27/08/2025
Fritt ord til Hf.
MDG vil ta dei tøffe politiske vala for miljø, klima og natur
Stortingsvalet er tida for å heva blikket og setja kurs for utviklinga dei komande tiåra. Me treng politikk for å ta vare på miljø, klima og natur og sikre gode, menneskevennlege samfunn. Det er avgjerande for å motarbeida naturkatastrofar, ressursmangel, sosial uro, konfliktar og elende.
Mange av løysingane finst og det trengst tøffe politiske val. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) står fremst i denne omstillingspolitikken lokalt, nasjonalt og internasjonalt. FN sine klimamål bygger på faktakunnskap, og det er også grunnlaget for MDG sin politikk.
MDG har eit mangfald av løysingar der hovudmålet er å redusera klimautsleppa og bruka energien smartare. Dei Grøne støttar ikkje elektrifisering av sokkelen med elektrisitet frå land. Det er grønvasking av oljenæringa og tek ressursar vekk frå innovasjon og utvikling av smartare bruk innan industri og transport.
Som det einaste partiet har MDG ein plan for utfasing av olje- og gassproduksjonen i Norge. Sjølv om Europa er avhengig av norsk gass i dag, arbeider heile EU med å fasa ut fossil energi. Ein slik utfasingsplan vil også gje store gevinstar for Noreg, då det vil gi både auka tempo i energiomstillinga i Norge og Europa, og frigjera ressursar til verdiskaping utan utslepp i Noreg.
Me har lært at norsk sokkel har «reinaste olja i verda». Det stemmer ikkje. Mange av felta har no ein høgare utsleppsintensitet enn gjennomsnittet i verda. Dei felta som ureinar mest produserer fyrst og fremst olje, og er dei som må stengjast fyrst. Dei felta som i dag leverer gass til Europa kan driftast noko lengre for å bidra til tryggleik i Europa på kort sikt og omstilling på lengre sikt.
MDG ynskjer eit samfunn der auka effektivitet og velstand gjev oss meir eigentid og betre livskvalitet for den enkelte, og ikkje stadig auka forbruk. Naturen sine tolegrenser må få sette rammene for menneskeleg aktivitet. Me kan ikkje sjå på at naturen vår vert borte bit for bit. MDG vil ikkje sløsa pengar og natur på store motorvegar. Me seier nei til Hordfast, og vil prioritere kollektivløysingar i heile fylket. Hyttebygging utafor område som alt er tekne i bruk er ikkje lengre aktuelt. Fjordane må reddast og dei vil på ny verta ei viktig kjelde for lokalt fiske. Oppdrettsnæringa må ha mykje strengare krav til miljø, utslepp og dyrevelferd.
Harald Sverdrup sitt dikt «Stemmeseddel» er skrive for meir enn 40 år sidan men framleis ei poengtert påminning om kva politikk verkeleg handlar om. Her kjem fyrste og siste vers av diktet:
«Stemmeseddel
Stem på havet,
stem på vinden som styrer bølgene og former skyene,
stem på havets plankton og hvalens kjærlighetskonserter,
stem på skrei, sild, sei og lodde.
Stem på dem som lever her om hundre år,
stem på din sønnesønns gråt,
stem på din datterdatters første smil.
Stem på dem som aldri får fred
før verden blir en munnfull fredeligere.
Stem på brannvesenet som prøver, med et sukk,
å slukke helvete.»