16/10/2025
Hei🤗 I dag har me hatt ein veldig kjekk og lærerik ettermiddag hos Aasen shipping.
Det heile starta i 1981 når Hans Martin Torkelsen etablerte Aasen shipping, i dag er det blitt ei familiebedrift med fleire segment. Det er helst EU krav innan shipping dei blir ramma av økonomisk, pga klima og det grønne skiftet. Dei blir straffa for storleiken på dei nyaste skipa, sjølv om dei forurensar mindre.
Ellers syns dei at Moster er ein fin stad å bu, der ein har det bra.
Det var Tove Elin, Steinar og Anne som fekk møte Hans Martin Torkelsen og Ole Martin Torkelsen. Me fekk omvisning i det flotte bygget deira på sjøkanten med nydelig utsikt til innseilinga i Mosterhamn ( Hav’n for oss Mostringar)
Takk for at me fekk komma på besøk og gode innspel som me tek med oss vidare🤩💪🏼
Dei som er på Bildet fra Venstre. Steinar Steinsund, Sten Skimmeland, Knut Hamre, Fredrik T Torkelsen, Geir Lygre, og Hans Martin Torkelsen.
Skipet i bakgrunn er M/S Aasland, den første Hans Martin kjøpte.