Det Historiske Tunet På Lyngheim

Det Historiske Tunet På Lyngheim Lemstova på Lyngheim

DET HISTORISKE TUNET PÅ LYNGHEIM I OS
– EIN MØTESTAD FOR ALLE

* ein kulturell og sosial møtestad for alle aldrar
* arena for barn og unge, grupper i eldreomsorga og funksjonshemma
* heimebakst og kaffi kring grua i eldhuset i den gamle lemstova
* utstillingar og aktivitetar kring gamle handverk
* uteamfi for konsertar og sosialt samvær ved Langhamrane
* uteplassar og kvilebenkar ved fjor

den
* offentleg tilgjengeleg toalett
* friluftsområde med rom for leik, idrett og uteaktivitetar
* nærmiljøtiltak for familiar, lag og foreningar

06/05/2026

Ein liten smakebit frå konserten med Bruce Molsky og Ale Møller tirsdag kveld. Det var ein oppleving å sjå og høyre det fantastiske samspelet!

29/03/2026

UTSOLGT: 𝐒𝐓𝐄𝐈𝐍𝐀𝐑 𝐎𝐆 «𝐃𝐄𝐓 𝐔𝐌𝐔𝐋𝐈𝐆𝐄 𝐋𝐀𝐍𝐃𝐄𝐓»

Det var ikkje alle som fekk plass på foredraget med Steinar Birkeland, så no får du ein ny sjanse tirsdag 14. april kl 19.00.

Steinar var programleiar i TV-serien «Det umulige landet», sendt på NRK første gong i 2019. Serien fekk eit stort publikum. Den fortel historier bak ferdselsvegar i Noreg, eit av dei mest uframkommelege land i verda. No inviterer vi til ein kveld i Lemstova der Steinar viser klipp og fortel nokre av sine favoritt-historier frå Det umulige landet.

Billettprisen er kr. 250. For å sikra deg billettar, ta kontakt med Astrid Dale på telefon eller sms – 926 82 933. Eller på e-post: [email protected].

Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680. Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568. Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding. Skriv og kva arrangement påmeldinga gjeld.

Foredraget startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

Beste helsing Magne Brekke, Leiar Stiftinga Lyngheim og Hans Tore Røttingen, Leiar Vener av Lyngheim

Fullt hus på Lyngheim i går kveld. Ein engasjert Steinar Birkeland trollbatt publikum med si sterke formidlingsevne og e...
27/03/2026

Fullt hus på Lyngheim i går kveld. Ein engasjert Steinar Birkeland trollbatt publikum med si sterke formidlingsevne og eit særs spennande kåseri om "Det umulige landet"
For dei som ikkje fekk plass kjem det no ei ny mulighet tirsdag 14. april kl 19.00

04/03/2026

𝐃𝐞𝐭 𝐮𝐦𝐮𝐥𝐢𝐠𝐞 𝐥𝐚𝐧𝐝𝐞𝐭🏔️🇳🇴

Vi går nye vegar på Lyngheim, og inviterer til eit foredrag ved Steinar Birkeland.

Steinar var programleiar i TV-serien «Det umulige landet», sendt på NRK første gong i 2019. Serien fekk eit stort publikum. Den fortel historier bak ferdselsvegar i Noreg, eit av dei mest uframkommelege land i verda. No inviterer vi til ein kveld i Lemstova der Steinar viser klipp og fortel nokre av sine favoritt-historier frå Det umulige landet.

Foredraget startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

12/02/2026

Spellemann er tilbake på NRK, og vi er med!

10/02/2026

Konserten med Bare folk er utseld. Det er veldig hyggeleg at interessa har vore så stor. Vi kjem tilbake med annonsering av ny konsert snart - den finn stad 10. mars! Velkomen! 🥰

På Lyngheim kan du leige lokale som passar både til møte, samlingar og festlege lag. Besøk heimesida vår på www.lyngheim...
26/11/2025

På Lyngheim kan du leige lokale som passar både til møte, samlingar og festlege lag. Besøk heimesida vår på www.lyngheim.no, eller ring Magne Brekke på telefon 901 64 179. Vi tilbyr rimelege leigeprisar – og eit lokale med historisk sus.

06/11/2025

Konserten på tirsdag 11. november er utseld! Vi skulle gjerne hatt fleire billettar å selja, men har ikkje plass. Meld deg inn i Vener av Lyngheim, og bli blant dei første som får innbyding til intimkonsertane! 🥰

Adresse

Steinneset 47
Os
5200

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Det Historiske Tunet På Lyngheim legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Det Historiske Tunet På Lyngheim:

Snarveier

Del