03/02/2026
📚 Vi gir bort bøker, lydbøker og filmar! 🎬
I samband med planlagd flytting av biblioteket seinare i år, gir vi no bort ein del bøker, lydbøker og filmar – for både vaksne og barn. Vi håpar mange av dei kan få ei ny heim hos deg eller nokon du kjenner 💛
👉 I vindfanget finn du gamle barnebøker som har stått på kjellermagasinet vårt.
👉 Ved inngangen står lydbøker og ein del filmar.
Obs! Lydbøkene på den andre sida av same reolen er framleis eigde av biblioteket og til utlån.
👉 På bordet ved romanane for vaksne finn du eit (førebels lite) utval skjønnlitteratur for vaksne.
👉 Lenger inn i biblioteket, i kroken der fantasybøkene står til utlån, har vi eigne vi-gir-bort-reolar med diktbøker og faktabøker for vaksne.
✨ Kom innom, sjå – og ta med deg det du vil!
📣 Del gjerne innlegget vidare!
🔄 Utvalet blir fornya kvar veke.
Det som ikkje blir teke, vil bli kasta. Det kan verke brutalt, men vi har dessverre ikkje høve til å ta med oss alt vidare inn i framtida.
📚 Bøkene som blir kasserte, finst likevel på Depotbiblioteket og kan lånast inn derifrå gjennom fjernlån.🚐🚐