Solnør Gaard

Solnør Gaard Denne vakre embetsmannsgarden frå 1820 har ei rik historie der store namn som Henrik Ibsen og Ivar Aasen har vore ein del av fortida.

Garden er under restaurering og vi vil dele glimt frå arbeidet og historia undervegs.

Vindauga på hovudhuset er tekne ut for restaurering og på innsida går arbeidet sin gong – tak vert måla, og gamle tapeta...
04/03/2026

Vindauga på hovudhuset er tekne ut for restaurering og på innsida går arbeidet sin gong – tak vert måla, og gamle tapetar får sjå dagens lys for fyrste gong på mange år

24/12/2025

Gamal juletradisjon på Solnør 🎄
Å skyte jula inn kl 17 har vore skikk her i generasjonar , for å halde onde ånder og skrømt borte.
I dag har vi teke fram krutet og fører denne gamle tradisjonen vidare.
Ei God Jul ynskjer vi alle, frå Solnør Gaard🌟

03/12/2025

Adventstid på Solnør ✨

Etter Amy låg trea strødd, men med dugnadsinnsats, motorsag og belønning i form av kake og pizza fekk vi rydda opp🌿🍕
15/10/2025

Etter Amy låg trea strødd, men med dugnadsinnsats, motorsag og belønning i form av kake og pizza fekk vi rydda opp🌿🍕

Når originalen ikkje kan bergast, lagar vi ein tvilling🙌🏻
29/09/2025

Når originalen ikkje kan bergast, lagar vi ein tvilling🙌🏻

Fint besøk på Solnør. Tidlegare familie kom tilbake for å sjå att staden dei ein gong kalla heime. Vi bladde i gamle alb...
08/07/2025

Fint besøk på Solnør. Tidlegare familie kom tilbake for å sjå att staden dei ein gong kalla heime. Vi bladde i gamle album, vandra gjennom hus og rom dei ikkje hadde sett på lenge, og minnene vakna til liv.

Rundt bordet vart det servert brennsnut, kaker og gode historier. Latter og varme fylte den gamle embetsmannsgarden frå 1820 – akkurat slik vi likar det.

Tusen takk for besøket – dørene står alltid opne for familie, både gamle og nye ❤️

Ein av krigens unge heltarHelge Qvale (1918–1940) fall i kamp for Noreg, berre 21 år gammal . I dag  er det 85 år sidan ...
17/04/2025

Ein av krigens unge heltar
Helge Qvale (1918–1940) fall i kamp for Noreg, berre 21 år gammal . I dag er det 85 år sidan og vi har sett ned blomster for å heidre hans minne.

Helge voks opp på Solnør, yngst i søskenflokken og med heile livet framfor seg.

Få månader før krigen braut ut, byrja han på Krigsskulen. Då Noreg vart angripe, stilte han til teneste – og gav alt.

Minnesteinen som vart reist på Solnør i 1941 til ære for Helge , står framleis som eit stille vitnemål om tap, mot og håp.
Den minner oss om at fridom krev mot – og at fred må vernast, kvar einaste dag, i ei verd der krig igjen er ein realitet for altfor mange.

På steinen står skrive:
SERSJANT VED MØRE REGIMENT
HELGE QVALE
19.12 1918
FALDT 17.04.1940 I SPISSEN
FOR SIN AVDELING VED
DOMBÅS I KAMPEN FOR NORGE

Vi har børsta støvet av dei gamle tennisracketane i tre, og vekt bana på Solnør til liv att.I ein krok fann vi ein sølvp...
07/04/2025

Vi har børsta støvet av dei gamle tennisracketane i tre, og vekt bana på Solnør til liv att.
I ein krok fann vi ein sølvpokal frå 1932 som vart brukt i familieturneringar på somaren.
Tradisjonar tek aldri heilt slutt – dei ventar berre på å bli funne igjen. 🎾👟

Dette er brudeutstyret på Solnør Gaard. Utruleg vakkert og godt tatt vare på👑Brudekrona er laga i 1770 (Bilde 2 og 3), e...
18/03/2025

Dette er brudeutstyret på Solnør Gaard. Utruleg vakkert og godt tatt vare på👑
Brudekrona er laga i 1770 (Bilde 2 og 3), er i sølv og veg 1.1 kg! Ei slik krone var eit symbolrikt hovudplagg som blei brukt av bruda på bryllaupsdagen. Til krona høyrer det med fullt brudeutstyr. Desse er belte med sølvbeslag (Bilde 9), smykke av sølv med kjede, bringestykke med spegel og sølvbeslag (Bilde 5 og 6). Band som hang ned bakhovudet var festa til krona, desse er flika og laga av silke (Bilde 10), dette var symbol på fruktbarheit. Der er også ei muffe med spegel og sølvbeslag (Bilde 7 og 8). Muffa skulle brukast i kyrkja, slik at bruda kunne dekke hendene sine framfor Gud.

Tidlaus varme frå ei svunnen tid. I hovedhuset er der heile 12 peisar - nesten èin i kvart rom! Peisane på Solnør gaard ...
04/03/2025

Tidlaus varme frå ei svunnen tid. I hovedhuset er der heile 12 peisar - nesten èin i kvart rom! Peisane på Solnør gaard fortel historier om handtverk, tradisjon og herskapelig komfort. Kva for èin er din favoritt? 🔥

Adresse

Solnørvegen 1
Ålesund
6260SKODJE

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Solnør Gaard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del