Ulla Fyr

Ulla Fyr Ulla Fyr på Haramsøy. Ullafyrets venner, stifta i 2002 tek vare på fyret og fyrområdet. Sjå heimesida www.ullafyr.com for meir informasjon.

Fyret ligg på Kvernholmen ved Haramsøy. Det er mulig å leige fyrvokterboligen og naustet. Boligen har 22 sengeplasser. Haramsøya ligg ytst ute mot havet på Sunnmøre i Vest-Norge. Det går hurtigbåt til Ålesund (ca 40 minutt) til fergjekaia på Austnes. Det går bilferge mellom Austnes - Kjerstad (Løvsøy) og Skjelten (Fastlandet). Mellom Haramsøy og Longva er det ei bru som bind desse to øyane i lag.

Det bur omlag 1400 menneske på øyane i dag.

Øyane har ein utmerka flott natur. Kvernholmen ved Ulla, Haramgardane, Flemsvikane på Longva, og Rønstadhellaren på naboøya Løvsøy er plassar det er vel verdt å oppleve. Det er flatt og fint å sykle på alle tre øyane

Det er óg ein flott opplevelse å gå på fjellet på alle tre øyane. På Haramsøya går det fjellvei frå Ulla og over fjellet til Haram. På Longva er det vei opp på fjellet frå Flem. Desse vegane er av variabel stand, men stort sett farbar med vanleg bil.

Address


HARAMSØY

Telephone

+4790500516

Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Ulla Fyr posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Organization

Send a message to Ulla Fyr:

Shortcuts

  • Want your organization to be the top-listed Government Service?

Share