26/11/2025
Gratulerer Ava med e-sportstipend, sammen fjorårets vinner Jasmin. Begge fra Katten
Gratulerer Ava Alexandra Ngo – med årets e-sportstipend frå Vestland fylkeskommune! 🎮🕹️
Ava Alexandra sjekkar av dei fleste boksane for å få stipendet ✅
Ho er knytt til eit seriøst miljø/klubb, har ambisjonar og er aktiv innan Valorant, som er eit spel i vekst i dei profesjonelle e-sportmiljøa. Det er eit veldig godt "klubbspel", der spelarane samlast fysisk og spelar og trenar saman.
Utviklingsstipendet for e-sport er på 40 000 kr og blir delt ut årleg. Det skal gå til ein utøvar mellom 16 og 25 år, som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan e-sport. Stipendet skal medverke til vidareutvikling og motivere til vidare satsing.
Årets vinnar vil hjelpe fleire kvinner og jenter inn i e-sport, noko som er eit viktig mål. Ava Alexandra er seriøs, har langsiktige målsettingar og viktige verdiar i botn 💪
Ava Alexandra representerer e-sportklubben Neverland Esports i Åsane.
F.v. på bildet: Ava Alexandra Ngo, årets vinnar; Kaya Stæger-Breisnes, fylkestingsmedlem og medlem av hovudutval for kultur, idrett og inkludering; Jasmin Andersen, vinnar av fjorårets e-sportstipend.
Foto: Hanne Espe/Vestland fylkeskommune