Vinje SV

Vinje SV Vinje SV er lokallaget i Vinje kommune. Vinje SV har fire representantar i kommunestyret 2023-2027.

Varaordfører og medlem i formannskapet er Nils Johan Svalastog Garnes, Gruppeleiar og utvalsleiar for oppvekst og velferd er Kari Omdal Tveio.

25/03/2026

Me i Vinje SV har dette lesarbrevet i Vest-Telemark blad i dag:

Vinje SV meiner det er bra at det er engasjement rundt økonomien i Vinje kommune. Me står framfor reelle utfordringar, og det er heilt nødvendig med ein open og konstruktiv debatt om vegen vidare.

I lesarinnlegget sitt peikar Suhail Mushtaq (DNI) på viktige spørsmål om ressursbruk. Samstundes går han langt i å skape eit inntrykk av at situasjonen i Vinje skuldast «dårleg styring» og «mangel på kunnskap», og peikar på fleirtalet av politikarar som ansvarlege for utviklinga.

DNI har rett i at politikarar må ta ansvar. Men kva inneber eigentleg det å ta ansvar?

Ansvarleg politikk handlar om å prioritere. Det handlar om å ta val som får konsekvensar – også når dei er upopulære. Ein er ikkje heilt i mål når ein peikar på det som er feil, dersom ein ikkje samstundes seier noko om kva ein sjølv vil gjera annleis. Det er lett å vera imot. Langt vanskelegare er det å stå for noko.

Og når Suhail Mushtaq omtalar sentrale satsingar som «sløsing», bommar han på det grunnleggande. Det han kallar kostnader, er i realiteten investeringar.

Når kommunen byggjer bustader, styrkar skulen, gir gratis SFO og bassenginngang for unge og anna aktivitetstilbod, betrar mat i barnehagen og held kulturskulen open for alle, handlar det ikkje om pengar som forsvinn. Det handlar om å byggje den sosiale infrastrukturen eit samfunn er avhengig av. Å investere i dette er å investere i framtida.

Alternativet er ikkje “effektiv drift”, men høgare kostnader seinare: meir fråfall, dårlegare helse og større ulikskap.
Skal me ta ansvaret vårt som politikarar, treng me det motsette av ein skulddebatt. Me treng ein kunnskapsbasert og løysingsretta diskusjon om prioriteringar og vegen vidare.

Difor støttar me ein brei gjennomgang av pengebruken, der tilsette, fagmiljø og politikarar går saman om å finne gode løysingar. For Vinje SV er dette eit verktøy for å forstå kommunen betre og kunne prioritere, og ikkje ein øvelse i kutt. At det er henta inn hjelp utanfrå ser me ikkje på som svakheit, men styrke.

For oss handlar ikkje dette om å vinne ein debatt eller det neste kommunevalet. Det handlar om å sikre gode tenester for innbyggjarane i Vinje, både i dag og i åra som kjem.

Då må me alle bidra med meir enn kritikk.

Me må bidra med løysingar.

Kommunestyregruppa og styret i Vinje SV

I dag har denne kvart***en vore SV sine representantar i kommunestyret 🙋‍♀️🧏‍♀️🙋‍♂️🙋‍♀️ Vil du engasjere deg i lokalpoli...
24/03/2026

I dag har denne kvart***en vore SV sine representantar i kommunestyret 🙋‍♀️🧏‍♀️🙋‍♂️🙋‍♀️ Vil du engasjere deg i lokalpolitikken? Bli med i Vinje SV 💚❤️

SV - Sosialistisk Venstreparti

8. mars er framleis ein kampdag 💪Vinje SV i Vest-Telemark blad i dag 8. mars: Noreg har kome langt i kampen for likestil...
08/03/2026

8. mars er framleis ein kampdag 💪

Vinje SV i Vest-Telemark blad i dag 8. mars:

Noreg har kome langt i kampen for likestilling. Det er mykje å vere stolt av: høg kvinnerepresentasjon i arbeidslivet, generøs foreldrepermisjon, brei tilgang til barneomsorg og formell juridisk likestilling. Likevel, trass i desse framstega, finst det framleis djuptgåande strukturelle ulikskapar.

Den norske arbeidsmarknaden er framleis sterkt kjønnsdelt. Kvinner dominerer helsevesen, omsorgsarbeid, barneomsorg, utdanning, butikk og reinhald — sektorar som får samfunnet til å gå rundt, men som kjenneteiknast av lågare løn, meir deltidsarbeid og tyngre arbeidsbelastning enn mannsdominerte sektorar med samanliknbare ansvarsområde.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) var 82,1 % av tilsette med helsefagleg utdanning kvinner i 2024. Vidare syner nasjonale politiske rapportar at rundt 60 % av tilsette i pleie- og omsorgssektoren arbeider deltid. I snitt arbeider om lag 35 % av kvinner i Noreg deltid, mot 17 % av menn (STAMI/NDA).

Deltidsarbeid i omsorgssektoren er ofte strukturelt bakt inn i kommunale tenester. Mykje av dette arbeidet er ufrivillig deltid, noko som tyder på at tilsette ønskjer å arbeide fleire timar, men ikkje får heile stillingar. Dette fører til lågare inntekt, ustabile arbeidsplanar, avgrensa karrieremoglegheiter og større økonomisk sårbarheit, særleg sidan kvinner er overrepresenterte i desse sektorane.

Barneomsorg, eldreomsorg, helsearbeid, husarbeid og emosjonelt arbeid utgjer grunnlaget for økonomien vår. Likevel blir dette arbeidet systematisk undervurdert — anten det er ulønna i heimen eller løna i offentleg sektor. Kvinner held fram med å bære mesteparten av ansvaret, utan å få den anerkjenninga dei rettmessig har krav på.

I kommunen vår har det òg vore diskusjonar både på administrativt og politisk nivå om å kutte velferdstenester for å halde gjeld og budsjett under kontroll. Men når velferdstenester blir kutta, strømlinjeforma eller privatiserte, forsvinn ikkje omsorgsbehova. Dei blir flytta over på familiar — og hovudsakleg på kvinner — som då blir pressa endå meir mot ufrivillig deltid eller redusert deltaking i arbeidslivet.

Ulikskap mellom kvinner aukar òg. Låginntektskvinner, funksjonshemma kvinner og kvinner frå etniske minoritetar har større sjanse for å møte økonomisk usikkerheit, dårlege arbeidsvilkår og diskriminering.

Mange innvandrarkvinner har svakare tilknyting til arbeidsmarknaden — ikkje på grunn av manglande evne eller innsats, men på grunn av språkbarrierar, diskriminering og avgrensa tilgang til sikre jobbar. Når velferdssystem blir svekka, er desse kvinnene ofte dei som blir ramma først og hardest. Ifølgje OECD er berre om lag 42 % av flyktningkvinner i Noreg i arbeid, mot vesentleg høgare sysselsetjingsprosentar blant mannlege flyktningar, og ikkje minst befolkninga elles.

Kommunane har òg eit ansvar. Ein kommune som Vinje kan:
• aktivt fremje heiltidsstillingar og gode arbeidsvilkår i omsorgstenester
• integrere likestilling og mangfald i tilsetjingspolitikken
• investere i inkluderande arbeidsmarknadstiltak og språkstøtte
• prioritere sterke offentlege velferdstenester framfor kutt og privatisering

Difor må 8. mars framleis vere ein kampdag. Når kvinner sitt arbeid stoppar, stoppar samfunnet. Kampen gjer usynleg arbeid synleg og krev ei omfordeling av makt, ressursar og ansvar. Likestilling handlar ikkje berre om haldningar — det handlar om politiske val. 8. mars kjempar me for eit samfunn som set omsorg og menneske framfor profitt.

Styret i Vinje SV
Nils Johan Svalastog Garnes
Baiba Sheine
Ingerid Hayes
Anne Lene Willemsen
Giovanni Filippo Cozzi

Vinje SV er stolte av Baiba frå Vinje som er blitt leiar for hovudutval for næring, industri og klima i Telemark Fylkesk...
28/02/2026

Vinje SV er stolte av Baiba frå Vinje som er blitt leiar for hovudutval for næring, industri og klima i Telemark Fylkeskommune 👏👏

Baiba Sheine (SV) er den nye leiaren for hovudutval for næring, industri og klima. Ho overtek roret etter Ådne Naper, som går over til en ny jobb utanfor politikken.🤩

Ambisjonen for den nye rolla er klar: - Eg vil halda fram jobben med å skapa eit grønare Telemark, fortel ho. 🌱

Sheine har politisk aktiv i 22 år og har dei siste åra sete i hovudutval for samferdsel. No blir ho heiltidspolitikar og tek permisjon jobben i Vinje kommune.
Lykke til!🍀

I dag er det fylkesårsmøte for Telemark SV 💚❤️ Vinje er godt representert, både i dag med Ingerid, Baiba og Nils Johan -...
28/02/2026

I dag er det fylkesårsmøte for Telemark SV 💚❤️ Vinje er godt representert, både i dag med Ingerid, Baiba og Nils Johan - og også ellers med Baiba som nyvald leiar for hovudutval for næring, industri og klima i Telemark fylkeskommune, og Nils Johan som varaordførar i Vinje 👍🏻 SV - Sosialistisk Venstreparti

Vinje SV 💚❤️Takk for eit fint årsmøte tidlegare i januar, ein god gjeng som møtte for å diskutere kva me kan gjera for l...
01/02/2026

Vinje SV 💚❤️

Takk for eit fint årsmøte tidlegare i januar, ein god gjeng som møtte for å diskutere kva me kan gjera for løfte SV politikk i Vinje, og me er glade for å presentere det nye styret i Vinje SV!

For oss handlar politikk om fellesskap, rettferd og miljø – med velferd, omsorg, barn og unge, natur, ein rettferdig lokal økonomi og eit levande demokrati.

Vil du bli med? Meld deg inn i SV!

👉 Me vil gjerne høyre frå folk i Vinje:
Kva tema meiner du Vinje SV bør ta opp i kommande møte og arrangement?

Legg igjen ein kommentar eller send oss ei melding 💬

Styret i Vinje SV 2026:
Nils Johan Svalastog Garnes (leiar), Anne Lene Willemsen, Ingerid Hays, Baiba Sheine og Giovanni Cozzi. Varafolk er Øystein Høgetveit, Jan Olav Styrvold, Hassan Samahle og Oscar Johan Garnes.

SV - Sosialistisk Venstreparti

Velkomen til årsmøte i Vinje SV! Me ynskjer medlemmer og dei som er interessert i SV sin politikk til årsmøte på Groven ...
06/01/2026

Velkomen til årsmøte i Vinje SV! Me ynskjer medlemmer og dei som er interessert i SV sin politikk til årsmøte på Groven Camping i Åmot 15. januar kl 18. Det blir matservering og kanskje til og med kake 🤩 Og ikkje minst hyggelege folk 💚❤️ Velkomen!

P.S. Du treng ikkje vera medlem for å koma - men sjølvsagt kun medlemmer som kan røyste i møtet.

22/12/2025

Det nærmar seg 2026 og det betyr årsmøte - valnemnda er i gang med arbeidet sitt 🕵️‍♀️ Har du tips til kven som bør sitje i styret til Vinje SV? Send oss ei melding til leiar av valnemnda, Sissel Bitustøyl, på [email protected]. Vel møtt til årsmøtet 15. januar kl 18 på Groven Camping 💚❤️

18/12/2025

Vinje SV - årsmøte torsdag 15. januar kl 18:00 på Groven camping i Åmot
Velkommen!

Budsjett i Vinje kommune vedteke - me fekk ikkje gjennom alle våre punkt, men me viser at SV ynskjer å sjå på løysingar ...
16/12/2025

Budsjett i Vinje kommune vedteke - me fekk ikkje gjennom alle våre punkt, men me viser at SV ynskjer å sjå på løysingar og ikkje kutt, skape endå betre rammer for barn og unge og utvikle Vinje kommune i rød-grøn retning 💚❤️Her er Vinje SV sine perspektiv lagt fram av Nils Johan Svalastog Garnes - SV i dag:

Når me les budsjettet for 2026, kan ein trekke ut retorikk som understrekar «eit svært høgt kostnadsnivå», «ikkje berekraftig» og «omfattande bruk av fond» dersom vi skal unngå «kutt i tenestetilbodet».

Vinje SV forstår at dette blir framheva som utfordringar – men denne måten å formulere situasjonen på risikerer å redusere tenestene våre til noko som først og fremst er problematiske utgifter, i staden for det dei eigentleg er: grunnleggjande byggesteinar for eit levande lokalsamfunn.

For dei tenestene me snakkar om – omsorg, skule, barnehage, helse, bustadstøtte og møteplassar – er ikkje tilfeldige kostnader. Dei er vår sosiale infrastruktur. På same måte som vegar, bruer og vatn er nødvendig for at kvardagen skal fungere fysisk, er sosial infrastruktur nødvendig for at kvardagen skal fungere menneskeleg. Ho gjer at barn kan lære, at familiar kan leve trygt, at eldre får støtte, og at folk kan delta i arbeid og samfunnsliv. Vinje SV vil påpeke at dersom denne infrastrukturen blir svekka, blir òg resten av Vinje svekka – økonomisk, sosialt og demografisk.

Til samanlikning blir investeringar i bygg og anlegg omtala som nødvendige og framtidsretta, medan investeringar i menneske blir omtala som kostnader. Ei bru kan stå i 40 år – men ei god oppvekst eller ei trygg omsorgsteneste gjev verdi i 80. Dette er ikkje utgifter utan avkastning. Dette er investeringar som styrkjer berekraft, deltaking og langsiktig økonomi.

Når det gjeld gjeld, deler eg uroa mange har. Men det avgjerande er ikkje berre kor stor gjelda er – det er korleis ho blir brukt. Å låne for å t***e kortsiktige hol er uheldig. Men å låne for å sikre tenester som styrkjer kompetanse, helse, deltaking og framtidsutsikter i Vinje, kan faktisk auke den økonomiske berekrafta og velstanden på sikt. Klokt brukt gjev gjeld rom for utvikling, ikkje større risiko.

I stadenfor å sjå etter kutt og innsparing meiner me i Vinje SV at me må utvikle inntektssida. Budsjettet peikar sjølv på den usikkerhet knytt til kraftinntektene og inntekstssystemet, som både svingar mykje og er sårbare for nasjonale endringar. Nettopp difor må me sjå på meir stabile og rettferdige inntektskjelder – som at hytteeigarar bidreg meir til infrastrukturen dei nyttar. Dette handlar ikkje om straff, men om rettferd.

Vinje SV vil derfor leggje fram tre konkrete forslag i denne retninga – ansvarlege, rettferdige og langsiktige. Ein sterk kommune blir bygd ved å investere i folk – og ved å sikre at alle som har glede av Vinje, òg er med og bidreg.

Fyrst ein kommentar til protokollen frå Formannskapet: eg hadde ikkje framlegg om å ta i mot 220 nye flyktningar. Det er feil i protokollen, då framlegget mitt var 20 i stadenfor 15.

📍 Hytteskatt: Vinje SV meiner at Vinje er, og skal vera, ein god kommune å bu i – og også ha hytte i. Tenestene me sørger for, som til dømes skiløyper, kultur og helsetenester, skal vera ein grunn til å vera i Vinje – og ikkje ein grunn til å reise her i frå (ved at det blir svekka og ikkje styrka). Derfor meiner Vinje SV at me bør ha betre kunnskap om inntektspotensialet i det eg kallar ein hytteskatt. Det vil seie eigedomsskatt, sidan ein ikkje kan ha ein eigen eigedomsskatt på fritidsbustader. Men det ein kan gjera er å differensiere områder innanfor kommunen, og slik eg har forstått frå andre hyttekommunar er at ein kan då setje ein annan takst i til dømes Rukkemo Torvetjønn og Vågslid enn resten av kommunen. Og eventuelt nær 0 nivå på bustadhus. Derfor kallar eg det ein hytteskatt.

Framlegg 1 frå Vinje SV: Kommunestyret ber om ei utgreiing om innføring og inntektspotensialet av ein "hytteskatt" i Vinje. Altså eigedomsskatt med ulike kategoriar med høg takst i hytteområde og veldig låg takst i andre delar av kommunen.

📍📍 Fritidstilbod, for alle og særskilt born og unge: Vinje SV ynskjer ein pilot i 2026 som styrker tilbodet til born og unge. Vinje SV fekk gjennom at svømmehall skal vera gratis opp til 20 år. Det er positivt at det ligg inne midlar til styrketreningsrom, som SP fekk gjennom i Formannskapet. Det me ynskjer å legge fram i tillegg er ein pilot for 2026 der svømmehallen er meir familievenlege opningstider, særskilt helg, og lenger sesong på hausten ved at ein opnar 1. august og ikkje 1. september. Slik fyller ein også aktivitet til delar av sommarferien. Me ber om besøkstala blir registrert for å sjå om det er interesse av tenesta.

I tillegg, som ikkje har budsjettkonsekvensar, er å sjå på ei justering av opningstidene. I Edland har eg blitt fortalt at det vart endra til laurdag ettermiddag slik at folk kunne vera ute på ski før ein dreg i bassenget. Og opningstidene i Vinjehuset i dag, kl 17-21, er ikkje brukarvenleg for dei minste borna. Kanskje til dømes kl 15-19 ein dag i veka og endre laurdag frå kl 9-13 heller enn 11-15 kunne ha vore lurt? Her må det sjølvsagt vera ein dialog med dei ulike laga som sit som badevakter – som gjer ein kjempeinnsats!

Ein fin effekt av badevaktene er flott at dei får dugnadsinntekt på den måten, og også at me har eit stort team med opptrente livreddarar i heile kommunen.

Framlegg 2 frå Vinje SV: Kommunestyret løyver 200 000 kr for å innfører ei pilotordning for 2026 med utvida sesong i symjebassenga. Inndekning frå dispensasjonsfondet. Pilotordninga skal evaluerast før budsjetthandsaming for 2027-budsjettet.

📍📍📍 Organisering av skulen: Me hadde sak om felles ungdomsskule i vår, og vedtak i mai. Seiste del av vedtaket handla om meir samhandling på tvers av skulane. Vinje SV ynskjer framdrift på dette, og har fått svar frå administrasjonen at det blir jobba med. Likevel ynskjer me å koma med følgande framlegg, for å sjå om det vil bli budsjettkonsekvensar framover:

Framlegg 3 frå Vinje SV: Kommunestyret ber om ei sak med eventuelle budsjettkonsekvensar for nærare samarbeid mellom skulane, samt synleggjering av dei potensielle gevinstane

Address


Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Vinje SV posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Shortcuts

  • Want your organization to be the top-listed Government Service?

Share