Senior i Ålesund

Senior i Ålesund Aktiviteter og tilbud for seniorer i Ålesund kommune. Klipra seniorsenter : tlf. 408 09 859
Spjelkavik seniorsenter: tlf. 408 09 824 Spørsmål eller kommentarar?

Ja takk! Send oss gjerne spørsmål i ei melding om du lurer på noko. Kan vi ikkje svare vil vi gjere vårt beste for å leie deg i rett retning. For å finne svar på spørsmål sjølv funn du mykje informasjon på nettsidene til kommunen, ofte inkludert aktuelle kontaktpersonar. Husk at det du skriv inne på facebooksida vår kan lesast og brukast av alle. Ver derfor konkret og husk at du aldri må oppgi se

nsitiv informasjon, korkje om deg sjølv eller andre. Hets eller upassande innhald er ikkje akseptert og vil bli sletta frå facebooksida vår. Litt generelle retningslinjer for Ålesund kommune sine facebook-sider:

Å vere usamd med kommunen er naturlegvis heilt ok. Vi heier på saklege kommentarar og innlegg. God debatt og usemje høyrer demokratiet til. Men ein sjeldan gong vert innlegg og kommentarar sletta:

Facebook stansar sjølv innlegg og kommentarar som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk vi har lagt inn i stygt språk-filteret. Vi slettar òg manuelt innlegg som har upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Hatefulle ytringar og annan trolling hemmar den frie demokratiske debatten og gjer at mange opplever sosiale medier og kommentarfelt som utrygge stader. Facebook har 13 års aldersgrense. Kommunens facebookside skal vere ein trygg og god plass å stikke innom åleine, også for barn på 13. Vi sletter innlegg og kommentarar der vi meiner skribenten utleverer seg sjølv eller andre på måtar som bryt med personvern eller teieplikt. Vi vurderer frå gong til gong å slette kommentarar som ikkje har noko med den aktuelle saka å gjere. Innlegg med reklame for kommersielle produkt og tenester blir fjerna. Alt du gjer ope på Facebook kan brukast av andre

Din eigen policy på sosiale medier er like viktig som kommunen sin. Det er viktig at du vernar om dei personlege opplysningane dine og hugsar på personvernforordningen (GDPR). I Facebook sine retningslinjer betyr innstillinga «offentleg», at du gir alle tilgang til og løyve til å bruke den aktuelle informasjonen og knytte han til deg. I Facebook sine personvernerklæring står det «at offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller blir gitt tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API'er eller media mv.» Det vil seie at dei spørsmåla du stiller og det du kommenterer på til dømes på Ålesund kommune sin facebookside, kan lesast og brukast av andre. Vi rår til at du går inn på innstillingar på din profil, i underkategorien Personvern kan du styre tilgang til din konto. Ver og merksam på at mange appar gir tilgang til din konto. Dette kan du og styre i underkategorien Appar.

Òg har du først lagt noko ut på nett, kan det vere umogleg å fjerne det igjen. På Facebook har det vi angrar at vi skreiv ein tendens til å spreie seg uhyggeleg raskt. Med til vår alles policy på sosiale medier høyrer påminninga om å ta pause, særleg når vi er saman med barn eller andre som set mykje meir pris på blikka våre, smila våre og merksemda vår enn eit “liker” og eit lite digitalt blunkefjes. Med venleg helsing oss i kommunen

Klipra seniorsenter uke 32
03/08/2026

Klipra seniorsenter uke 32

SPJELKAVIK SENIORSENTER
03/08/2026

SPJELKAVIK SENIORSENTER

Klipra seniorsenter, meny for uke 31
27/07/2026

Klipra seniorsenter, meny for uke 31

13/07/2026
Spjelkavik Seniorsenter
06/07/2026

Spjelkavik Seniorsenter

Klipra seniorsenter uke 27Minner om at vi har stengt i uke 28 og 29.Ønsker dere alle en god sommer!
28/06/2026

Klipra seniorsenter uke 27
Minner om at vi har stengt i uke 28 og 29.
Ønsker dere alle en god sommer!

Fredag 26.06. tar ‘Klar, ferdig, gå!’ turen til Bjørke og Bakketunet for en siste tur før ferien 😊 Der går vi deler av K...
23/06/2026

Fredag 26.06. tar ‘Klar, ferdig, gå!’ turen til Bjørke og Bakketunet for en siste tur før ferien 😊 Der går vi deler av Kulturminneløypa, før vi får omvisning på Bakketunet 🌼 Se turplakat for mer info.
Obs! Plassene fylles opp, så ikke nøl med å melde deg på! ☺️ Påmelding til 916 45 459 innen torsdag 25.06. kl. 11.

Adresse

Keiser Wilhelmsgt. 11
Ålesund
6003

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Senior i Ålesund legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Senior i Ålesund:

Snarveier

Del