16/05/2024
Den siste veka har vore prega av ulike førebuingar til 17.mai på Stokke og Vik.
Veka vart avslutta med tog og sang for 1.-3.kl. Toget stoppa ved Fredheim, og tok også turen oppom barnehagen 🇳🇴
På Vik hadde dei leikar i ekte 17.mai-ånd. Elevane sprang
60 meter og dei deltok i godt, gammaldags potetløp. Dei kasta erteposar, gjennomførte ei løype med sparkesykkel og dei hadde «slå inn spiker-konkurranse».
Med desse bileta frå skuledagen på Stokke og Vik ønskjer vi alle ei riktig fin feiring av nasjonaldagen vår! 🇳🇴🇳🇴