Suldal kommune

Suldal kommune Suldal kommune si offisielle Facebook-side Velkomen til Suldal kommune si Facebook-side. Her får du nyttig informasjon og kvardagshistoriar frå Suldal kommune.

Det aller meste av informasjonen blir delt på nettsidene våre, difor treng du ikkje Facebook for å halda deg oppdatert på det me informerer om. Du finn svar på dei fleste spørmål om kommunen på nettsidene våre www.suldal.kommune.no
Me vil gjerne svara på enkle henvendingar på facebook, men spørsmål som gjeld sakshandsaming eller politikk må du ta i andre kanalar. Me svarar så fort me kan, innan a

rbeidstid måndag - fredag 08:00 - 15:30. Personvern
Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på Facebook. Difor er din eigen policy like viktig som kommunen sin. Når du følgjer, likar eller kommenterer noko på Facebook-sidene våre, får Facebook tilgang og vil bruka opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status "offentleg» gir du alle tilgang og tillating til å nytta informasjonen og å knyta den til deg. I Facebook sine retningsliner står det at «offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller få tilgang til gjennom søkemotorar på internett, API `ar eller media mv.» Det vil seie at spørsmåla du stiller, reaksjonane dine og det du kommenterer på Facebook-sidene våre kan lesast og brukast av andre. Spørsmål, eller kommentarar? Ja takk! Me set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Me er på Facebook som ein service for innbyggarane våre og svarer gjerne på spørsmål og tek i mot innspel. Innspel som er arkivverdige blir lagra i arkivsystemet vårt og vil koma i postlistene våre som også er offentlege. Dersom du har feilmeldingar på blant anna veg, vatn og avlaup kan du varsla om det her: https://www.suldal.kommune.no/sd/skjema/SKO074/. Dersom du ønskjer å melda om feil ved vatn eller avlaup som hastar, kan du også ringa vakttelefonen vår 474 58 928. Me sakshandsamar ikkje på Facebook. Slike meldingar kan du senda til [email protected] eller til den enkelte sakshandsamar. Kontaktinformasjon til dei tilsette finn du på nettsidene våre. Blei det du skreiv fjerna? Det er sjølvsagt heilt ok å vera ueinig med oss. Me tar også i mot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for lokaldemokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Me fjernar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Me kan også velje å sletta feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen mot styresmakter og medium står i for å stansa villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Me slettar også innlegg eller kommentarar der me meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har med saka å gjere eller som inneheld reklame for kommersielle produkt og teneste, blir også fjerna.

Rasteplassen «Juvo» ved Nesflaten har vunne prisen LILA 2026 Jury Award - ein internasjonalt kjend pris innan landskapsa...
05/08/2026

Rasteplassen «Juvo» ved Nesflaten har vunne prisen LILA 2026 Jury Award - ein internasjonalt kjend pris innan landskapsarkitektur. 🎉

Det er arkitektfirmaet ATSITE som har teikna rasteplassen, og juryen trekk fram korleis rasteplassen forsterkar juvlandskapet rundt. 🌊

Les meir på LILA si heimeside - lenke i kommentarfeltet.

📷Foto: Roger Thorstad//Statens Vegvesen

No er det snart skulestart, og for mange også SFO-start. Det kan vere lurt å øve på å bli trygg i trafikken - både for d...
05/08/2026

No er det snart skulestart, og for mange også SFO-start. Det kan vere lurt å øve på å bli trygg i trafikken - både for dei som har hatt lang sommarferie, og for dei som skal gå til skulen aleine for aller første gong. 🚦🚲🚗
Trygg trafikk gir desse råda til føresette:
• Øv på skulevegen og snakk om det som skjer langs vegen.
• Vel den tryggaste ruta sjølv om han er lenger.
• Følg ungane til skulen den første tida.
• Sykle saman.

Og hugs: klipp hekkar, buskar og kvister som veks ut i vegbanen. 🌱

I haust blir det nytt kurs i tryggleikssirkelen. Det vert 8 samlingar, og dei er på grendasenteret i Erfjord tysdags ett...
03/08/2026

I haust blir det nytt kurs i tryggleikssirkelen. Det vert 8 samlingar, og dei er på grendasenteret i Erfjord tysdags ettermiddagar. Les meir om kurset og finn påmeldingsskjema via lenkene i kommentarfeltet.

Foto: Unsplash//Phil Hearing

Det finst mange ulike grunnar for å legge ferien sin til Suldal 😉👍🏼
30/07/2026

Det finst mange ulike grunnar for å legge ferien sin til Suldal 😉👍🏼

Gullingen leirskule feirer 40 år laurdag 15. august! Store og små er inviterte til ein fullpakka familiedag med mange kj...
30/07/2026

Gullingen leirskule feirer 40 år laurdag 15. august! Store og små er inviterte til ein fullpakka familiedag med mange kjekke aktivitetar! Fullt program kan du finne hjå Gullingen Leirskule eller via lenka i kommentarfeltet vårt. 🤩

Laurdag 15. august inviterer Gullingen leirskule til 40-årsjubileum med open familiedag 🎉🥳
29/07/2026

Laurdag 15. august inviterer Gullingen leirskule til 40-årsjubileum med open familiedag 🎉🥳

Hurra! Gullingen leirskule er 40 år!
Leirskulen starta opp 1. august i 1986. I august 2026 inviterar me på leirskulen deg til å vere med på open familedag ved leirskulen :-)
Sjå program under - dette blir kjekt :-)

Det er for tida gult farevarsel for skogbrannfare i distriktet vårt - bruk sunn fornuft. 😊🔥
17/07/2026

Det er for tida gult farevarsel for skogbrannfare i distriktet vårt - bruk sunn fornuft. 😊🔥

⚠️Meteorologisk Institutt har akkurat nå sendt ut gult farevarsel for skogbrannfare i vårt distrikt.
Husk at du alltid er ansvarlig når du tenner ild, uansett hvor du er og når på året det er. Dette gjelder alle, hele tiden og over alt.
Din ild – ditt ansvar🔥

17/07/2026

Velkommen til Stølane i Erfjord!
Her har me to rekrutteringsbustader ledige - med nærleik til barnehage, grendahus og fjorden 🌅

Les meir om bustadane på heimesida vår.

Sommarhelsing frå Sand barnehage som har vore i Jovika - ein god plass å vera, leika og læra! 🌞🌞🌞
17/07/2026

Sommarhelsing frå Sand barnehage som har vore i Jovika - ein god plass å vera, leika og læra! 🌞🌞🌞

Adresse

Eidsvegen 7
Suldalsosen
4230SAND

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Suldal kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Suldal kommune:

Snarveier

Del