Bygland kommune

Bygland kommune Bygland kommune ligg ved vakre Byglandsfjorden i Setesdal. Kommunen har 1156 innbyggarar.

I saman jobbar me for ei god og trygg framtid for store og små i Bygland. Me har godt samarbeid, ei stor dugnadsånd, sterke bånd til naturen og eit varmt smil. Instagram: Fleire inntrykk frå kvardagen og kulturen i Bygland får du viss du følgjer oss på Instagram

Byglandsnytt august 2026 🌻Grunna tekniske problem med produksjonsprogramvaren og KI-supporten til IT-selskapet bak,  var...
05/08/2026

Byglandsnytt august 2026 🌻
Grunna tekniske problem med produksjonsprogramvaren og KI-supporten til IT-selskapet bak, vart Byglandsnytt august 2026 forsinka, men ligg no ut på Facebook, heimesida og kjem til matbutikkane i kommunen, til biblioteket, turistkontoret, Byglandsheimen og Byglandsnytt-postkassa i Grendi i løpet av ettermiddagen.
Også er me takknamlege at vi har levande folk sitjande ved Sentralbordet og i Bygland kommune elles, som tek imot både telefon og innbyggjarar med eit smil - og ikkje KI-genererte chat-bots og avatarer.
Med venleg helsing
Bygland kommune. Med hjarta i Bygland - og livslevande ansatte 😄

Korleis får du nye søppelposar?I veke 32 er det ein ny sjanse for å få nye returplastsekkar eller matavfallposar.Ønskjer...
03/08/2026

Korleis får du nye søppelposar?
I veke 32 er det ein ny sjanse for å få nye returplastsekkar eller matavfallposar.

Ønskjer du nye matavfallsposar eller sekkar for returplast?

Hugs å knytte ein slik pose/sekk på dunken ved neste tømminga.

Sjåførane til Setesdal Miljø & Gjenvinning legger da igjen ei ny pakke til deg, med mindre søppelbilen er tomme for nye poser/sekker.

Tøming i august:
- Papir og plast: tysdag 4. august
- Matavfall og Glas/Metall: torsdag 6. august
- Restavfall og Matavfall: torsdag 20. august

I tillegg får du nye posar og sekkar i Nesmoen gjenvinningsstasjon sine opningstider:
2. onsdag i månade kl. 14.00-18.00
og 4. laurdag i månaden kl. 10.00 - 13.00

Posar og sekkar er gratis.

KVA SKJER i Bygland veke 32/2026 (03.-09.08.2026) Dagleg openo kl. 10.00 – 16.00 Bygland museum. Guiding på norsk, engel...
03/08/2026

KVA SKJER i Bygland veke 32/2026 (03.-09.08.2026)
Dagleg open
o kl. 10.00 – 16.00 Bygland museum. Guiding på norsk, engelsk, delvis på tysk (veke 32)
o kl. 11.00 -17.00 Landeskogen kunstsanatorium i Grendi. Open kunstutstilling: Over Heia
o kl. 11.00 -17.00 Stoga café og Bygland turistkontor, Presteneset, Bygland

• onsdag 05.08.
o kl. 12.00 -16.00 Byglandsfjord stasjon: Open stasjon, Byglandsfjord

• torsdag 06.08.
o kl. 11.00 – 14.00 Open vikingutstilling. Biblioteket på Bygland, Sentrum 16, 4745 Bygland

• fredag 07.08.
o kl. 11.00 – 14.00 Open vikingutstilling. Biblioteket på Bygland, Sentrum 16, 4745 Bygland
o kl. 13.00 -18.00 Landbrukets Dag på Evjemoen

• laurdag 08.08.
o kl. 10.00 -17.00 Landbrukets Dag på Evjemoen
o kl. 11.00 -16.00 Byglandsfjord stasjon: Open stasjon, Byglandsfjord
o kl. 12.00 Omvisning Byglandsfjord stasjon
o kl. 12.00 -17.00 Open café, Skulehuset på Tveit, nord i Bygland kommune

• sundag 09.08.
o kl. 10.00 -17.00 Landbrukets Dag på Evjemoen
o kl. 11.00 -16.00 Byglandsfjord stasjon: Open stasjon, Byglandsfjord
o kl. 12.00 Omvisning Byglandsfjord stasjon
o kl. 12.00 D/S Bjoren: Dampbåttur. Avgang: Bygland
o kl. 12.00 -17.00 Open café, Skulehuset på Tveit, nord i Bygland kommune
------------------------------------------------------------
- Sentralbordet i Bygland kommune er ope måndag - fredag kl. 10.00 – 14.00, tlf. 37 93 47 00
- BUA Bygland (utstyrssentral): vakttelefon 94 50 28 58 bemanna mån – fredag kl. 10.30 – 18.00, laurdag/sundag: stengt
Bilete: Bygland museum
Fotograf: Bygland kommune

30/07/2026

Informasjon frå kaffen på skulehuset på Tveit ang. opningstider i august.

🔥Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap om den høge brannfaren Noreg og spesielt Agder opplever disse dagar.– E...
28/07/2026

🔥Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap om den høge brannfaren Noreg og spesielt Agder opplever disse dagar.
– En liten gnist er nok til å starte en brann i terrenget. Å kaste en sneip eller tenne en engangsgrill kan få store og alvorlige konsekvenser.
Det er bålforbod utan unntak også i Bygland!

– En liten gnist er nok til å starte en brann i terrenget. Å kaste en sneip eller tenne en engangsgrill kan få store og alvorlige konsekvenser. Ikke bare for naturen, men også for bygninger, andre materielle verdier og, i verste fall, liv og helse, sier fungerende direktør i DSB, Elisabeth Askim.

DSB har satt åtte skogbrannhelikoptre i beredskap som ved behov kan støtte de lokale brann- og redningsvesenene. Så langt i år har helikoptrene vært i innsats ved 48 branner.

Den beste brannen er den som aldri starter. Alle som ferdes i skog og mark må respektere forbudet mot åpen ild og bidra til å forebygge skogbrann.

Les mer om skogbrannfaren, hvor helikoptrene er stasjonert og hva du bør gjøre.

(lenke i kommentarfeltet)

Open vikingutstilling i Bygland - sommar 2026Bli med på ei reise tilbake til vikingtida! I sommar held vikingutstillinga...
27/07/2026

Open vikingutstilling i Bygland - sommar 2026
Bli med på ei reise tilbake til vikingtida! I sommar held vikingutstillinga på Bygland bibliotek ope, der du kan oppleve unike funn frå lokale vikinggraver. Utstillinga byggjer òg opp forventningane fram mot Lislefarm 2026, der vikinghandverk, vikingsmat og avdukinga av Langeidsverdet står på programmet.
I veke 28-32 er vikingutstillinga i gamle bankhvelvet på Bygland bibliotek (Sentrum 16, 4745 Bygland) open torsdag og fredag frå kl 11.00-14.00.

KVA SKJER i Bygland veke 31/2026 (27.07.-02.08.2026) Dagleg openo kl. 10.00 – 16.00 Bygland museum. Guiding på norsk, en...
27/07/2026

KVA SKJER i Bygland veke 31/2026 (27.07.-02.08.2026)
Dagleg open
o kl. 10.00 – 16.00 Bygland museum. Guiding på norsk, engelsk, delvis på tysk (veke 30, 32)
o kl. 11.00 -17.00 Landeskogen kunstsanatorium i Grendi. Open kunstutstilling: Over Heia
o kl. 11.00 -17.00 Stoga café og Bygland turistkontor, Presteneset, Bygland;
Stoga Scenecamp, Stoga, kafé, Bygland

• onsdag 29.07.
o kl. 12.00 -16.00 Byglandsfjord stasjon: Open stasjon og café, Byglandsfjord
o kl. 13.00 - 21.00 Bjoren Brygge, Prestneset, Bygland: Open kafé.
o kl. 18.00 Olsok gudsteneste. Sandnes kapell, Sandnes i Bygland

• torsdag 30.07.
o kl. 11.00 – 14.00 Open vikingutstilling. Biblioteket på Bygland, Sentrum 16, 4745 Bygland

• fredag 31.07.
o kl. 11.00 – 14.00 Open vikingutstilling. Biblioteket på Bygland, Sentrum 16, 4745 Bygland
o kl. 13.00 - 21.00 Bjoren Brygge, Prestneset, Bygland: Open kafé.

• laurdag 01.08.
o kl. 11.00 -16.00 Byglandsfjord stasjon: Open stasjon og café, Byglandsfjord
o kl. 12.00 Omvisning Byglandsfjord stasjon
o kl. 15.00 Stoga Scenecamp: Scenekunstvandring med teaterpresentasjon. Oppmøte ved Stoga, Prestneset, Bygland

• sundag 02.08.
o kl. 11.00 -16.00 Byglandsfjord stasjon: Open stasjon og café, Byglandsfjord
o kl. 12.00 Omvisning Byglandsfjord stasjon
o kl. 13.00 Konsert med Oddvar og Øyvind Omnes. Byglandsfjord stasjon
o kl. 12.00 D/S Bjoren: Dampbåttur på Byglandsfjorden. Avgang: Byglandsfjord
o kl. 13.00 - 21.00 Bjoren Brygge, Prestneset, Bygland: Open kafé.
o kl. 14.30 D/S Bjoren: Einvegstur Byglandsfjord - Bygland
------------------------------------------------------------
- Sentralbordet i Bygland kommune er ope måndag - fredag kl. 10.00 – 14.00, tlf. 37 93 47 00
- BUA Bygland (utstyrssentral): vakttelefon 94 50 28 58 bemanna mån – fredag kl. 10.30 – 18.00, laurdag/sundag: stengt
Bilete: Stasjonsmeisteren uniformer, Byglandsfjord stasjon
Fotograf: Bygland kommune

Stor skogbrannfare – vis ekstra aktsemdMeteorologisk institutt varslar no om stor skogbrannfare (oransje nivå) for delar...
24/07/2026

Stor skogbrannfare – vis ekstra aktsemd
Meteorologisk institutt varslar no om stor skogbrannfare (oransje nivå) for delar av Agder. Dette betyr at det lokalt er stor fare for skogbrann fram til det kjem nedbør av betydning. Vis aktsemd, ikkje bruk open eld og følg råda frå lokale styresmakter.

Bålforbod
Statsforvalteren i Agder
Brannvesena i Agder åtvarar mot høg fare for skog- og utmarksbrann som følgje av langvarig tørke og lite nedbør. Sjølv ein liten gnist kan vere nok til å utløyse ein brann som raskt kan spreie seg.

Statsforvaltaren i Agder oppmodar alle som ferdast i skog og utmark til å vise stor aktsemd og følgje råda frå brannvesenet:

Ikkje bruk open eld i eller nær skog og utmark.
Unngå bruk av bålpanner, eingongsgrillar og anna utstyr som kan skape varme eller gnistar. Dette gjeld òg på etablerte bål- og grillplassar i utmarksområde, som til dømes Hove i Arendal.
Ver ekstra forsiktig ved bruk av maskiner, verktøy og køyretøy i tørre område.
Kast aldri sigarettsneipar eller fyrstikker i naturen.
Meld frå med ein gong til naudnummer 110 dersom du ser røyk eller brann.
– Det generelle bålforbodet gjeld fram til 15. september. Med den tørre perioden vi er inne i no, er det viktig at alle tek ansvar og viser ekstra aktsemd for å redusere risikoen for brann, seier fungerande fylkesberedskapssjef Trine Krossbekk.

Brannvesenet minner om at dei fleste skog- og utmarksbrannane skuldast menneskeleg aktivitet, og at ni av ti brannar kan førebyggjast.

Din eld – ditt ansvar. Saman kan vi redusere risikoen for store brannar og verne liv, natur og verdiar.

https://www.bygland.kommune.no/aktuelt/stor-skogbrannfare-vis-ekstra-aktsemd.7681.aspx

Adresse

Sentrum 18
Bygland
4745

Åpningstider

Mandag 10:00 - 14:00
Tirsdag 10:00 - 14:00
Onsdag 10:00 - 14:00
Torsdag 10:00 - 14:00
Fredag 10:00 - 14:00

Telefon

+4737934700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bygland kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Bygland kommune:

Snarveier

Del