21/01/2026
Øyvind Kyvik ønskjer ikkje å stille som ordførarkandidat i neste periode.
Styret i Stord Høgre har i dag fått melding frå varaordførar Øyvind Kyvik om at han ikkje stiller som ordførarkandidat ved kommunevalet i 2027.
Stord Høgre har respekt og forståelse for avgjerda og ønskjer å nytta høvet til å takka Kyvik for innsatsen han har lagt ned for partiet og for lokalsamfunnet gjennom fleire år og to periodar i kommunestyret.
Me er veldig takksam for jobben Øyvind har gjort for Stord Høgre. Han har vore ein tydeleg og samlande figur for laget. Kyvik fortsett sjølvsagt som varaordførar og folkevald fram til perioden blir avslutta hausten 2027, seier styreleiar Thomas Danielsen.
Som følgje av Kyvik si avgjerd har Stord Høgre no sett ned ein nominasjonskomité som skal innstilla ny ordførarkandidat for valperioden 2027–2031.
Nominasjonskomitéen består av:
- Inga Lothe
- Atle Wigum
- Øyvind Kyvik
Komitéen startar arbeidet sitt straks og vil kartleggja aktuelle kandidatar, både blant dagens folkevalde og andre i organisasjonen og nettverket rundt partiet. Målet er å ha ein ny ordførarkandidat klar til mai 2026.
Me veit at me har mange gode folk i Stord Høgre. Difor går me optimistiske inn i denne prosessen og ser fram til å presentera ein ny ordførarkandidat for medlemmene og veljarane i mai, seier Danielsen.
For meir informasjon:
Thomas Danielsen
Styreleiar, Stord Høgre