Telemarksvegen

Telemarksvegen Telemarksvegen på Google Maps: telemarksvegen.no
Eventyrlege opplevingar frå Sørlandet til Seljord! Så langt er åtte stavgrupper sett opp.

Telemarksvegen - Rv. 41 - slynger seg vakkert gjennom 6 kommunar frå Sørlandet til indre Telemark. På sin veg gjennom kommunane Birkenes, Froland, Åmli, Nissedal, Kviteseid og Seljord, byr Telemarksvegen på 200 km av det ekte Norge. Naturen er mangfaldig og flott med sine salte svaberg, grønne heiar, fiskerike vatn, vakre fossar og steile fjellvegger. Som ein smakebit av Telemark på veg til fjorda

ne, eller som ein del av ein rundtur, er Telemarksvegen eit flott alternativ. Gamle kulturminne og den lokale kunst- og handverkskulturen er sentrale langs vegen. Telemarksvegen byr også på aktivitetar og opplevingar som fjellklatring, golf, kanopadling, beversafari, fisking, sjøorm safari, bading og sjølvsagt vinteraktivitetar i områda Gautefall og Vrådal. Telemarksvegen har stavar med ulike symbol i toppen som eit fast element langs vegstrekket.

Kva med å ta med familien til Norsk Skieventyr i Morgedal? ⛷Lær meir om skisportens far, Sondre Norheim og skihistoria v...
06/08/2026

Kva med å ta med familien til Norsk Skieventyr i Morgedal? ⛷
Lær meir om skisportens far, Sondre Norheim og skihistoria vår, frå samisk skikultur via skimaking, skismøring og norske ski- og polarpionerar til vinter-OL, snowboard og twin-tip.

Museet har ope 10-17 kvar dag til og med 15. september.
Her kan du óg kjøpe deg ein matbit i kafeen og handle i museumsbutikken.
Masse moro og lærerikt for heile familien 👨‍👩‍👦‍👦

Foto: Kjetil Kalis

Denne sommaren har bydd på strålande vær og mange fine stunder både ved vatnet og i skogar langs Telemarksvegen.Har du n...
04/08/2026

Denne sommaren har bydd på strålande vær og mange fine stunder både ved vatnet og i skogar langs Telemarksvegen.

Har du nokon favorittplass du draumer deg tilbake til?🤩

Foto: (Instagram)

La turen gå til Birkenes i sommar🌿Langs Telemarksvegen finn du eit landskap fullt av opplevingar – brusande fossar, stil...
30/07/2026

La turen gå til Birkenes i sommar🌿

Langs Telemarksvegen finn du eit landskap fullt av opplevingar – brusande fossar, stille vatn, djupe skogar og vakre sykkel- og turstiar. Her kan du utforske naturen til fots, på sykkel eller frå bilen, prøve fiskelykka eller finne den perfekte plassen for ei natt ute.

Ta deg tid til å senke tempoet og opplev naturen slik han er på sitt aller beste.

Foto: Styrk Fjærtoft

Velkommen til SOMMERÅPENT på Frolands Verk1. juli - 9. augustHer kan du sjå og oppleve alt i frå historisk utstilling om...
28/07/2026

Velkommen til SOMMERÅPENT på Frolands Verk
1. juli - 9. august

Her kan du sjå og oppleve alt i frå historisk utstilling om matematiker Niels Henrik Abel, ovn-, kniv- og kunstutstilling, samt filmer og omvisning i Hovudhuset på Frolands Verk.

Museet er ope onsdag - sundag kl. 12-16 t.o.m. 9. august
Gratis inngang

Les meir om dei ulike utstilligane på https://www.frolandsverk.no/

Foto: Styrk Fjærtoft

Gjennom 24 år har folk reist langs Telemarksvegen for å nyte den første helga i august på Treungenfestivalen i Treungen🎵...
26/07/2026

Gjennom 24 år har folk reist langs Telemarksvegen for å nyte den første helga i august på Treungenfestivalen i Treungen🎵

Festivalen har skapt tusenvis av minner, samla venner og familiar og gitt bygda både liv og aktivitet kvar einaste sommar.

Med artistar som blant anna Staysman, Synne Vo og OnkelP blir det god stemning 29. juli - 2. august!

Velkommen til Nissedal kommune og Treungfestivalen!

Foto: Treungfestivalen

🧭 Utforsk det unike Z-Museum i vakre Treungen!Her finn du alt frå retro teknologi og rare kuriositetar til kunst, kultur...
23/07/2026

🧭 Utforsk det unike Z-Museum i vakre Treungen!

Her finn du alt frå retro teknologi og rare kuriositetar til kunst, kultur og lokalhistorie – alt samla i eit museum du garantert aldri har sett maken til. Perfekt stoppestad for nysgjerrige i alle aldrar! 🚲☎️🕰

📍Treungen rett ved Nisser
🕒 Ope tysdag-sundag kl. 11-16 t.o.m, oktober!
PS! I juli er det ope kvar dag!

🔗 Besøk hjemmesida for meir informasjon: http://www.zmuseum.no

Velkomen inn!

Foto: Styrk Fjærtoft

I dag startar Nordens største Countryfestival i Seljord!🤠Her blir det ei helg med musikk, fest og god stemning med artis...
22/07/2026

I dag startar Nordens største Countryfestival i Seljord!🤠
Her blir det ei helg med musikk, fest og god stemning med artistar som blant anna Tobias Sten, Gunslingers og Staut🤠🎸

Dette er veka for deg som vil oppleve ekte festivalstemning, musikkglede og sommar i hjartet av Seljord - eit stopp langs Telemarksvegen.

Les meir om moroa på https://countryfestivalen.no/

Foto: Countryfestivalen Seljord

21/07/2026

🚗 Ta ein avstikkar frå Telemarksvegen – og opplev Rjukanfossen i Åmli!

Rjukanfossen er ein av fleire turar i Åmli og byr på flotte naturopplvingar. Turen er om lag 3 km éin veg, den er enkel og tek deg tett på den spektakulære fossen🌊

I Åmli finn du heile 20 flotte toppturar som tek deg til spektakulære utsiktspunkt, stille skogar og brusande fossar.

Enten du er på bilferie langs Telemarksvegen eller planlegg ein eigen tur til Åmli, er dette ein perfekt stad å stoppe.
For fleire toppturar 👉 besøk nettsida til Åmli kommune

📍 Kva for ein topp i Åmli vil du anbefale?

Takk til for at vi får dele denne flotte videoen frå Rjukanfossen🙌🤩

19/07/2026

💙FJONEFERJA Velkomen til den legendariske snarvegen over Nisser med Fjoneferja!

Sidan 1976 har Norges minste kabelferje MS Nissen knytt saman Kyrkjebygda og Fjone.

Her er sommarruta til 50-åringen (til og med 20. august):
Måndag - fredag kvar time frå 07 til 21
Laurdag - sundag kvar time frå 09 til 21

Skipsreiar Nissedal kommune kan ikkje freiste med taxfree om bord, men Fjonesundet kafé byr på både mat og drikke med utsikt til vakre Nisser.

Senk skuldrene og nyt sommaren i Nissedal🌞

(Foto: Styrk Fjærtoft)

17/07/2026

Adresse

Nissedal

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Telemarksvegen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del