21/06/2026
Ville Lærdal vore tryggare om me var i Helse Bergen? Tvilsomt, dersom ein høyrer på avtroppande direktør:
«– Vi har eit ordskifte på Stortinget som går heilt ned i detaljar. Det kan vere sjukehusbibliotek, pauserom eller ortopedi i Lærdal. Det må jo få konsekvensar for andre ting når politikarane held på slik.
Eivind Hansen har vore direktør i Helse Bergen sidan 2015. På veg ut døra kjem han med eit hjartesukk. Han meiner den politiske debatten står i vegen for naudsynt omstilling i sjukehusa.
Den er for kortsiktig og legg for mykje band på sjukehusa, meiner han. Han opplever at omstillingar vert møtt med protestar, utan at det kjem forslag om kvar kutta kan komme.»
Sjefen på Haukeland meiner diskusjonen kring sjukehusa er prega av populisme og kortsiktig tenking.