22/07/2026
22. juli. Vi glemmer aldri. ❤ Med dette diktet av Helge Torvund ønsker vi å minnes ofrene etter terroraksjonen på Utøya i 2011:
SVARET
Då sommaren eksploderte
og juli sine kronblad
brann ned
med bitter røyk
av død,
og asfalten vart rød.
Kva hadde me til svar?
Då barbariet kom
med brutale våpen
til den hjarteforma øya,
til forventninga, til håpet,
og bytta håpet ut med redsel og nød,
og strandsteinen vart rød.
Kva hadde me til svar?
Med sorgsjokkerte hjarte
gjekk me sårbare ut
på våre torg.
Med ei bølgje av roser,
med kjærleikens eld,
vann folket attende byen
ein dirrande, omsorgsfull kveld.
Først når dei døde får namn,
får sorga eit lysande andlet.
Kvardagen blir hard.
Me står att med eit svar:
Nå veit me kva me vil
og kvar me går.
Ei rose er ei rose er eit sår.
Aldri ei bombe i vårt namn.
Aldri eit skot
på ein ungdom som har namn.
La oss aldri gløyme det.
Me vil ikkje ha hemn.
Me vil vinna –
med fred.
Helge Torvund