Haugabreen ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark, og du kjem til den frå Stardalen i Jølster. Frå breen har du flott utsyn over deler av fjell- og brelandskapet i Jølster. Tek du turen heilt opp på Snønipa, blir utsikta fantastisk. For å finne Haugabreen køyrer ein på E39, og tek av ved Klakegg, og følgjer skiltet "Stardalen". Det kjem til å koma nytt skilt på Klakegg, der det står "Jostedalsbreen Na
sjonalpark", men det er ikkje satt opp heilt enno, planen er at det skal koma skilt her i løpet av sommaren. Så køyrer ein vidare innover dalen, mot Fonn, og tek av der ein ser skiltet "Haugabreen 3 km", etter å ha køyrt på den strakaste asfalterte vegstrekninga ein finn i Jølster. Ved Høyseth Camping betalar ein 50 kroner for personbil, for å køyre opp skogsvegen vidare. Køyring skjer på eige ansvar. Vegen er bratt, men framkommeleg for dei fleste bilar med sjåfør som synes det går fint å køyre på skogsvegar. Så kjem ein til parkeringsplassen, og her finn ein også ein raudmåla utedo. Etter å ha forlete parkeringsplassen går ein nokre få minuttar før ein er inne på støylstuftene. Frå støylen og opp til brefallet brukar ein omlag ein time opp i "normaltempo". Husa på støylen står litt spreidt på grunn av eit ras tidlegare, som tok fleire sel. Deretter passerer ein støylstuftene og følgjer stien langs elva innover. Ein passerer brua ein går over når ein skal vidare til Oldeskaret. Ein passerer brua utan å gå over! Frå no av følgjer ein stien oppover mot Haugabreen. Stien er ganske tydeleg, og er nokolunde godt merka med raude merker. Så går ein opp lia (til venstre) langs breelva som kjem ned. Det er ca 6 km gange på sti frå parkeringsplassen til foten av breen.