Vestland KrF

Vestland KrF Vestland Kristeleg Folkeparti byggjer politikken på dei kristne verdiane og det kristne menneskesynet.

KrF set menneskeverdet, forvaltaransvaret og nestekjærleiksbodet i sentrum for all politikkutforming.

Vestland KrF er i gang med arbeidet med nytt program fram mot fylkesårsmøtet og fylkestingsvalet i 2027 – og vi ønskjer ...
02/07/2026

Vestland KrF er i gang med arbeidet med nytt program fram mot fylkesårsmøtet og fylkestingsvalet i 2027 – og vi ønskjer dine innspel!

Har du tankar om skule, samferdsle, næringsliv, kultur, miljø eller andre område fylkeskommunen har ansvar for? Då håpar vi du vil deleHar du tankar om skule, samferdsle, næringsliv, kultur, miljø eller andre område fylkeskommunen har ansvar for? Då håpar vi du vil dele dei med oss.
📝 Innspela kan vere både overordna og konkrete
💡 Det er låg terskel for å delta – du treng berre fylle ut det du har meining om
👉 Du treng ikkje svare på alt
Alle innspel er verdifulle og vil vere med og forme politikken vår for Vestland framover.

https://krf.no/nyheter/vil-ha-innspill-til-krf-programmet-i-vestland-inviterer-innbyggjarane-til-a-seie-si-meining/

25/06/2026

Engasjer deg – ver med og påverke!
Demokratiet vårt treng folk som bryr seg. Folk som har meiningar, som ser moglegheiter, og som vil vere med og gjere lokalsamfunnet endå betre.

Politikk handlar ikkje berre om dei som står fremst – det handlar om alle oss andre som ønskjer ei god framtid for barna våre, sterke lokalsamfunn og trygge rammer å leve i.

👉 Kanskje har du tankar om kva som bør bli betre?
👉 Kanskje brenn du for skule, eldreomsorg, næringsliv eller frivillig arbeid?

Då trengst di røyst.
Å engasjere seg i politikken er å seie: Dette vil eg vere med på å forme. Det kan vere så enkelt som å stille på ei liste, delta i eit møte – eller berre ta det første steget.
Kanskje er det nettopp du som kan gjere ein skilnad?
Meld di interesse til ditt lokallag på krf.no/vestland

19/06/2026

Tidleg nominert – klar for ein ny runde!
KrF-ordførar Morten Helland på Bømlo er allereie tidleg nominert, og stiller seg viljug til å ta ein ny periode – om veljarane vil.

Med erfaring, engasjement og eit sterkt hjarte for lokalsamfunnet ønskjer han å byggje vidare på det gode arbeidet som er gjort, og halde fram med å utvikle Bømlo i ei trygg og god retning.

👉 No startar arbeidet fram mot valet – og du kan vere med og forme framtida
👉 Kanskje du vil stå på lista i din kommune?

KrF vil gjere det lettare å kombinere jobb og familieliv 💛I arbeidet med ny livsfasepolitikk i Vestland fylkeskommune to...
18/06/2026

KrF vil gjere det lettare å kombinere jobb og familieliv 💛
I arbeidet med ny livsfasepolitikk i Vestland fylkeskommune tok KrF initiativ til konkrete tiltak som kan hjelpe småbarnsforeldre – som meir fleksibel arbeidstid, ekstra omsorgsdagar og moglegheit for redusert stilling med lønskompensasjon.
Sjølv om saka vart utsett, fekk KrF gjennomslag for at desse tiltaka no skal vurderast vidare. Det er viktig for både familiane, arbeidslivet og samfunnet: Mindre sjukefråvær, betre likestilling og eit arbeidsliv som fungerer i alle livsfasar.

👉 KrF meiner eit familievenleg arbeidsliv er god politikk – for alle.

Adresse

Bergen

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vestland KrF legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vestland KrF:

Snarveier

Del