Tokke Bibliotek

Tokke Bibliotek Tokke Bibliotek har hovudbibliotek på Dalen i Tokke kulturhus og ein filial på skulen i Høydalsmo. Biblioteket i Tokke kommune i Vest-Telemark.

Sentralt plassert i Kulturhuset på Dalen, med filial på skulen i Høydalsmo.

"Dei to bibliotekarane har mange år bak seg i Tokke folkebibliotek, og ved utgangen av året går dei begge av med pensjon...
10/11/2025

"Dei to bibliotekarane har mange år bak seg i Tokke folkebibliotek, og ved utgangen av året går dei begge av med pensjon. Det gjer dei med blanda kjensler, for dei veit at dei slepper taket på eit kritisk punkt i lesehistoria. Ifølge Hilde er bibliotekarar flest ei lite krigersk folkeferd – men ho er eit unntak.

– Eg seier ifrå. Høgt."

To bautaer i Tokke biblioteks historie er snart på veg ut. Her kan de lese litt om dei og kva dei tenkjer om litteraturjobbinga nett no, og inn i framtida.

For mange av oss er biblioteket Elin og Hilde 🥰

Om du ikkje har VTB-abonnement kan du kome innom alt i morgon og lese den i papirutgåva! 📜

Hilde Grandal og Elin Normann har valt eit yrke som er lite krigersk og ganske usynleg. Nå kastar dei usynlegheitskappa og hevar stemma.

Moro med ny lærdom om framtidas teknologi og kosmiske fenomener. Trur dei som tok turen i går fekk nokre nye perspektiv ...
08/11/2025

Moro med ny lærdom om framtidas teknologi og kosmiske fenomener. Trur dei som tok turen i går fekk nokre nye perspektiv og er litt nærare å forstå kor stort universet er! Takk til Knut Jørgen Røed Ødegaard for ein herleg stund med optimistisk formidling!

Du har enno tid til å løpe bort på «kosmiske mysterier og spektakulære fenomener» med astrofysiker Knut Jørgen Røed Ødeg...
07/11/2025

Du har enno tid til å løpe bort på «kosmiske mysterier og spektakulære fenomener» med astrofysiker Knut Jørgen Røed Ødegaard klokka 18.00 i kveld! 🪐🌎🌏

Biblioteket har no blitt demensvenleg. I praksis betyr det at me vidarefører den servicen me har, men med eit fokus på t...
29/10/2025

Biblioteket har no blitt demensvenleg. I praksis betyr det at me vidarefører den servicen me har, men med eit fokus på tydlegheit, tolmod og tilrettelegging. Det skal vere terskelfritt og triveleg for alle i biblioteket!

Over 100 000 menneskje i Noreg har demens og minst 60 000 av desse bur i eigen heim. I åra som kjem vil stadig fleire få demens og det er viktig at me rustar opp med å skape eit demensvenleg samfunn. Mange med sjukdommen opplev isolasjon og einsemd fordi samfunnet rundt ikkje er tilstrekkeleg tilrettelagt. Men hjelp til å finne ei god bok, lese litt avis eller sjekke eposten din, det skal du få hjelp til (om du har demens eller ei!)

26/10/2025

Minner om at det er sjølvbetjent både måndag og tysdag førstkommande veke. Filialen i Høydalsmo har ope på tysdag som vanleg.

Ha ei rektig god veke, alle saman. 📚📖

23/10/2025

Bibliotekarane kursar seg måndag og tysdag neste veke, og biblioteket vil då vere meirope.

Måndag 27.10 og tysdag 28.10 der altså.

Send oss epost på [email protected] skulle du trenge kontakt med oss.

For meir info kring meirope, kom gjerne innom oss ein dag me er her, så kan me fortelje deg/dykk meir.

-Tokke bibliotek

På laurdag dukka plutseleg smått og stort frå Roald Dahls univers opp i røynda! Sjå kor fine og gode folk som har deltek...
22/09/2025

På laurdag dukka plutseleg smått og stort frå Roald Dahls univers opp i røynda! Sjå kor fine og gode folk som har delteke på og arrangera Minimagi! Flott samarbeid på tvers av etatar i kommunen er stas!

05/09/2025

Kulturhuset og biblioteket held stengd heile laurdagen 6.9.25 grunna sjukdom.

Adresse

Storvegen 211
Dalen
3880

Åpningstider

Mandag 08:00 - 20:00
Tirsdag 08:00 - 20:00
Onsdag 08:00 - 20:00
Torsdag 08:00 - 20:00
Fredag 08:00 - 20:00
Lørdag 11:00 - 15:00

Telefon

+4735075666

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tokke Bibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Tokke Bibliotek:

Del