Ørsta kommune

Ørsta kommune Facebook sida vår er meint som ein ekstra informasjonskanal ut til innbyggjar og publikum.

Ørsta kommune har fått brev frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om regelane for eigenbetaling for tryggleiksalarm. På...
31/07/2026

Ørsta kommune har fått brev frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om regelane for eigenbetaling for tryggleiksalarm. På bakgrunn av dette vil kommunen no gå gjennom alle vedtak der innbyggjarar har betalt eigenandel for tryggleiksalarm.

Målet er å sikre at vedtaka er i tråd med gjeldande regelverk.

Kommunen kan berre krevje eigenbetaling når det finst heimel i lov eller forskrift. Ved vurderinga må kommunen sjå nærare på kva slags hjelp tryggleiksalarmen er knytt til, og om det i den enkelte saka er rettsleg grunnlag for å krevje betaling.

Vi vil derfor gjere individuelle vurderingar av gjeldande vedtak for å sikre at praksisen er i samsvar med regelverket. Dersom gjennomgangen fører til endring i vedtaket ditt, vil du få skriftleg melding frå kommunen.

Meir informasjon på heimesida til kommunen.

Ørsta kommune har fått brev frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om regelane for eigenbetaling for tryggleiksalarm.

Kommunen oppmodar eigarane av avskilta og etterlatne bilar om å fjerne dei frå kommunale parkeringsplassar i sentrum inn...
30/07/2026

Kommunen oppmodar eigarane av avskilta og etterlatne bilar om å fjerne dei frå kommunale parkeringsplassar i sentrum innan 28. august 2026. Elles kan bilane bli melde inn for borttauing. 🚙

Meir informasjon på heimesida til kommunen. 👇

Kommunen oppmodar eigarane av avskilta og etterlatne bilar om å fjerne dei frå kommunale parkeringsplassar i sentrum innan 28. august 2026. Elles kan bilane bli melde inn for borttauing.

Ynskjer du å hjelpe din tenåring med å handtere kvardagslivet sine mange følelsar? Kommunepsykolog Stine Erica Høydalsvi...
20/07/2026

Ynskjer du å hjelpe din tenåring med å handtere kvardagslivet sine mange følelsar? Kommunepsykolog Stine Erica Høydalsvik og familieterapeut Solveig Engelsgjerd-Våge forsetter med foreldrekurs til foreldre med barn i ungdomsskulealder no i haust.

F.v.: Familieterapeut Solveig Engelsgjerd-Våge og kommunepsykolog Stine Erica Høydalsvik.Ynskjer du å hjelpe din tenåring med å handtere kvardagslivet sine mange følelsar? Kommunepsykolog Stine Erica Høydalsvik og familieterapeut Solveig Engelsgjerd-Våge startar opp foreldrekurs til foreldre...

17/07/2026

Vassavstenging på Liadal!
Ørsta kommune, teknisk drift, stengjer vassforsyninga i delar av Liadal, måndag 20. juli, frå om lag kl. 09.00 og fram til kl. 15.00 grunna arbeid på leidningsnettet. Dersom drikkevatnet har farge når det kjem att lat kaldt vatn renne til det er klart. Bruk då tappepunkt nær inntak i huset. Abonnentar som vert råka av vassavstenging får varsel på SMS. Vatnet vert sett på att utan nærare varsel når arbeidet er ferdig.

Kjempespringfrø - det er registrert førekomstar av den framande arten i Ørsta. Frå Høgebrua til fjorden og langs Ørstael...
08/07/2026

Kjempespringfrø - det er registrert førekomstar av den framande arten i Ørsta. Frå Høgebrua til fjorden og langs Ørstaelva

Ørsta kommune, Ørsta Arbeidarparti og Ørsta kyrkje inviterer til 22. juli-markering onsdag 22. juli kl. 11.30 i Lagunepa...
07/07/2026

Ørsta kommune, Ørsta Arbeidarparti og Ørsta kyrkje inviterer til 22. juli-markering onsdag 22. juli kl. 11.30 i Laguneparken.

I år er det 15 år sidan det største terrorangrepet i Noreg i fredstid. Minnesmerket i Laguneparken er ein stad for alle innbyggjarane i kommunen – ein stad for å minnast, reflektere og lære.

Ørsta kommune, Ørsta Arbeidarparti og Ørsta kyrkje inviterer til 22. juli-markering onsdag 22. juli kl. 11.30 i Laguneparken.

Skulehelsetenesta i Ørsta kommune er tilgjengeleg for samtale etter den tragiske hendinga på Grevsneset fredag førre vek...
07/07/2026

Skulehelsetenesta i Ørsta kommune er tilgjengeleg for samtale etter den tragiske hendinga på Grevsneset fredag førre veke. Dersom du har behov og ønsker samtale, ta kontakt på telefon 47 70 16 55. Telefontid mellom kl.09-15.
Helsestasjonen i Ørsta er open mellom klokka 09-15 kvar dag i sommar. Helsestasjon for ungdom er open for drop in på onsdagar 14.30 - 16.
Varm helsing frå helsestasjonen i Ørsta kommune

Formannskapet vedtok 9. juni 2026 å legge ut forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel ut til høyring og offentleg etter...
26/06/2026

Formannskapet vedtok 9. juni 2026 å legge ut forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel ut til høyring og offentleg ettersyn.
I høyringsperioden kan alle sende inn innspel – både innbyggjarar, lag og organisasjonar og næringsliv.

Korleis ønskjer vi at Ørsta skal utvikle seg i åra som kjem? No kan du vere med og påverke.

Les informasjonsskrivet for sommaren 2026 frå landbrukskontoret for Ørsta og Volda kommunar.🐑
26/06/2026

Les informasjonsskrivet for sommaren 2026 frå landbrukskontoret for Ørsta og Volda kommunar.🐑

Les informasjonsskrivet for sommaren 2026 frå landbrukskontoret for Ørsta og Volda kommunar.

Adresse

Dalevegen 6
Ørsta
6153

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4770049700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ørsta kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ørsta kommune:

Snarveier

Del