På tur i Strand kommune

På tur i Strand kommune Velkommen til "turhimmelen" eller Strand kommune som noen også kaller det. Her finner du et mylder av turer i alle varianter.

Fra tilrettelagte Jørpelandsholmen til turistikonet Preikestolen. På denne siden vil du finne nyheter, bilder og turbeskrivelser.

Strand Bondelag har startet en viktig og stor dugnad med å fjerne landøyer fra kommunen vår. Dette er en kjempestor jobb...
31/07/2026

Strand Bondelag har startet en viktig og stor dugnad med å fjerne landøyer fra kommunen vår. Dette er en kjempestor jobb, men hvis alle tar et lite tak vil det virkelig hjelpe. Så helgens tur anbefaling er en tur i nærområdet og se hvor mange langøyer du kan fjerne. God tur og jakt😃

Ny høyløe veks fram på Longaneset! 🌲🪓I vår har det vore stor aktivitet i skogen på Longaneset ved Nordvatnet. Der er arb...
10/07/2026

Ny høyløe veks fram på Longaneset! 🌲🪓

I vår har det vore stor aktivitet i skogen på Longaneset ved Nordvatnet. Der er arbeidet med å reise opp att ei tradisjonell høyløe godt i gang – ei løe som skal vere ei tru kopi av ei gammal løe som ein gong stod i området.

Og for ein innsats som er lagt ned! Flinke elevar frå skulane i Strand kommune har teke på seg arbeidshanskane og vist imponerande dugleik med både øks, sag og godt humør. Her har det vore hogging, tilpassing og ekte handverk på høgt nivå. Dersom dette er framtida for handverksfaga i kommunen, ser ho verkeleg lys ut!

Bak prosjektet står Longanesets Venner, ei foreining der skulane i Strand kommune samarbeider med NIVO – veteranar med erfaring frå internasjonale oppdrag. Saman med Jan Gunnar Helmikstøl har elevane fått lære tradisjonelt handverk slik det vart gjort før i tida. Kunnskap, samarbeid og arbeidslyst har gått hand i hand gjennom heile våren.

Men det har ikkje berre vore arbeid. Det har òg vore tid til bålkos, gode samtalar og mange kjekke stunder ute i naturen. Slik skal det vere!

No tek elevane ein velfortent sommarferie, medan tømmeret får liggje og tørke seg godt. Når skuleklokkene ringjer inn til hausten, tek arbeidet til att, og då ventar den spennande reisninga av sjølve løa.

Strand kommune stiller med grunn, medan veneforeininga står for bygging og framtidig vedlikehald. Målet er å skape eit flott og levande kulturminne som passar naturleg inn i landskapet rundt Nordvatnet. Når løa står ferdig, skal ho vere open og til glede for alle som tek turen til dette vakre området i «bakhagen» til Tau.

Ei stor takk til alle dei unge arbeidsfolka, veteranane, rettleiarane og eldsjelene som gjer dette mogleg. De har gjort ein strålande jobb – og resultatet kjem til å bli rett og slett kjempebra! 👏🌿🏡

Foto: Olav Fiskå og Ammy Østbø

🎒⛺ Skal du på speidarleir, fotballturnering eller kanskje planlegg du ein tur i skog og mark? Då treng du ikkje nødvendi...
08/07/2026

🎒⛺ Skal du på speidarleir, fotballturnering eller kanskje planlegg du ein tur i skog og mark? Då treng du ikkje nødvendigvis kjøpe alt utstyret sjølv! 🙌

Visste du at innbyggjarane i Strand kommune har ein fantastisk avtale med Frilager Nord Jæren?

🏕️ Privatpersonar kan låne turutstyr til ein svært rimeleg pris.
🤝 Lag og organisasjonar i Strand kommune kan låne utstyr heilt gratis!

Her finn du alt frå telt, soveposar og liggjeunderlag til stormkjøkken, ryggsekkar og mykje meir. Perfekt enten du skal på eventyr med familien, på speidarleir, cup eller arrangere aktivitetar for barn og unge.

💚 Lån utstyr – spar pengar, ta vare på miljøet og kom deg ut på tur!

God tur og god sommar samen med Strand kommune og Frilager Nord Jæren! 🌲🥾

Foto: Frilager Nord Jæren

07/07/2026

Holtaheia kan brukes til mange former for friluftsliv, vår gode nabo fra Hjelmeland har brukt løpeskoene for å utforske bakhagen vår :)

🚑👏 Ein skikkeleg merkedag for tursikkerheita i Strand!I går vart det opna eit splitter nytt beredskapssenter mellom park...
30/06/2026

🚑👏 Ein skikkeleg merkedag for tursikkerheita i Strand!

I går vart det opna eit splitter nytt beredskapssenter mellom parkeringsplassane ved Preikestolparkeringa. Dette er eit stort løft for tryggleiken til alle som ferdast i området.

Her får no naudetatane og Norsk Folkehjelp Strand og Forsand ein moderne base som kan nyttast til koordinering av redningsaksjonar, samlingsplass for hjelpemannskap – og ikkje minst eit solid depot med viktig redningsutstyr.

Den kanskje viktigaste gevinsten? ⏱️
Ved ei redningsaksjon kan utrykkingstida bli kutta med opptil éin time. På ein kald vinterdag kan akkurat den timen vere skilnaden mellom liv og død.

Det er ekstra kjekt å vite at dette flotte bygget i stor grad er finansiert gjennom besøksbidrag frå parkeringsavgiftene. Besøkande til Preikestolen er dermed med på å gjere et av verdas best turmål litt tryggare – for alle.

Strand kommune er heldige som har Lysefjorden Utvikling og Stiftelsen Preikestolen som går føre og får slike viktige prosjekt realiserte. I ei tid der store investeringar ofte er krevjande for det offentlege, viser dette kva ein kan få til med godt samarbeid og framtidsretta satsing.

Ein stor applaus og ei velfortent takk til Lysefjorden Utvikling, Stiftelsen Preikestolen og prosjektleiar Eirik Mihle Strand for innsatsen! 👏🙌

Dette er eit bygg vi håpar blir lite brukt – men når det verkeleg trengst, kan det bety alt. ❤️

🌞 Sommaren er her! 🌿Og med det har dei fleste fellesaktivitetane våre teke eit velfortent sommardrag. Men roleg? Nei då ...
29/06/2026

🌞 Sommaren er her! 🌿

Og med det har dei fleste fellesaktivitetane våre teke eit velfortent sommardrag. Men roleg? Nei då – her skjer det ting! 💥

Forrige veka gjekk startskotet med løpsfest på Jørpeland under ultraløpet Preikestolen Backyard 🏃‍♂️🔥 Og no i helga er det klart for endå eit høgdepunkt: Rockman Swimrun!

Visste du at området vårt er eit paradis for ekstremsport? 💪

Denne helga får vi verkeleg vist det fram! Den lengste Rockman-løypa startar faktisk her i Strand kommune:

🌊 Start frå magiske Fantahålå
🏊 Svømmetur til Revså
👟 På med fjellskoa og vidare via Torsnes, Troppavatnet, Preikestolen, Songesand og Kåsen
💦 Fleire svømmeetappar undervegs
🚢 Kryssing av Lysefjorden til Flørli
🪜 Opp dei legendariske 4444 trappetrinna
😅 Og til slutt eit skikkeleg spurtstup ned til mål i Flørli

Og ja – startskotet går allereie kl. 06:30 for dei sprekaste morgonfuglane! 🐦

Kl. 19:00 er det målgang og ein velfortent fest for desse råtøffe deltakarane 🎉

Rockman har fleire distansar òg, men desse går utanfor vår kommune.

👉 Kvifor ikkje ta laurdagsturen ut i løypa og heie fram desse imponerande utøvarane?

Med det nydelege sommarvêret vi har no ☀️, ligg alt til rette for gode opplevingar ute. Visste du at vi har heile 30 mil med merka stiar klare til bruk? 🌲🥾

Treng du inspirasjon til tur?
✅ Prøv Ti på Tur (får du kjøpt på Sport 1 Jørpeland)
✅ Eller ta med ungane på Mini Ti på Tur (finn du på biblioteket på Tau eller i resepsjonen på kommunehuset på Jørpeland)

💚 Nyt sommaren – og god tur!

Goe folk i sving i Tøgjevågen, på sikt skal dette bli knallbra, for ein START :) Takk til Ryfylke Trelast
26/06/2026

Goe folk i sving i Tøgjevågen, på sikt skal dette bli knallbra, for ein START :) Takk til Ryfylke Trelast

🌲🔨 Ryfylke Trelast gjer Ådnahovet bedre🔨🌲

I samband med 80-årsjubileet markerer Ryfylke Trelast feiringa med noko som betyr noko for mange: dugnad for lokalsamfunnet 💛
👉 Arbeid: Nye klopper i området Tøgjevågen–Ådnahovet
👉 Bakgrunn: Gamle klopper har gjort jobben sin og vel så det!
👉 Støtte: Sparebanken Rogaland (materialar og skruar)

På onsdag stilte dei mannsterke – eit lite “fotballag” av sagførarar og skruemeistrar, leia av dagleg leiar Aleksander Amdal 💪

✅ Resultat: Meter på meter med nye klopper produsert
✅ Plan: Montering utover haust og vinter
✅ Effekt: Betre turstiar og friluftsopplevingar

👏 Ein kjempestor takk til Ryfylke Trelast As for innsatsen!
🎉 Gratulerer med 80 år!

🔥 Folkestrøm på tur til St. Hans på Jørpelandsholmen 🔥Det var reine folkevandringane til Jørpelandsholmen på St. Hans-af...
24/06/2026

🔥 Folkestrøm på tur til St. Hans på Jørpelandsholmen 🔥

Det var reine folkevandringane til Jørpelandsholmen på St. Hans-aftan!

Ja, faktisk kom det så mange at me kan notera oss ny publikumsrekord for året 🎉

Godt over 1000 menneske var samla då Svein Hjalmar Marthinussen frå Jørpelandsholmens venner fekk æra av å tenna det flotte bålet som dei har laga til glede for alle i Strand kommune🔥

Før flammane steig mot himmelen, var det full aktivitet:
👉 Rebusløype for dei yngste, laga av dei flinke aktivitetsleiarane
👉 Speidarane stilte med kaker, pølser, brus og kaffi til svoltne strandbuar ☕🌭

Frå scena sørgde Strand toraderlag for ekte St. Hans-stemning, før me fekk nyta nydeleg song frå Aurora Eidem 🎶

Så vart det liv igjen då aktivitetsleiarane drog i gang den klassiske rokkering-konkurransen – der dei yngste var klart best 🥇

Kvelden vart trygt losa av revykongen Arild Tid Johannessen, som til og med fekk heile forsamlinga med på felles roing 🚣‍♂️

– så no ligg holmen truleg fleire meter nærare Nag enn før festen 😄

💛 Alt i alt: knallgjildt!

No er det berre å byrja å gleda seg til neste år – nytt bål, ny fest og nye gode minne i byparken vår

👉 Takk for i går!

🎉 Uka for folkefestar er her! 🌞Juni har meldt sin ankomst, og dei faste aktivitetane har fått status: ferie 🏖️Men slapp ...
22/06/2026

🎉 Uka for folkefestar er her! 🌞

Juni har meldt sin ankomst, og dei faste aktivitetane har fått status: ferie 🏖️

Men slapp av – det betyr slett ikkje at det blir stille! Tvert imot skjer det masse kjekt ute i den flotte naturen vår 🌿

🔥 Tysdag brakar det laus med St. Hans!
Strand kommune og Jørpelandsholmens venner inviterer til bål på Jørpelandsholmen. Ta med deg godt humør og bli med å feira saman med sambygdingar, speidaren, toraderlaget og flinke talent frå kulturskulen 🎶

Bålet blir tent kl. 18:00, og speidaren sørgjer for mat og drikke.

🏃 Laurdag blir det skikkeleg innsats!
Då går startskotet for Preikestolen Backyard – arrangert av Midtbygdens Idrettslag. Løypa går gjennom Jørpelandsholmen, langs Jørpelandselva, Korkhøl og Tungland.
Heile 6,7 kilometer – 12 rundar på 12 timar! 💪

Start frå Jørpeland Brug kvar heile time frå kl. 09:00.
Heile 110 spreke deltakarar treng heiarop – så ta deg ein tur ut i løypa og gi litt ekstra energi til dei varme og tøffe folkene 👏🔥

🥾 For både små og store turglade:
Dei fleste unge har fått Mini Ti på Tur – perfekt for små eventyr der dei unge kan ta med seg dei vaksne på tur 😉
Og for dei som vil ha litt meir utfordring: den originale Ti på tur - Norsk Folkehjelp Strand og Forsand får du kjøpt på Sport 1 Jørpeland.

🌄 Kort sagt:
Det er inga unnskyldning for å sitja inne…
👉 når alt det kjekke skjer ute!

🌿 Mini Ti på Tur – snart i gang! 🌿I desse dagar får alle barnehage- og småskulebarn i Strand kommune og på Forsand med s...
17/06/2026

🌿 Mini Ti på Tur – snart i gang! 🌿

I desse dagar får alle barnehage- og småskulebarn i Strand kommune og på Forsand med seg heim eit flott, lite skattekart.
Som ein del av sommaraktivitetane i Strand kommune har Norsk Folkehjelp Strand og Forsand sett ut ti skilt med dyremotiv.

Gjennom heile ferien og utover hausten kan barna ta med seg dei vaksne ut på tur og oppdage noko av alt det spennande og flotte vi har å by på i den friluftsvenlege kommunen vår.

Turane er korte og godt tilpassa små føter – her er det kos og turglede som står i fokus 💚

Dyra på skilta finn du att på skattekartet. Klipp dei ut og lim dei på rett stad! Eitt av dyra manglar – klarer du å finne ut kva det er, ventar det ein kjekk diplom på biblioteket 🎉

På grunn av flytting til nytt bibliotek i Strand kulturhus, er biblioteket på Jørpeland stengt for tida. Men på det flotte biblioteket på Tau kan du hente diplomet ditt.

Fleire av turane går gjennom område med dyr på beite. Hugs å ha hunden i band, uansett kor snill han er. Vi er heilt avhengige av eit godt samarbeid med lokale bønder, og då må vi alle bidra.

Vi ønskjer dykk alle lykke til – og god sommar med mange fine turar i skog og fjell! 🌄✨

Adresse

Jørpeland
JØRPELAND

Telefon

+4751743000

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når På tur i Strand kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til På tur i Strand kommune:

Snarveier

Del