29/06/2026
Sommarferien har så vidt starta og det er framleis høve for å bli med på sommarens lesekampanje📚🧡 I heile Noreg er 26,7 % av alle som har gått på 1.-7. trinn med på kampanjen, i Vestland fylke er oppslutninga 24,4% og 38, 6% !!
Over 1,1 mill. bøker er lesne til no i heile Norge, over 4.200 bøker berre i Ullensvang! Veit du om nokon i den aktuelle målgruppa, som ikkje er med, så tips dei gjerne om lesekampanjen!
Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1.-7. trinn (og dei som skal starta på skulen til hausten) delta på Sommarles.no.
Sommarles gjer lesing endå artigare, og det er heilt gratis å vera med. Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan ein registrera både bøker som barna har lese sjølv og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesning og lydbøker).
Undervegs kan dei henta premiar på eige bibliotek eller bibliotek der dei er på ferie.
Registrer all lesingen her: https://sommerles.no/
Har ein ikkje konto, kan ein oppretta den i same lenke