Pensjonistforbundet Nordre Øygarden

Pensjonistforbundet Nordre Øygarden Velkommen på siden til Pensjonistforbundet Nordre Øygarden, en lokal forening tilsluttet Pensjonistforbundet. Bli med!

Vi er livssynsåpne og partipolitisk uavhengig, men eldrepolitisk aktive.

«Me kom endeleg i mål!»Bilete under frå venstre, fire leiarar:  Vigdis Ravnøy PF Hordaland, Torill Selsvold Nyborg PF Fj...
18/06/2026

«Me kom endeleg i mål!»

Bilete under frå venstre, fire leiarar: Vigdis Ravnøy PF Hordaland, Torill Selsvold Nyborg PF Fjell, Knut-Eivind Nygård PF Sund og Jarle Kåre Oen PF Nordre Øygarden

Torsdag 18. juni inviterte Pensjonistforbundet (PF) Sund til sommarfest i Spildahallen. Medlemmar og representantar for alle tre foreningar i kommunen (Sund, Fjell og Nordre Øygarden) var til stades. Det vart ein kjekk og hyggelig fest med fin musikk, mingling, talar, eit interessant føredrag og god mat. Tusen takk til PF Sund😊

I dag  onsdag 3. juni fekk Pensjonistforbundet Nordre Øygarden tildelt 50.000 kr frå Sparebanken Norge til prosjektet «U...
03/06/2026

I dag onsdag 3. juni fekk Pensjonistforbundet Nordre Øygarden tildelt 50.000 kr frå Sparebanken
Norge til prosjektet «Unge møter eldre» (RAUS). På biletet under frå venstre;Nils Torsvik og Jarle Kåre Oen frå Pensjonistforbundet og samarbeidspartnar i prosjektet, Halvard Måge frå Husets spiseri.

Onsdag 10.juni arrangerer Huset Spiseri karaokekveld for unge og eldre.
03/06/2026

Onsdag 10.juni arrangerer Huset Spiseri karaokekveld for unge og eldre.

Pensjonistforbundet Nordre Øygarden (PFNØ) hadde sitt siste medlemsmøte før sommerferien torsdag 21. mai. Godt frammøte ...
21/05/2026

Pensjonistforbundet Nordre Øygarden (PFNØ) hadde sitt siste medlemsmøte før sommerferien torsdag 21. mai. Godt frammøte - mellom 50 og 60. Jakob Henrik Hellesund føredrog om Øygarden Sogelag sitt arbeid med bygebøkene og framdrifta. Interessant og lærerikt. Marith leste dikt og Ragnar dro vitsane. Tor Erik spelte og song. Kaffitid, åresal og trekning. Øyvind frå styret orienterte om RAUS-prosjektet, føreståande sommarfest i Sund og tur til Odda i haust. Han avslutta med eit kåseri om ungane på Torsvik sin store «skrekk» på 50-60-talet - lensmannen. Fornøyeleg. God sommar til alle🤗

18/05/2026

Styret i Pensjonistforbundet Nordre Øygarden inviterer til medlemsmøte torsdag 21. mai, kl. 17.30 på Huset Spiseri, Rong senter. Jacob Henrik vil informere om "Øygardssoga" - status bygdebøker, Marit vil lesa dikt og Ragnar fortelje vitsar. Det vert bevertning, åresal og ymse informasjon om saker og aktiviteter frå styret. Tor Erik står for musikken denne kvelden. Vel møtt til ein triveleg kveld i godt lag.

13/05/2026

Aksjonsdagen 8. mai

Aksjonsdagen 8. mai var ei markering av det arbeidet som Pensjonistforbundet gjer for å skape møteplassar og aktivitetar for eldre, der PFNØ no også vil knyte kontakten mot dei unge i vår del av Øygarden kommune. Dette gjennom eit samarbeid med andre krefter som ser verdien av ein slik møteplass.

Aksjonsdagen vart opna av Nils Torsvik frå styret. Ungdomsskulen på Rong stilte med ti elevar som bidrog med ein gut som spelte kornett, to jenter som song, og fire elevar som framførte dansar henta frå «Just Dance»!

Høgdepunktet var ei opptreden av Arild (Elvis) Hamre. Det vart servert mat, og delt ut brosjyrar for Pensjonistforbundet.

13/05/2026

Aksjonsdagen 2026

Aksjonsdagen 8. mai var ei markering av det arbeidet som Pensjonistforbundet gjer for å skape møteplassar og aktivitetar for eldre, der PFNØ no også vil knyte kontakten mot dei unge i vår del av Øygarden kommune. Dette gjennom eit samarbeid med andre krefter som ser verdien av ein slik møteplass.

Aksjonsdagen vart opna av Nils Torsvik frå styret. Ungdomsskulen på Rong stilte med ti elevar som bidrog med ein gut som spelte kornett, to jenter som song, og fire elevar som framførte dansar henta frå «Just Dance»!

Høgdepunktet var ei opptreden av Arild (Elvis) Hamre. Det vart servert mat, og delt ut brosjyrar for Pensjonistforbundet.

På medlemsmøtet vårt torsdag 23.april sette me oppmøterekord. Heile 67 personar var innafor dørene. Hovedattraksjonen va...
23/04/2026

På medlemsmøtet vårt torsdag 23.april sette me oppmøterekord. Heile 67 personar var innafor dørene. Hovedattraksjonen var Stig Guntveit som hadde eit føredrag om «Fjellflora». Bilete og forteljingar frå sine mange turar rundt om i heile fjellnoreg vart formidla med innleving og entusiasme. Tor Erik Rong spelte til allsongane. Ragnar Rong fortalde gode historiar i kjent stil. Det vart orientert frå styret (Nils Torsvik) om den planlagte aksjonsveka i mai, vidare planlegging av pensjonisttur i september og andre prosjekt. Øyvind Strandheim refererte frå vårt årsmøte og formidla til slutt (med glimt i auga) om «skremande opplevingar» då helsesøstera kom på besøk i barneskulen tilbake til 50/60-talet. Sjølsagt vart det kaffitid, åresal i to omgangar og drøsing ved borda. Ein kjekk kveld med variert innhald og god stemning😊 Foto:
Lillian Torsvik og Kurt Vatnvåg

13/04/2026

Hei gode pensjonistar!

Torsdag 23. april kl 17.30 er me klare med nytt medlemsmøte på Husets Spiseri på Rong senter. Litt av programmet:

- allsongar, Tor Erik spelar til
- Ragnars Vitsekro
- føredrag, Stig Guntveit-«Fjellflora»
- info frå fylkesårsmøtet
- sal av årer, dobbeltrekning
- kaffitid Husets Spiseri
- m.m

Me ønskjer gamle og nye medlemmer til hyggjeleg samvær.

Hjarteleg velkomen!

Mandag 23. mars var det årsmøte i Pensjonistforbundet Hordaland. Underteikna og Nils Torsvik representertestyret i Pensj...
24/03/2026

Mandag 23. mars var det årsmøte i Pensjonistforbundet Hordaland. Underteikna og Nils Torsvik representerte
styret i Pensjonistforbundet Nordre Øygarden. Leiar i Pensjonistforbundet Jan Davidsen og fylkesordførar Jon Askeland (bilete) hadde innleiende føredrag. Interessant og lærerikt å vera til stades. Vi vil orientera kort frå årsmøtet om dei viktigaste sakene på neste medlemsmøte i april Jarle K. Oen, leiar.

Adresse

Rong

Telefon

+4791561465

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Pensjonistforbundet Nordre Øygarden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Pensjonistforbundet Nordre Øygarden:

Snarveier

Del