03/07/2026
Spørjeundersøking: ny plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
🚶♀️➡️Har du eit favoritturmål? Ein stad i nabolaget der du saknar ein kvilebenk? Ein stig som bør ryddast? Korleis skal vi legge til rette for at ungane våre skal vera aktive? Vi treng dine innspel til Dovre kommune sin nye plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
🛝Med knappe ressursar er det viktig for oss å veta kva som betyr mest for både fastbuande og deltidsinnbyggarar. Mykje kan også løysast i samarbeid mellom kommune og frivilligheit. Da er det lurt å ha ein slik plan i botn.
📍Vi har laga undersøkinga i eit kart der du kan merke av viktige stader og legge inn kommentarar. Det er fyrste gongen vi brukar denne heilt nye løysinga for medverknad!
👉Her er kartet: https://medvirkning.isy.no/nordgudbrandsdal/home/1/1?name=Plan%20for%20idrett,%20fysisk%20aktivitet%20og%20friluftsliv&fbclid=IwRlRTSAS0h_NleHRuA2FlbQIxMQBzcnRjBmFwcF9pZAo2NjI4NTY4Mzc5AAEebUWwTkWoMeYbMTOaOXv-hC88CyMzFDHRYWfrblKoGzE9ShBdDEwf8fQSr80_aem_rW9M1SMZqGJN7NhDq_PU0Q
📧 Om du ikkje vil bruke kartet, kan du òg sende e-post til [email protected] Merk e-posten med “Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv”
📅Undersøkinga er ope til 2. august. Takk for at du tek deg tid!
Har du eit favoritturmål? Ein stad i nabolaget der du saknar ein kvilebenk? Ein stig som bør ryddast? Korleis skal vi legge til rette for ungane våre? Vi treng dine innspel til Dovre kommune sin nye plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv! Legg inn dine kommentarar på kartet eller send ...