Bypakke Ålesund er eit samarbeid mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. 💚 Bypakke Ålesund skal legge til rette for miljøvennleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss, og legge til rette for fotgjengarar og syklistar. Prosjekta våre skal betre framkomsten, redusere reisetida og betre trafikktryggleiken. Bypakken vart vedteken av bystyret i Ålesund og Mør
e og Romsdal fylkesting i juni 2019, og i Stortinget i mai 2021. På denne sida finn du nyttig informasjon frå Bypakke Ålesund. All viktig informasjon frå oss finn du i tillegg alltid på heimesida vår www.bypakkealesund.no.
✏️ Sida blir administrert av kommunikasjonsrådgivarar i Bypakke Ålesund innanfor normal arbeidstid. Du kan forvente å få svar på spørsmål innan to arbeidsdagar. Nokre gongar treng vi hjelp frå fagfolka i prosjekta våre til å svare, og då kan det ta lenger tid. Saker som krev saksbehandling må du melde inn på e-post til [email protected], eller direkte til ein av partane i Bypakke Ålesund. Du finn kontaktinformasjon på nettsida vår.
❗️ Vi forventar at alle vil bidra til å halde ei god tone og vise respekt for kvarandre på denne sida. Vi sett pris på alle saklege kommentarar og innlegg – inkludert konstruktiv kritikk. Det er sjølvsagt heilt greitt å vere ueinig med oss eller kvarandre, eller det politiske vedtaket som ligg bak Bypakke Ålesund. God debatt og ueinigheit høyrer til demokratiet.
❌ Nokre gangar må vi likevel slette innlegg. Vi slettar innlegg som har upassande språk, som angrip person i staden for sak, som kan opplevast som krenkande eller som bryt med norsk lov. Vi slettar også kommentarar med personlege eller sensitive opplysningar, samt spam, verving og reklame. Enkelte innlegg med upassande språk blir stoppa direkte av Facebook. Gjentatte brot på desse retningslinjene kan føre til utestenging frå kommentarfelta våre. Takk for at du bidreg til ein sakleg og trygt kommentarfelt! 😊
Helsing oss i Bypakke Ålesund 💚