Hardangerbadet

Hardangerbadet Hardangerbadet er eit familievennleg badeanlegg lokalisert midt i Hardanger. Velkommen til oss!

🌧️ Regnet ser ikkje ut til å ta pause med det fyrste...Då vil me gjera det litt enklare å finna på noko kjekt! 💙Frå og m...
05/08/2026

🌧️ Regnet ser ikkje ut til å ta pause med det fyrste...

Då vil me gjera det litt enklare å finna på noko kjekt! 💙

Frå og med 6.august får du 20 % rabatt på alle våre klippekort for bading. Enten du vil symja, leika med familien eller berre nyta nokre timar i varmt vatn, er Hardangerbadet den perfekte plassen når regnet bøttar ned.

🏊 20 % rabatt på alle klippekort
📅 Tilbodet gjeld til og med 16. august
🗓️ Klippekortet er gyldig i 12 månader frå kjøpsdato

Kom innom og sikre deg tilbodet – me gler oss til å sjå deg!

☀️JOBB I HARDANGERBADET☀️ Hardangerbadet treng fleire badevertar i fast helgestilling som også har anledning å vera tilg...
04/08/2026

☀️JOBB I HARDANGERBADET☀️

Hardangerbadet treng fleire badevertar i fast helgestilling som også har anledning å vera tilgjengeleg som tilkallingsvikarar ved behov.

Er du fysisk aktiv, serviceinnstilt og opptatt av tryggleik?
Då kan dette vera jobben for deg🤩

Hos oss handlar kvardagen om:
✅tryggleik og tilsyn i bassengområdet ✅service og vertskap for gjestane våre ✅reinhald og orden i anlegget
✅bidra til eit positivt og trygt miljø for alle som besøker badet

Me ser etter deg som:
✅har fylt 18 år
✅har eit godt blikk og er opptatt av sikkerheit
✅likar å jobba med menneske
✅er fysisk aktiv og trivst i eit hektisk miljø ✅ønskjer å bidra på alle plan i drifta

Viktig informasjon: Alle søkjarar må bestå test i basseng for å bli kalla inn til intervju. Du bør ha anledning til å kunne stilla på kort varsel/ta ledige vakter ved behov i anlegget.

Vil du bli ein del av teamet vårt?

Send søknad og CV til Hardangerbadet på e-post til [email protected] Me gler oss til å høyra frå deg!

🐾 PAW Patrol-fans – sjå her! 🐾Kjøp eit PAW Patrol-produkt hjå Hardangerbadet, og bli med i trekninga av 2 kinobillettar ...
30/07/2026

🐾 PAW Patrol-fans – sjå her! 🐾

Kjøp eit PAW Patrol-produkt hjå Hardangerbadet, og bli med i trekninga av 2 kinobillettar til PAW Patrol: Dinofilmen! 🎬

🏆 Premie:
🎟️ 2 kinobillettar (1 vaksen + 1 barn)

📍 Kvam Kino v/Kvam VGS
📅 16. august
🕠 Kl. 17:30

📝 Fyll ut ein deltakarlapp når du handlar.

📅 Vinnaren vert trekt fredag 14. august kl. 12:00, og blir kontakta direkte.

Lukke til – kanskje er det du som tek med deg ein liten PAW Patrol-fan på kino! 🐶🍿💙

29/07/2026

🌧️ GLADMELDING!🤩

Vêrmeldinga lovar mykje regn i morgon, så me gjer det enkelt å finna på noko kjekt! 💦
Me held Hardangerbadet ope heilt til kl. 17:00 i morgon, torsdag.

Ta med familie eller venner og nyt ein dag med:
💦 Sklier
🧗‍♀️Klatrevegg
🏊 Varme basseng
🔥 Badstove
👨‍👩‍👧‍👦 Hygge for heile familien
🕖 Opningstid: 07:00–17:00
Me håper mange tek turen innom!

💙 Me sjåast i badet!

Hardangerbadet er eit familievennleg badeanlegg lokalisert midt i Hardanger. Velkommen til oss!

27/07/2026

🤩VINNARANE AV T-SKJORTE & BADEBILLETTAR ER TRUKKET🤩
Premien kan hentast i Hardangerbadet i våre opningstider🥰
Gratulera til vinnarane❤️

23/07/2026

BADSTOVA ER KLAR🤩😍👏

♨️ NYE BENKER – NYE REGLAR I BADSTOVA! ♨️Badstova vår har fått flotte nye benker, og for å ta vare på dei – og samtidig ...
23/07/2026

♨️ NYE BENKER – NYE REGLAR I BADSTOVA! ♨️

Badstova vår har fått flotte nye benker, og for å ta vare på dei – og samtidig sikre god hygiene og ei best mogleg oppleving for alle – har vi oppdatert reglane.

🧖 Det viktigaste som er nytt:
Alle skal sitje på eit handkle. Handkleet skal liggje mellom kroppen og benken.
👉 Ta gjerne med ditt eige handkle.
👉 Har du ikkje med? Då kan du kjøpe eit av våre nye, flotte Hardangerbadet-badstovehandkle med logo i resepsjonen.

Ta gjerne ein kikk på plakaten neste gong du besøker badstova. Små omsyn frå kvar enkelt gjer ei stor forskjell for alle. 💙

Vi ønskjer deg ei varm og avslappande oppleving i Hardangerbadet! ♨️

22/07/2026

🤩PROSJEKT BADSTOVE🤩

🔨 BADSTOVA ER MELLOMBELS STENGTBadstova i Hardangerbadet vil vere stengt onsdag og torsdag grunna montering av nye benke...
21/07/2026

🔨 BADSTOVA ER MELLOMBELS STENGT

Badstova i Hardangerbadet vil vere stengt onsdag og torsdag grunna montering av nye benker.

Me gler oss til å ønskje dykk velkomne tilbake til ei oppgradert badstove med nye og flotte benker!

Takk for forståinga, og velkomen tilbake når badstova opnar att. ♨️

Adresse

Hardangerfjordvegen 615
Øystese
5610

Åpningstider

Mandag 10:00 - 17:00
Tirsdag 10:00 - 17:00
Onsdag 10:00 - 17:00
Torsdag 07:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 17:00
Lørdag 10:00 - 17:00
Søndag 10:00 - 17:00

Telefon

+4790506436

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hardangerbadet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hardangerbadet:

Snarveier

Del