17/07/2026
𝗦𝗼𝗺𝗺𝗮𝗿𝗯𝗿𝗲𝘃 𝗳𝗿𝗮̊ 𝗝𝗼𝗵𝗮𝗻 𝗛𝗷𝗼𝗿𝘁
Johan Hjort er på sildetokt i Nordsjøen. Nordsjøen har vist seg frå den stille sida – med unntak av ein sommarstorm der messestolar flaug omkring. Skuffer og benkar vart rydda for alt inventar som ikkje var sveisa fast. Då var ei natt i Egersund god å ty til for både nattesøvn og opprydding.
Om skodda lettar, vinden er gunstig og måsen ikkje drit deg i hovudet, så kan ein oppleva å bli treft av ein solstråle. Sist fenomenet inntrefte, gjekk det ikkje lenge før stuerten fekk spørsmål om der var solkrem å få kjøpt. Men det gjekk av seg med skrekken, berre eit par kne som vart litt svidde. Dei knea hadde nok ikkje sett sola på ei stund.
Sildefangstane har minka proporsjonalt med at toktdeltakarane sin strikkeproduksjon har auka. Utgiftene til strikkegarn er snart på høgd med bunkersen, men sal av heimespøt kan nok bidra til å dekke utgiftene.
Vi sender nokre eksemplar til Dubai, der ein influensar står klar til å framsnakke varene.
No har toktleiaren byrja å hekle bøttehattar med norskeflagg etter innfallsmetoden. Det liknar meir på lampeskjermar enn bøttehattar. Du skal i alle fall være tjukk i hovudet.
VM-feber er det her også. Mest feber sidan TV-antenna berre toler ei halv grad helling før biletet frys, hakkar og går i svart. Alltid spennande å sjå kva stillinga er når det kjem tilbake.
Instrumentsjefen meinte antenna var nedsota så ho vart nedvaska, gnikka på og godsnakka med utan at det hjelpte. Men instrumentavdelinga fann ei naudløysing og strøymer no dei viktigaste kampane for oss, slik at me også kan være med å ro.
Av meir dramatiske nyheiter, opplevde vi overfløyming i saunaen. Avløpet rennesteinen i skutesida var tett, og vatnet fann seg ein hemmeleg veg inn i saunaen. Og slik gjekk det til at vi hadde meir eit slags Hammam spa, før vi fekk staka opp avløpet.
Matrosane driv på med rustpikking, maling og livsforlengjande behandling for vår trufaste Johan Hjort. Når fartøyet ein dag blir fasa ut, står KI klar til å ta over tokta. Der får du alltid svar på det du spør om – som regel det svaret du ynskjer også.
Dette sommarbrevet er forresten ikkje KI-generert. All verdas algoritmar og prosessorkraft kan ikkje framskaffa dei absurditetane som kvardagen på eit HI-fartøy byr på.
God sommar frå kaptein Hans S. Troland og resten av mannskapet på "Johan Hjort".