Kinn Venstre

Kinn Venstre Venstre i Kinn kommune

I helga hadde Kinn og Florø gleda av å vere vertskap for fylkesårsmøtet til Vestland Venstre!Nesten 100 Venstre-medlemme...
11/03/2026

I helga hadde Kinn og Florø gleda av å vere vertskap for fylkesårsmøtet til Vestland Venstre!

Nesten 100 Venstre-medlemmer frå heile fylket samla seg på Florø Kulturhus, og hotella i byen vart godt fylte opp. Det vart ei helg prega av gode samtalar, workshops, politikkutvikling og planlegging av vegen vidare.

Vi fekk sterke faglege innspel frå dyktige innleiarar, diskuterte viktige politiske spørsmål – og vedtok heile fem fråsegner om politikk vi vil kjempe for framover.

Vi er også stolte over at vår eigen lokallagsleiar, Eskil Smelvær, vart valt inn i fylkesstyret i Vestland Venstre!

Florø gav Venstre eit skikkeleg løft. No er vi klare til å bygge laget vidare og kjempe for ei grønare, friare og meir framtidsretta utvikling i Vestland.

Synest du dette høyrest spennande ut? Bli med på laget!

Venstre lyttar til næringslivet! I går starta dagen i Florø med eit innspelsmøte om skatt og rammevilkår for næringslive...
07/03/2026

Venstre lyttar til næringslivet!

I går starta dagen i Florø med eit innspelsmøte om skatt og rammevilkår for næringslivet. Ingrid Fjeldstad, Venstre sin representant i den nasjonale skattekommisjonen, møtte lokale bedriftsleiarar saman med Aksello for å høyre kva det lokale næringslivet meiner er viktig for utviklinga framover.

Her fekk vi mange gode innspel og ein god diskusjon rundt rammevilkår, utvikling og moglegheiter for byen og regionen. Venstre opplever at slike møter ofte gir betre nyansering og meir realistiske bilete rundt kvardagen til næringslivet enn det vi får gjennom den nasjonale debatten.

Etterpå tok vi turen til Fjord Base, der vi fekk innsikt i utviklinga på basen, og dei spennande satsingane som skjer der. Her ligg det mange moglegheiter framover, som kan gje spennande grønn vekst.

For Venstre er det heilt avgjerande å lytte til dei som skapar arbeidsplassar og verdiskapning langs kysten!

Kinn Venstre stemte imot utbygging av containerhamn ved Måsholmen. I kommunestyret i Måløy i dag stemte Kinn Venstre, me...
29/01/2026

Kinn Venstre stemte imot utbygging av containerhamn ved Måsholmen.

I kommunestyret i Måløy i dag stemte Kinn Venstre, med Jacob, Anne Marit og Edvard, samrøystes mot forslaget om å bygge ny containerhamn vestover mot Måsholmen.

Dette har vore ei krevjande og viktig sak for oss. Vi har hatt fleire grundige rundar internt, både i 2024 og den siste tida. Det har vore ulike syn i gruppa, men gjennom ein open og grundig prosess har vi kome fram til ei samla vurdering: Fordelane med dette prosjektet er ikkje større enn ulempene det ville påført kommunen, naturen og lokalsamfunnet.

For Kinn Venstre har naturinngrepa vore eit avgjerande moment. Utbygginga ville ført til svært store og irreversible inngrep i eit viktig område. Vi meiner det ikkje er rett veg å gå.

Samtidig er det viktig for oss å understreke at vi ønskjer utvikling. Næringslivet i Kinn treng areal for å vekse, og det behovet må kommunen ta på alvor. Derfor var vi med å stille og vedta eit alternativt forslag som skal sikre næringsutvikling, utan dei store naturinngrepa som låg i innstillinga. Vi meiner det er fullt mogleg å kombinere vekst og ansvarleg arealbruk.

Utviklinga i Kinn skal vere ansvarleg, langsiktig og i tråd med natur og samfunnsomsyn. Dette vedtaket speglar nettopp det.

Tysdag hadde Kinn Venstre årsmøte med godt oppmøte og engasjement. Det vart ein triveleg kveld med gode samtalar om loka...
23/01/2026

Tysdag hadde Kinn Venstre årsmøte med godt oppmøte og engasjement. Det vart ein triveleg kveld med gode samtalar om lokalpolitikk og vegen vidare for laget i kommunen.

Vi fekk besøk av fylkesleiar Torstein Tvinnereim, som delte nyttige perspektiv på vegen vidare for Venstre, både lokalt og nasjonalt.

Takk til alle som møtte, fysisk eller digitalt!

Adresse

Kinn

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kinn Venstre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del