20/05/2021
Deltidsjobb som studentassistent ved FHS
Ønskjer du deltidsjobb som studentassistent ved Fakultet for helse- og sosialvitskap? Ordninga med studentassisterte studiegrupper vert vidareført for komande studieår, 2021 - 2022. For å styrke arbeidet med kvalitet i utdanninga og sikre godt læringsutbyte, læringsmiljø og studieprogresjon, ynskjer høgskulen at alle studentar skal få tilbod om delta i ei studentgruppe leia av ein studentassistent. Stillingane som studentassistentar er no utlyste og gir dykk studentar eit godt høve til å kombinere faglege interesser med inntektsgivande arbeid.
SØKNADSFRIST: 1. juni, 2021. www.hvl.no/om/organisering/fhs/onskjer-du-deltidsjobb-som-studentassistent/
Ønskjer du deltidsjobb som studentassistent ved Fakultet for helse- og sosialvitskap?