Vaksdal kommune

Vaksdal kommune vaksdal.kommune.no

Nye sorteringsspann kjem til Vaksdal! ♻️ I august startar BIR utdelinga av spann til glas- og metallemballasje, og matav...
04/08/2026

Nye sorteringsspann kjem til Vaksdal! ♻️ I august startar BIR utdelinga av spann til glas- og metallemballasje, og matavfall til hushald som manglar dette frå før.

Endringa kjem som følgje av nye nasjonale krav, slik at meir av avfallet kan sorterast og bli til nye ressursar.

Spanna blir leverte område for område. Du får SMS frå BIR nokre veker før dei blir sette ut på tømmestaden din.

🌱 Komposterer du matavfall heime heile året? Då kan du reservere deg mot å få matavfallsspann.
👫 Ønskjer du å dele spann med naboen? Det er også mogleg.

Les meir om ordninga, reservasjon og deling på bir.no/fleire-spann.

Vasspost ved teknisk stasjon på Dale 💧Drikkevatnet ved teknisk stasjon på Dale er no trygt å drikke. Innbyggarar som fra...
04/08/2026

Vasspost ved teknisk stasjon på Dale 💧

Drikkevatnet ved teknisk stasjon på Dale er no trygt å drikke. Innbyggarar som framleis er omfatta av kokevarselet på Dale, kan hente reint drikkevatn frå vassposten.

Hugs å ta med eigne behaldarar til vatnet.

Adresse: Dalevegen 29, 5722 Dalekvam

Statens vegvesen har varsla nattestenging av fylkesveg 5400 Bergsdalsvegen ved Øyaberget (Øyane) og Utkvitno (Bulken) på...
03/08/2026

Statens vegvesen har varsla nattestenging av fylkesveg 5400 Bergsdalsvegen ved Øyaberget (Øyane) og Utkvitno (Bulken) på grunn av vegarbeid.

Øyane:
Vegen er stengd mellom klokka 22.00 og 06.00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag frå 3. august til 9. oktober 2026.

Utkvitno:
Vegen er stengd mellom klokka 22.00 og 06.00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag frå 10. august til 25. oktober 2026.

Sjå oppdaterte trafikkmeldingar på vegvesen.no👇
https://www.vegvesen.no/trafikk/hvaskjer?r=F5400&a=active_now-active_later&showTfl=1&lat=60.57579&lng=6.04819&zoom=10

Innbyggarane våre er hjartet i kommunen 💛  og kven er så innbyggarane i Vaksdal kommune? Den siste fredagen i månaden pr...
31/07/2026

Innbyggarane våre er hjartet i kommunen 💛 og kven er så innbyggarane i Vaksdal kommune?

Den siste fredagen i månaden presenterer vi nokre av innbyggarane våre. Vi spør om kven dei er, korleis dei hamna her og kva som er det beste med å bu i kommunen vår.

Møt ei av våre flotte innbyggarar: Martha Lise H. Langeland

Fortel litt om deg. kva gjer du på?
- Eg heiter Martha Lise Handal Langeland og bur på Stamnes saman med den flotte mannen min, Rune, borna våre, Leif André og Linnea, i tillegg til våre to pelsvener, Hello Kitty og Felix. Eg er sjukepleiar og jobbar som nattevakt i Heimetenesta i kommunen. På fritida likar eg å vera aktiv; bl.a fjelltur, trening og dans. I tillegg er eg glad i musikk og tek songoppdrag rundt i kommunen og nabokommunar.

Kvifor flytta du til Vaksdal?
- Mannen min er født og oppvokse på Stamnes. Etter me gifta oss i 2012 kjøpte me huset til mormora hans og flytta inn der like før Leif André blei født.

Kva er favoritturen- og/eller aktiviteten din i bygda?
- Stamnes og omegn har mange fine fjellturar å by på. Men favoritten må vera Middagshaugen. Likar meg óg godt på Straume (Husafjellet, Storenipa og Straumsstølen). Ellers er det veldig kjekt med swing/Boogie Woogie kurs på Eidsland.

Kva er det beste med å bu i Vaksdal kommune
- Det beste med å bu i Vaksdal kommune er alle dei flotte folka som bur her, å ha den gode svigerfamilien som næraste nabo, og ikkje minst ro og fred i nabolaget der eg bur. Heilt sidan eg flytta til Vaksdal i 2011, har eg trives svært godt! I tillegg er det flott å ha kort reiseveg til Voss og Bergen.

Oppdatering om kokevarsel på Dale 28.7.Kokevarsel gjeld no heile Dale.❗I dag fekk vi svar på nye vassprøver frå laborato...
28/07/2026

Oppdatering om kokevarsel på Dale 28.7.

Kokevarsel gjeld no heile Dale.❗

I dag fekk vi svar på nye vassprøver frå laboratoriet. Prøvene viser at vasskvaliteten ikkje har blitt betre. I tillegg viser fleire av prøvane på Dale enn tidlegare at vasskvaliteten ikkje er god nok. Derfor har kokevarselet no blitt utvida til å gjelde heile Dale.

Teknisk personell arbeider vidare for å betre vasskvaliteten. Vi tek òg nye prøver for å kontrollere vatnet.

Vi gir ny informasjon så snart vi får svar på dei nye prøvene frå laboratoriet. Husstandane det gjeld, har fått direkte varsel.

Oppdatering om kokevarsel på Dale 22. juli kl 11:00I dag fekk vi svar på nye vassprøver frå laboratoriet. Prøvene viser ...
11/07/2026

Oppdatering om kokevarsel på Dale 22. juli kl 11:00

I dag fekk vi svar på nye vassprøver frå laboratoriet. Prøvene viser at vasskvaliteten har blitt betre. Resultata er likevel ikkje gode nok til at vi kan oppheve kokevarselet.

Teknisk personell arbeider vidare for å betre vasskvaliteten. Vi tek òg nye prøver for å kontrollere vatnet.

Vi gir ny informasjon så snart vi får svar på dei nye prøvene frå laboratoriet. Husstandane det gjeld, har fått direkte varsel.

Oppdatering om kokevarsel på Dale 14. juli.

I dag fekk vi svar på nye vassprøver frå laboratoriet. Prøvene viser at vasskvaliteten har blitt betre, men resultata er framleis ikkje gode nok til at vi kan oppheve kokevarselet for delar av Dale sentrum.

Teknisk personell arbeider vidare med tiltak, og vi tek nye prøver for å kontrollere vasskvaliteten.

Vi kjem med ny informasjon så snart vi har oppdaterte resultat. Berørte husstandar er varsla direkte.

Oppdatering om kokevarsel på Dale 11. juli.

Kokevarselet for abonnentar i området nord frå krysset Lauvgardsvegen–Kyrkjegata er no oppheva. Vassprøver viser at kvaliteten på drikkevatnet er god og tilfredsstiller gjeldande krav.

Kokevarselet gjeld framleis for området nord for Konsul Jebsensgata, sør for krysset Lauvgardsvegen–Kyrkjegata og Lia på Dale.

Kokevarselet gjeld til vi har fått nye prøvesvar frå laboratoriet som viser at vatnet er trygt å bruke utan koking.

Vi sender ut ei ny melding så snart prøvesvara er klare og kokevarselet kan bli oppheva. Berørte husstandar er varsla direkte.

https://vaksdal.kommune.no/nyhet/kokevarsel-paa-dale-nord

Oppdatering på kokevarsel 8. juli kl. 12:45Vi har fått inn nye vassprøver frå laboratoriet. I store delar av Dale sentru...
07/07/2026

Oppdatering på kokevarsel 8. juli kl. 12:45
Vi har fått inn nye vassprøver frå laboratoriet. I store delar av Dale sentrum er vatnet framleis ikkje friskmeldt. Kokevarselet må derfor bli vidareført. Kommunen gjer no tiltak, mellom anna ved å spyle leidningsnettet.

Område nord for Konsul Jebsengata og sør for Oskar Jebsensveg på Dale er omfatta av kokevarselet.

Kokevarselet gjeld til vi har fått svar på vassprøvene frå laboratoriet. Vi tek vassprøver fleire stader på leidningsnettet og sender ut ei ny melding så snart prøvesvara er klare og kokevarselet kan bli oppheva.

Kokevarsel på Dale nord ⚠️ 7. juli kl. 08:30

Det er sendt ut kokevarsel for Dale nord på grunn av mogleg forureining på vassleidningsnettet.

Kokevarsel betyr at alt vatn som skal drikkast eller brukast til matlaging må kokast før bruk.

Kokevarselet gjeld fram til vi har fått svar på vassprøvene frå laboratoriet. Vi tek vassprøver fleire stader på leidningsnettet og sender ut ny melding så snart prøvesvara er klare og kokevarselet kan opphevast.

Berørte husstandar er varsla direkte.

https://vaksdal.kommune.no/nyhet/kokevarsel-paa-dale-nord

Redusert foreldrebetaling i barnehage 🧸Du kan allereie no søke om redusert foreldrebetaling for neste barnehageår. Søker...
01/07/2026

Redusert foreldrebetaling i barnehage 🧸

Du kan allereie no søke om redusert foreldrebetaling for neste barnehageår. Søker du no, kan du få redusert foreldrebetaling frå august i år.

Familiar med låg inntekt kan òg ha rett på gratis kjernetid.

Søknad og meir informasjon om redusert foreldrebetaling 👇
https://vaksdal.kommune.no/artikkel/prisar-og-betaling-for-barnehage-1767356953885

Innbyggarane våre er hjartet i kommunen. 💛 Og kven er så innbyggarane i Vaksdal kommune? Den siste fredagen i månaden pr...
26/06/2026

Innbyggarane våre er hjartet i kommunen. 💛 Og kven er så innbyggarane i Vaksdal kommune? Den siste fredagen i månaden presenterer vi nokre av innbyggarane våre. Vi spør om kven dei er, korleis dei hamna her, og kva som er det beste med å bu i kommunen vår. Møt ein av våre flotte innbyggarar: Bjørn Tore Myrvold.

Fortell litt om deg sjølv. Kva gjer du på?
– Eg heiter Bjørn Tore, er 39 år og bur på Dale. Eg er sambuar med Pia, og saman har me to ungar, Alba og Santi – og så har me utvida familien med hunden Nova. Til dagleg jobbar eg som kulturkonsulent i Vaksdal kommune, og på fritida er eg veldig glad i å vera aktiv.

Kvifor flytta du til Vaksdal?
– Eg flytta til kommunen i 2015 då eg og sambuaren min, som er frå Dale, kjøpte hus her.

Kva er favoritturen din og/eller favorittaktiviteten i bygda?
– Favorittaktiviteten min er utan tvil fotball, og eg spelar på herrelaget i kommunen. Eg går òg ein del fjellturar, og familiens absolutte favoritt er Middagshaugen på Stamnes!

Kva er det beste med å bu i Vaksdal kommune?
– Det beste med å bu her er dei kjekke folka, den flotte naturen og alle dei gode moglegheitene for fjellturar. I tillegg er eg veldig glad i det bynære bygdelivet – det er luksus å ha det roleg og fint rundt seg, samstundes som det er kort veg til både Bergen og Voss om ein skal noko!

⏰ Påminning om Open hall i Turbinen!Har du barn i barneskulealder som har lyst på kjekke dagar med aktivitetar, leik og ...
25/06/2026

⏰ Påminning om Open hall i Turbinen!

Har du barn i barneskulealder som har lyst på kjekke dagar med aktivitetar, leik og fellesskap i sommarferien?

Det er framleis mogleg å melde seg på. Påmeldingsfrist måndag 29. juni.

📅 Tysdag 7. juli: 1.-4. trinn
📅 Onsdag 8. juli: 5.-7. trinn
📅 Torsdag 9. juli: 1.-4. trinn

🕚 Kl. 11.00-15.00 alle dagane
🍽️ Gratis lunsj
💛 Gratis deltaking

Påmelding på SMS med namn, fødselsår og eventuelle allergiar til:

📱 Maren: 92 04 98 56
📱 Renathe: 91 17 96 73

Vi håper mange vil vere med på tre kjekke dagar med aktivitetar, leik og fellesskap i Turbinen! ☀️

Adresse

Konsul Jebsensgate 16
Dale
5722

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 14:00

Telefon

+4756594400

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vaksdal kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vaksdal kommune:

Snarveier

Del