal politikk for lokale forhold

Like fyri valget i haust var Pål K. Medhus invitert til podcasten «Ledertips» med Alexander Haneng. Her er temaet bærekr...
24/10/2023

Like fyri valget i haust var Pål K. Medhus invitert til podcasten «Ledertips» med Alexander Haneng. Her er temaet bærekraftsmål nr 11, byer og lokalsamfunn.

Ta gjerne ein lytt. Bærekraft i praksis er noko av det Hol Bygdeliste allerede er godt i gang å jobbe med i lokalpolitikken.

Pål var invitert på grunn av og med utgangspunkt i den jobben han har gjort med norsk reiseliv i over 20 år. Her blir han omtalt som Bygdebygger. Kanskje ein tittel fleire i lokalpolitikken kunne ha?

Listen to this episode from Ledertips med Alexander Haneng on Spotify. Pål Knutsson Medhus er inspirator og tankeleder i Høve Støtt AS. FNs bærekraftsmål nr 11 er

18/10/2023

FORMANNSKAPET 18. oktober 2023.

Då er møter og samtaler godt i gang. Eit verkeleg godt møte i Formannskapet i dag, der Hol Bygdeliste har ein fast plass. Og me prøvde å bidra. I små porsjoner og litt etter litt, skal me være med dei andre politikerne i Hol på å forbedre og styrke Hol som kommune.

Læringskurven er bratt, og ein blir heldigvis tikji godt i mot av dei andre politikerne som sitt der. Ordfører og Rådmann er jo begge erfarne i denne settingen, sjølv om Ordfører Sigrid har ny rolle ho også. Me har ein stødig og grundig Ordfører i Sigird.

Mange store saker i dag. Kanskje noko av det mest kompliserte me kjem bort i som lokalpolitikere, nemleg kraftpris, sikringsstrategi og anna snacks.

Referat ligg på Hol kommune sine nettsider, så me referer ikkje meir her no, anna enn at me er skikkelig godt i gang.

Takk, for tilliten. Dette både kjennes, og er spennende og viktig arbeid.

Pål K. Medhus

EIN MERKEDAG FOR HOL KOMMUNE. No er me endeleg på startstreken. Me i Hol Bygdeliste vil fortsette å være åpne, rause. tr...
05/10/2023

EIN MERKEDAG FOR HOL KOMMUNE.

No er me endeleg på startstreken. Me i Hol Bygdeliste vil fortsette å være åpne, rause. transparente og inkluderende i vårt arbeid framover.

No skal me sette uss inn i møteplaner, planer og legge tilrette for innspel, samtaler og eit åpen og raust politisk ordskifte.

Me gler uss!

02/10/2023

Om det er stille? Jo, det er kanskje litt stille her på Facebook. Så derfor kjem det ei kjapp oppdatering.

Hol Bygdeliste sitt no i innspurten sammen med Hol Senterparti, Hol SV og Arbeiderpartiet i Hol og lager det felles dokumentet som blir vår felles politiske plattform. Dette dokumentet er omfattende, og tek for seg dei tinga me er enige om og kan enast om å jobbe sammen om.

Så er det so klart saker me fire partia er enige om at me er uenige om. I desse tilfella har me gjennom prosessen dei tre vekene me har jobba sammen, danna eit godt grunnlag for videre samtalu.

I morgo, den 3. oktober skal alle kommunestyrerepresentantene frå dei fire partia møtast, for justeringer innspel og til slutt signering.

Me gler uss veldig til å ta fatt på det politiske arbeidet dei neste fire åra her i kommunen vår.

Med helsing Hol Bygdeliste, som er her for å bidra til endring.

Takk, for tolmodigheten og takk igjen for tilliten.

Hol Senterparti, Hol Arbeiderparti, Hol Sosialistisk Venstreparti og Hol Bygdeliste har inngått ett politisk samarbeid f...
14/09/2023

Hol Senterparti, Hol Arbeiderparti, Hol Sosialistisk Venstreparti og Hol Bygdeliste har inngått ett politisk samarbeid for kommunestyreperioden 2023-2027. Det er enighet rundt fordeling av politiske verv, og Sigrid Simensen Ilsøy fra Senterpartiet blir ordfører og Sissel Hovland fra Arbeiderpartiet blir varaordfører. Petter Rukke blir leder i utvalg for kultur og levekår.

Partiene er i tillegg enige om at det skal utarbeides en politisk plattform som forplikter partene. Partiprogrammene viser at partiene deler ønske om endring og utvikling på mange politiske felt. Vi gleder oss til å starte arbeidet for bedre dialog og kommunikasjon mellom innbyggere, politikere og administrasjon, føre en arealpolitikk som tar vare på natur og artsmangfold og sikrer økt, lokal verdiskapning, utvikle samarbeidet med Visit Geilo, legge til rette for økt boligbygging i hele kommunen, prioritere gode, offentlige helse- og omsorgstjenester, bygge barneskole og barnehageavdeling på Geilo og bidra til gode, involverende prosesser rundt etablering av beredskapssenteret for å nevne noe.

Hol Bygdeliste skal jobbe for at alle innbyggarar i Hol kommune har gode levekår. Dette gjeld eit heilt livsløp, uansett...
10/09/2023

Hol Bygdeliste skal jobbe for at alle innbyggarar i Hol kommune har gode levekår. Dette gjeld eit heilt livsløp, uansett kvar i kommunen du bur. Det skal vere trygt og raust, inkluderande og omsorgsfullt. Hol Bygdeliste vil ta tak i fastlegesituasjonen i kommunen vår, og intensivere arbeidet med å få på plass eit tilstrekkeleg tilbod for heile kommunen.

Me ynskjer å sette oss ned med dei ulike aldersgruppene og moglegvis også på tvers av desse, for å sjå om det er mogleg å kome dei i møte med tanke på kva som er aktuelt og ynskja av møteplassar.

Hol Bydeliste har desse konkrete arbeidsmåla i perioden:
📌 Trivsel og glede: Hol Bygdeliste vil støtte opp om alle tiltak som handlar om auka trivsel og glede for innbyggarane våre. Dette er ein viktig del av heile livsløpet til alle som bur i kommunen vår. Hol Bygdeliste vil oppfordre og jobbe med jamnlege møter med Hol 60+, Ungdomsrådet og andre organisasjonar som jobbar for å betre trivselen blant oss som bur i kommunen vår.

📌 Grunnbemanning i helse og omsorg: Hol Bygdeliste vil arbeide for å støtte alt arbeid som aukar grunnbemanninga innan pleie- og omsorgstenestene. Me må få ned kostnadane i samband med innleigd arbeidskraft og vikarbyrå.

📌 Fastlegeordninga – bemanning: Hol kommune må jobbe med fastlegeordninga og sørge for at begge legesentra i kommunen har tilstrekkeleg med bemanning.

📌 100 % dekning av omsorgsbustader: Hol Bygdeliste vil jobbe for at alle omsorgsbustader i kommunen er i bruk. Eventuelle tiltak for å få omsorgsbustadene brukbare må prioriterast.

Hol Bygdeliste vil jobbe for å utvikle og auke den lokale matproduksjonen i kommunen. Gjennom god dialog med landbruket ...
10/09/2023

Hol Bygdeliste vil jobbe for å utvikle og auke den lokale matproduksjonen i kommunen. Gjennom god dialog med landbruket og produsentane vil me jobbe for etablering av nye arbeidsplassar som kan produsere lokal mat. Hol Bygdeliste vil også utfordre serveringsnæringa og kommunens eigne matinstitusjonar til å bruke meir lokale råvarer.

Hol Bygdeliste har desse konkrete arbeidsmåla i perioden:

📌 Utvikling av og innovasjon i eigen matproduksjon i kommunen: Hol kommune har eit svært levande og offensivt landbruk. Dette må me oppretthalde og vidareutvikle. Hol Bygdeliste vil difor jobbe for at lokale bønder og lokale matprodusentar får betre vilkår for å drive utviklingsarbeid. Dette gjeld både for landbruket og for den lokale matproduksjonen

📌 Serveringsstader, lokale spisestader og institusjonar: Hol Bygdeliste vil ta initiativ til at alle lokale serveringsstader og lokale matprodusentar får ein arena, der dei kan møtast jamnleg. I dette arbeidet vil det vere viktig å inkludere kommunens eigne institusjonar som serverer mat. Lokal mat på fleire fat, heile året.

📌 Lokal matproduksjon inn i skule og barnehage: Hol Bygdeliste vil at alle skular og barnehagar skal møte og bli kjende med lokale matprodusentar gjennom året. Me vil ta initiativ til å styrke eksisterande opplegg rundt Skarveskolen, men også sette i gong med å utvikle eigne opplegg for kommunen sine barnehagar og skular. Me meiner det er ein sjølvsagt ting at når du veks opp i Hol kommune, så må du få møte landbruket og lokalmatprodusentane jamnt og trutt i oppveksten. Me trur dette også kan vere med på å rekruttere inn i dei praktiske mat- og landbruksfaga på sikt.

📌 Utviklingsprosjekt: Hol Bygdeliste vil jobbe for at det blir sett i gong eit prosjekt der me ser på korleis me på best mogleg måte kan utnytte fjellområda våre til meir matproduksjon. Dette handlar ikkje berre om sjølvberging, men også om å skape nye arbeidsplassar i kommunen vår.

Hol Bygdeliste vil oppretthalde ei offensiv satsing på reiselivsnæringa i kommunen. Me vil styrke Visit Geilo og få komm...
10/09/2023

Hol Bygdeliste vil oppretthalde ei offensiv satsing på reiselivsnæringa i kommunen. Me vil styrke Visit Geilo og få kommunen til å jobbe tettare saman om utvikling og profesjonalisering av kommunen si bærebjelke.

Hol Bygdeliste vil bidra til at fleire jobbar med ei bærekraftig tilnærming i praksis, og at bedrifter får tilgang til naudsynte ressursar i ein stadig hardare konkurranse.

📌 Bærekraftigare reiselivsutvikling: Hol Bygdeliste ynskjer å få på plass ei stilling som jobbar med Handlingsplan for Bærekraftig Reiseliv, i tett samhandling med Visit Geilo. Me meiner det er viktig og riktig at Geilo og Hol kommune jobbar med å bli eit bærekraftigare reisemål etter ein god og konstruktiv plan.

📌 Sti- og løypearbeid: Hol Bygdeliste vil gjennomgå sti- og løypearbeidet i kommunen, og koordinere dette arbeidet på ein måte slik at grunneigarar blir teke med på avgjersler på val av trasèar, kva slags løyper som skal køyrast når og det totale tilbodet, året rundt.

📌 Regenerativt reiseliv: Hol Bygdeliste vil ta initiativ til at Geilo som reisemål set i gang arbeidet med regenerativt reiseliv i praksis. Dette vil utfordre både kommunen sin administrasjon, handlingsplanar og utviklinga av reiselivsbransjen i kommunen vår. Hol kommune kan med enkle grep bli ein føregangskommune på dette området.

📌 Fagskolen Viken, store moglegheiter: Hol kommune har ein gylden moglegheit til å tiltrekke seg heilt naudsynt arbeidskraft i reiselivsnæringa. Hol Bygdeliste vil styrke samhandlinga med Fagskolen Viken, og sørge for at det er ressursar på plass for å sikre vidare utvikling av studietilboda innan både bærekraftig utvikling og reiseliv.

09/09/2023

Energi- og miljøpolitikkSal av elektrisk energi basert på rettar samt produksjon fra eigne kraftverk, har i årtider vore Holkommune si viktigaste inntektskje...

VEL GJENNOMFØRT VALKAMP! No har du som velgjar muligjeten til å gjera valget ditt.Ditt valg. Og alle andre med stemmeret...
09/09/2023

VEL GJENNOMFØRT VALKAMP!

No har du som velgjar muligjeten til å gjera valget ditt.
Ditt valg. Og alle andre med stemmerett sitt. Alle farger. Mange ulike aldre. Frå alle yrkesgrupper og med ulike ideologier. Mange forskjellige overbevisninger og mange ulike ynskjer og kampsaker.

Ein ting trur me likevel at alle har felles: Eit sterkt ynskje om at alle me som bur her, jobbar her og kjem på besøk hit kan gjera akkurat det i framtida også. Uten at det øydelegg for neste generasjons tilgang til dei godene me no forvalter, foredler og fordeler.

Her er gjengen som avslutta i Geilo sentrum i dag. Ein flott bukett med engasjerte folk.

Hol Bygdeliste vil få takke alle som har stoppa og tikji praten med uss på stands rundt om i kommunen. Og tusen takk til alle dei andre paria, Hol SV, Hol Venstre, Hol FrP, Arbeiderpartiet i Hol, Hol Høyre og Hol Senterparti, for ein god og sakleg valkamp.

Me lover å bry uss om politikken som blir ført, og dei som bur her også etter mandagens val.

Me sjåast folkens, og godt val!

⭐ Møt vår ordførarkandidat her ⭐Pål K. Medhus frå Hol. Stort engasjement for samfunnsutvikling og bygdebygging. Brenner ...
09/09/2023

⭐ Møt vår ordførarkandidat her ⭐

Pål K. Medhus frå Hol.
Stort engasjement for samfunnsutvikling og bygdebygging. Brenner for gode samtaler, møteplasser og at alle som bur i kommunen skal føle på trygge og rause omgjevnader.
Pål har over 30 års erfaring frå reiselivet, som kokk, vertskap, gründer og turistsjef.

Pål er 100% motivert for å gjere ein forskjell i politikken, ved å få folk til å snakke saman i gode prosesser.

Adresse

Hol
Hol

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hol Bygdeliste legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hol Bygdeliste:

Del