Kvinnherad Venstre

Kvinnherad Venstre Folk først! For Kvinnherad Venstre betyr det at vi prioriterer menneske framfor system. Berre slik kan vi laga gode samfunn.

Vår politikk sameinar personleg fridom med ansvar for fellesskapet og kvarandre. Vårt mål er å lage ein samfunnsaktiv kommune, der innbyggarane får oppleva at dei er aktive deltakarar i utforminga av kommunen.

10/10/2024

I dag er Verdsdagen for Psykisk helse. Livet og verda treff oss så hardt, ingen går umerka gjennom dagane vi møter. Mange ber tunge bører vi ikkje ser, og treng nokon å gå følgje med - nokre meter eller ei mil - og det er ikkje alltid godt å vite kva tid. Den gongen ein treng det gjer det all verdas skilnad; å ha trygt følgje i motbakken eller den skremmande utforbakken. Fint då, å ha ein ven eller ein tilfeldig forbipasserande, som stilt går ved sida di og tek følgje det tyngste stykket av turen. Det kan vi alle gjera for kvarandre.

Eg håpar kvart år at det skal løyvast nok midlar over statsbudsjettet til at vi verkeleg kan satsa på behandling og forsking på psykisk helse. Det er ikkje nok slik det er i dag til at det kan kallast ei satsing. Men kvar er demonstrasjonane, vardebrenninga og kvasse innlegg for å få denne satsinga på plass? Eg klandrar ingen, utanom meg sjølv, for denne unnfallenheten i det offentlege ordskiftet. For skal det koma endringar må ein starta hjå seg sjølv.

Nominasjonsnemnda har offentlegjort si innstilling til liste for Stortingsvalet 2025. Heile innstillinga kan du lesa her...
22/08/2024

Nominasjonsnemnda har offentlegjort si innstilling til liste for Stortingsvalet 2025. Heile innstillinga kan du lesa her:

Nominasjonsnemnda i Hordaland har no lagt fram innstillinga si til stortingslista for 2025. På førsteplass har nemnda foreslått Sveinung Rotevatn som toppkandidat. På andreplass følgjer […]

02/07/2024

Sommaren står for døra og det er på tide å ta ein velfortent ferie frå politiske aktivitetar. Flott innsatas frå alle våre folkevalgte gjer at Venstre er å rekna med i viktige diskusjonar om korleis kommunen skal styrast!

Eit par viktige hendingar framover:
- Nominasjonsmøtet til Hordaland Venstre er allereie 7. september og vi må difor ha medlemsmøte i midten av august for å velgja delegatar til dette. Kom gjerne med framlegg til dato/tid og stad. Vi kan senda 2 delegatar til møtet.
- 8. september heldt fram med skuleling, drøftingar med meir slik at vi er tidleg ute for å starta den lange valkampen :-)

For interesserte kan det kanskje vera greit å minna om Rosendalsveka i starten av august - bra program og mange spennande drøftingar💚

Kent Are Kjørsvik Petterson var i dag med på pressekonferansen der den politiske plattformen til koalisjonen vart lagt f...
06/10/2023

Kent Are Kjørsvik Petterson var i dag med på pressekonferansen der den politiske plattformen til koalisjonen vart lagt fram.

- «Eg vil takke dei andre partia for gode samtalar i forhandlingane. Vi har alle måtte gi og ta, og har enda opp med ein plattform vi kan stå inne for. No ventar det konstituerande kommunestyremøtet torsdag 19.10.23 der vi skal røyste inn Vegard Bjørnevik som ordførar og Thea Vaage som varaordførar.» seier Kent Are.

Kvinnherad Venstre ønskjer å ta ansvar, og å ha ei hand på rattet, når vi no skal ta Kvinnherad framover!

Fredag føremiddag letta den nye fleirtalskoalisjonen på sløret om forhandlingane. Det kom då fram at Høgre får tre medlemmer i formannskapet, medan Ap skal leia to av utvala.

Adresse

Heio 19
Sandvoll
5452

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvinnherad Venstre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kvinnherad Venstre:

Snarveier

Del