08/03/2026
Kjemp for rettene til kvinner!
Den internasjonale kvinnedagen er ein kampdag og ein festdag. Vi feirar dei sigrane som er kjempa fram for kvinner sin friheit og rettar gjennom generasjonar. Dessverre viser det seg at vi må ta dei same kampane gong på gong.
Kvinners rettar blir trua over heile verda. Ytre høgre har vakse seg store og har teke makta, eller er nær å ta makta, i fleire land. Dei politiske prosjekta deira – anten det er i Polen, USA eller andre land – har i kjernen sin ei svekking av kvinners sjølvråderett, rettstryggleik og fridom. Grunnleggjande rettar og fridommar vi har kjempa hardt for, blir trua. Vi lever i ei skjebnetid for feminisme og likestilling. Eit samfunn der kvinner mistar rettar, er eit svakare samfunn for alle.
Spørsmålet er – kan det same skje i Noreg? Svaret på det er dessverre ja. Også her heime ser vi at ytra høgre styrkar seg, og at tankegodset som veks fram der, blir teke med inn i debattane og normalisert av dei etablerte partia på høgresida. Deira stadige kamp for å svekke offentleg finansierte velferdsgode og offentlege stillingar i oppvekst og omsorgssektoren representerer også ein trussel mot kvinner som utgjer store deler av både brukarar og tilsette i offentleg sektor. Ufrivillig deltidsarbeid og midlertidige stillingar er for eksempel meir vanleg i typiske kvinneyrke.
Frogn SV ser det som svært viktig at Frogn kommune lykkast i forhold til medarbeidarar og arbeidsmiljø gjennom ein heiltidskultur og inkluderande arbeidsliv. Etterspørselen på arbeidskraft er stor i omsorgssektoren. Arbeidet for å auke tal heiltidsstillingar for dei som ynskjer det er derfor svært viktig både for at vi skal kunne tilby tilstrekkeleg gode velferdstenester innan helse og omsorg og for den økonomiske tryggheita for medarbeidarane i kommunen. Det er ikkje vanskeleg å forstå at det er ei stor personleg belasting for deltidstilsette som jakter på ekstra vakter for å betre økonomien sin. Dei har korkje kontroll på arbeidstida og fritida si, eller over sin personlege økonomi. Dette reduserer sjansen deira til å få lån til eigen bustad og til å delta i samfunnet på lik linje med andre. Likevel er det eksempel på at helsefagarbeidarar berre blir tilsett i så låge faste stillingar som 14% i kommunen. Dei får heller ikkje auka stillingsprosenten sjølv om det er uttrykt ønske om det og personen har arbeidd og fortsett arbeider mykje meir enn 14%.
Vi har derfor bedt Kommunedirektøren om å svare på spørsmål i Kommunestyret om 1) kor mange som arbeider deltid i kommunen i avdelingane for Helse og omsorg og for Livsmestring, 2) korleis utviklinga i prosent deltidstilsette har vore i løpet av dei siste tre åra og 3) Kva tiltak gjennomfører kommunen for å auke tal heiltidsstillingar og auke stillingsprosenten for de tilsette som ynskjer det i dei same avdelingane i kommunen?
SV meiner at svaret vårt må vera meir fellesskap og eit aktivt forsvar for friheit for kvinner og likestilling. I møte med reaksjonære krefter må dei ulike rørslene stå saman og kjempe for rettane til kvarandre.
Kvinnekamp er kamp for fellesskapet. Det er ein kamp for dei mange. Ikkje for dei få.
Gratulerer med dagen!