Ål bibliotek

Ål bibliotek Ål bibliotek Ål bibliotek ligg i hjartet av Ål kulturhus. Biblioteket har vide opningstider, dels med betening og dels utan (sjå Ål bibliotek sine nettsider).

For å låne i sjølvbeteningstid må ein ha med lånekort og pin-kode. Biblioteket har studierom, PCar til utlån og tilgang til gjestenett. Utskrifter og skanning av dokument kan ordnast når det er betening til stades. Aviser og offentlege sakspapir står framme til gjennomsyn. I løpet av året er det ulike utstillingar og arrangement på biblioteket. Arrangement blir annonsert på Facebook og i andre kan

alar.

Ål bibliotek har ei eiga samling litteratur om kunstnaren Rolf Nesch, som budde og arbeidde i Ål i over 20 år. I tillegg har biblioteket ei permanent dokkeutstilling som viser den gamle draktskikken i Ål. Anna Myro har laga og donert denne utstillinga.

Det er berre å glede seg til hausten på Ål bibliotek! 🤩Meir info om desse og andre arrangement utover hausten finn du på...
13/07/2026

Det er berre å glede seg til hausten på Ål bibliotek! 🤩

Meir info om desse og andre arrangement utover hausten finn du på www.hallingdalsbiblioteka.no

Har du ikkje registrert deg til Sommarles enno? Vi hjelper deg gjerne i gang!☀️Bli med, lån med deg ein bunke bøker og h...
06/07/2026

Har du ikkje registrert deg til Sommarles enno? Vi hjelper deg gjerne i gang!☀️

Bli med, lån med deg ein bunke bøker og hent premiar på biblioteket💰

Boksalet på biblioteket er i gang i foajeen på kulturhuset!Her finn de romanar, fagbøker, barne- og ungdomsbøker, tidssk...
24/06/2026

Boksalet på biblioteket er i gang i foajeen på kulturhuset!

Her finn de romanar, fagbøker, barne- og ungdomsbøker, tidsskrift, lydbøker, dvd’ar og diktsamlingar✨ Kr 20 pr. stk.

Vipps eller betal hjå oss i bibliotekskranken🧡
Me fyller på utover sommaren.
God sommar!☀️😎

Har de sett dei flotte Sommarles-premiane vi har i år?☀️Om de vil sjå nærare på premiane, er de sjølvsagt velkomne innom...
22/06/2026

Har de sett dei flotte Sommarles-premiane vi har i år?☀️

Om de vil sjå nærare på premiane, er de sjølvsagt velkomne innom biblioteket. Vi gler oss til å sjå alle leseglade fjes som kjem for å hente premie eller låne bøker hos oss!🌸

Nytt av året er at Sommarles har eigne leseutfordringar som kan løysast gjennom sommaren. No er utfordring nummer 2 opna. Kom innom biblioteket og finn bøker som har ein farge i tittelen!🎨

18/06/2026
Fyll opp Sommarles-barometeret med oss i sommar!🌸Registrer bøkene du les eller lyttar til på Sommarles.no. Der kan du òg...
16/06/2026

Fyll opp Sommarles-barometeret med oss i sommar!🌸

Registrer bøkene du les eller lyttar til på Sommarles.no. Der kan du òg sjå sommarlesfilmen, lese sommarlesforteljinga, løyse oppgåver og få kule trofé!🏆

Kom innom oss for å hente premie på level 10, 20, 30 og 40💥

I går var det avspark for fotball-VM 2026, og det norske landslaget er klare til å herje i Amerika. Me har bøker om både...
12/06/2026

I går var det avspark for fotball-VM 2026, og det norske landslaget er klare til å herje i Amerika. Me har bøker om både fotball og vikingar, så om du vil lese deg opp på temaet mellom kampane, ta turen innom biblioteket ⚽️🇳🇴

Måndag 15. juni heldt me stengt i skranken grunna fagdag for personalet. Du er hjarteleg velkomen til å bruke lokalet so...
09/06/2026

Måndag 15. juni heldt me stengt i skranken grunna fagdag for personalet. Du er hjarteleg velkomen til å bruke lokalet som vanleg.

I dag har vi hatt Sommarles-fest for alle elevane i Ål – og for ein fest det vart!💥Heile 320 elevar og vaksne samla seg ...
03/06/2026

I dag har vi hatt Sommarles-fest for alle elevane i Ål – og for ein fest det vart!💥

Heile 320 elevar og vaksne samla seg i Storesalen på kulturhuset til kick-off saman med Anders Totland, og stemninga var på topp frå første stund!🥳

Anders fylte salen med pianospel medan alle fann plassane sine, før han tok oss med på ei reise gjennom både morosame og pinlege historier frå sitt eige liv. Samtidig gav han oss noko å tenkje på: Kanskje er ikkje alle flaue hendingar eigentleg så flaue likevel – det handlar ofte om samanhengen dei skjer i. Han snakka òg om skilnaden mellom fakta og fiksjon, og om korleis fleire versjonar av den same historia kan vere sanne på kvar sin måte.

Alt dette fletta han saman med formidlinga av bøkene sine, der opplevingar, tankar og hendingar frå eige eller andre sitt liv gav liv til forteljingane.📖

Med masse humor og fantastisk formidlingsevne fekk Anders med seg heile salen. Latteren sat laust, og det var tydeleg at elevane storkoste seg. Det gjorde vi på biblioteket òg. Takk for vitjinga!

No er Sommarles 2026 offisielt i gang, og vi gler oss til ein sommar full av leseglede!☀️ Bøkene til Totland finn de hjå oss på biblioteket!✨

Er du klar? Sommarles er i gang!💥Gå inn på sommarles.no, registrer bøkene du les, og hent kule premiar på biblioteket!🏅A...
01/06/2026

Er du klar? Sommarles er i gang!💥

Gå inn på sommarles.no, registrer bøkene du les, og hent kule premiar på biblioteket!🏅

Alle som går i 1-7. klasse, og førskulebarn som skal byrje på skulen til hausten, kan delta.

Vi gler oss til å sjå dykk på biblioteket i sommar!☀️

Adresse

Kulturhuset, Myren 40
Ål
3570

Åpningstider

Mandag 11:00 - 15:30
Tirsdag 11:00 - 15:30
Onsdag 13:00 - 18:00
Torsdag 11:00 - 15:30

Telefon

+4732085120

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ål bibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ål bibliotek:

Snarveier

Del