08/03/2026
God 8.mars - mykje å feire, mykje å kjempe for.
Fleire stader i verda blir kvinners rettar trua. Ytre høgres politiske prosjekt, anten det er i Polen, USA eller andre land er mellom anna å
svekkja kvinners rettar.
I Polen har ei høgreradikal rørsle over år jobba for å stramma inn abortlovgivinga. Ifølgje FN utgjer abortlovgivinga i landet kjønnsbasert
vald mot kvinner. I USA har fleire delstatar i løpet av få år innført totalforbod mot abort.
Ytre høgre veks fram over heile Europa, med kvinnefiendtleg politikk som blir pakka inn som “familieverdiar”. Me lever i ei lagnadstid for
feminisme og likestilling. Eit samfunn der kvinner mistar rettar, er eit svakare samfunn for alle.
Også her heime ser me at tankegodset som veks fram andre stader i verda, blir tekne med inn i debattane og normaliserte av dei etablerte partia på høgresida. Me ser no eit KrF som byggjer opp under og markerer seg på eit ønske om å gå tilbake til «tradisjonelle verdiar».
Svaret vårt må vera meir fellesskap og eit aktivt forsvar for kvinners fridom og likestilling. Rørslene må stå saman med kvarandre. Kjemper for kvarandres rettar. Skulder ved skulder. Kvinnekamp er kamp for felleskapet.
Det er ein kamp for dei mange. Ikkje for dei få.