Utladalen nasjonalparksenter

Utladalen nasjonalparksenter Velkommen til Utladalen nasjonalparksenter. Me har utstilling og ein liten kafe/butikk som er ope kvar dag i sesongen 1. juni - 31.

august kl. 11 - 17.30 og i alle helgane i mai og september. Utladalen Naturhus kan leigast for møter, seminar, festlege samkomer eller anna...
Stiftinga Utladalen Naturhus vart etablert i mars i 1997, av Hydro Aluminium, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Årdal Kommune. Føremålet er å drive informasjonstenester for Utladalen Landskapsvernområde og Jotunheimen National Park. Det er Naturhuset som

organiserer skjøtselsarbeidet i Heimre Utladalen, slik at kulturlandskapet framstår mest mogeleg som då det var gardsdrift i dalen.

21/07/2026

🤩🤩

Me minner om FAMILIESHOWET «Reddharer» med Naturveilederen i dag kl. 15 på nasjonalparksenteret i Utladalen (Skåri)!🤩🤩
18/07/2026

Me minner om FAMILIESHOWET «Reddharer» med Naturveilederen i dag kl. 15 på nasjonalparksenteret i Utladalen (Skåri)!🤩🤩

17/07/2026

Ta med ungar, barnebarn, venner og andre bekjende til Familieshow ved nasjonalparksenteret i morgon 🤩🤩 Resten av programmet til Slingsbydagane finn du her: https://klingenberghotel.no/slingsbydagane-2026/

Visit Årdal Klingenberg Resort

17/07/2026
Me har fått melding om at brua over Maradøla er vekke….! Det betyr at om du skal du gå strekninga Vormeli - brua over Ut...
17/07/2026

Me har fått melding om at brua over Maradøla er vekke….! Det betyr at om du skal du gå strekninga Vormeli - brua over Utla nedsraums Vormeli eller mot Kyrkjestigen, så må du vera førebudd på å vade ei til tider stor elv. Elva er stort sett mogleg å vade, men kan i periodar vera stri og stor.

Me informerer når ny bru er på plass, men dette kan ta noko tid 👍

FAMILIESHOW og GUIDA FAMILIETURAR 🤩🤩Knytt til Slingsbydagane til helga har me program hjå oss LAURDAG 18.07.26 for barne...
16/07/2026

FAMILIESHOW og GUIDA FAMILIETURAR 🤩🤩

Knytt til Slingsbydagane til helga har me program hjå oss LAURDAG 18.07.26 for barnefamiliar spesielt, men og alle andre som er interessert! Aktivitetane er gratis 🥰

❗️Kl. 09:30: ⛰️ 3 ulike guida turar med lokale guidar som er lommekjende i Utladalen:
☀️Skåri - Avdalsskåri - Avdalen - naturstien om Furuhaugen (for dei som vil) - stølsvegen til Avdalsfossen - Skåri. Turen har luftige parti, og det er behov for godt skotøy. Turen passar ikkje for dei minste borna.
☀️☀️ Skåri - Avdalsfossen - Avdalen - (retur via naturstien Furuhaugen for dei som vil) - Avdalsfossen - Skåri. Turen passar for alle.
☀️☀️☀️ Skåri - Vetti gard - Vettisfossen (kan velje om de vil opp på utsiktspunktet). Turen passar for alle. Om ein skal opp til utsiktspunktet tek turen om lag 4,5-5 t.

Ingen påmelding, møt opp ved nasjonalparksenteret kl. 09:30 om de vil vera med!🤩

❗️❗️ Kl. 15:00 : FAMILIESHOWET «Reddhare»
utanfor nasjonalparksenteret! kjem tilbake til oss og held nytt lærerikt naturshow for born og vaksne 🤩 Sist han hadde familieshow hjå oss, fenga han eit stort publikum med eit engasjerande og lærerikt familieshow, og han kjem no tilbake med nytt show og nytt tema 🤩🤩

❗️❗️❗️ Om det er nokon som vil overnatte i telt i Skåri denne helga, så opnar me for dette på vår Basecamp Utladalen utanfor nasjonalparksenteret⛰️🏕️ Kr. 250, tilgang på dusj, toalett og straum (ikkje bubilar/campingbilar). Bestill plass ved å sende e-post til [email protected]👍

I helga har me sal av dei beste morellene frå Jordeplegarden og andre lokalproduserte varer, og me har ekstra utval i kafeen 🧇☕️🍩

Ta med ungar, barneborn, naboungar og venner - og nyt dagen i vakre Utladalen😍⛰️

Heile programmet til Slingsbydagane kan du lese her:

https://klingenberghotel.no/slingsbydagane-2026/

Klingenberg Resort Visit Årdal

Dette må de få med dykk!🤩🤩 Det er og mange moglegheiter til overnatting, så her ligg alt til rette for ein inspirerande ...
13/07/2026

Dette må de få med dykk!🤩🤩 Det er og mange moglegheiter til overnatting, så her ligg alt til rette for ein inspirerande og flott helg for tur- og fjellfolket! ⛰️🧗‍♀️🏕️
Me lagar til basecamp for teltarar utanfor nasjonalparksenteret, og det blir guida turar for både barnefamiliar og tindeklatrarar i Utladalen og omegn🤩 Naturveilederen held familieshow laurdagen hjå oss, kafeane er opne både i Skåri, Vetti og i Avdalen, og det blir utsal av lokalproduserte varer (me får og bær frå Lærdal til helga🤩).

Sjå heile det flotte programmet for Slingsbydagane her:

https://klingenberghotel.no/slingsbydagane-2026/

Klart du må bli med!🤩⛰️🏕️🧗‍♀️

⛰️ Billettane til jubileumskvelden under Slingsbydagane 2026 er no ute!

Laurdag kl. 18:00 inviterer me til eit inspirerande foredrag med Cecilie Skog på Strondi Restaurant. Gjennom eit knapt timelangt innlegg deler ho historier frå eit liv fylt med ekspedisjonar, utfordringar og store naturopplevingar.

Etter foredraget held me fram med jubileumsmiddag for dei som ønskjer å vere med vidare på feiringa.

🎟️ Du kan kjøpe billett til berre foredraget, eller kombinere det med jubileumsmiddagen. Billettane er no tilgjengelege på Checkin: https://event.checkin.no/220754/slingsbydagane-cecilie-skog-festkveld-med-3-retters-og-underhaldning

I år er me så heldige som får vere med og hjelpe dagleg leiar Mats Lindborg litt med drifta av denne flotte fjellgarden,...
11/07/2026

I år er me så heldige som får vere med og hjelpe dagleg leiar Mats Lindborg litt med drifta av denne flotte fjellgarden, og fleire av våre sesongarbeidarar får bu på Avdal Gard heile sesongen 🤩⛰️ Ein fin moglegheit for sesongarbeidarane våre til å bli enno betre kjend med Utladalen, fjella og dei besøkande 🤩

– Eg finn på mykje «løge», skjønar du!

Adresse

Utladalsvegen 679
Øvre Årdal
6884

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Utladalen nasjonalparksenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Utladalen nasjonalparksenter:

Snarveier

Del