Vestland Sosialistisk Ungdom

Vestland Sosialistisk Ungdom Vestland Sosialistisk Ungdom er fylkeslaget til Sosialistisk Ungdom i Vestland fylkeskommune (Sogn og Fjordane + Hordaland). Følg med her for updates!

Vestland Sosialistisk Ungdom kjempar for antirasisme, likestilling, miljø og ei sosialistisk verd. Vil du vera med oss i kampen? Send sms "SUMEDLEM, navn, adresse, fødselsdato" til 2030 eller gå inn på https://www.su.no/bli-medlem

Vestland Sosialistisk Ungdom består i dag av fire lokallag:
Bergen SU
Gloppen SU
Sogndal SU
Stord SU

Ta gjerne kontakt med lokallaget ditt for å høyre om det skjer no

ko aktivitet! Har du ikkje lokallag i ditt nærområde, eller veit du ikkje korleis du skal kontakte dei? Send oss ein mail på [email protected]

Styret består i dag av:
Leiar: Hlin-Såga Kyrkjeøy
1. nestleiar: Rasmus Tennø Loe
2. nestleiar: Inger Christin Hystad Barane
Fylkessekretær: Bjørn-Sigurd Sælevik Fjose
Landsstyrerepresentantar: Tea Volle, Karina Gullberg-Vinje

Denne veka er vi på sommarleir!❤️💚🌞
28/07/2022

Denne veka er vi på sommarleir!❤️💚🌞

Simran, nestleiar i Bergen Sosialistisk Ungdom med eit godt og viktig innlegg i BT!
14/05/2022

Simran, nestleiar i Bergen Sosialistisk Ungdom med eit godt og viktig innlegg i BT!

(Åpen for alle lesere) «Når ble det teit å engasjere seg?»

God 1. mai, kameratar!🚩I dag har vi vore rundt i heile fylket: Vi har delteke i 1. mai-tog, halde appellar, delteke på f...
01/05/2022

God 1. mai, kameratar!🚩

I dag har vi vore rundt i heile fylket: Vi har delteke i 1. mai-tog, halde appellar, delteke på flaggaksjonar med LO og kjempa for rettferd og solidaritet.

Framleis får ikkje alle fullføre utdanningen sin: Mange yrkesfagelevar står utan læreplass, og det i ei tid kor arbeidsmarknaden skrik etter fagarbeidarar.

Mange slit med å kome inn på boligmarknaden. Prisane er skyhøge, og medan nokre bolighaiar tener seg styrtrike på bolig, er det mange som står utan eit så grunnleggande gode.

Krig pregar verda. Ukrainarar har flykta frå heimlandet sitt, blitt sendt i krig, og mange har blitt drepne. Vi fordømmer krigshandlingane til Russland.

Vi krever respekt for yrkesfag. Vi krever ein boligmarknad som gjev folk ein stad å bu. Vi krever solidaritet og ein human og verdig behandling av flyktningar, verda over.

God kampdag, kameratar!💪

Adresse

Sankt Jakobs Plass 9
Bergen
5008

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vestland Sosialistisk Ungdom legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vestland Sosialistisk Ungdom:

Snarveier

Del