Bevar Dovrefjell mellom istidene

Bevar Dovrefjell mellom istidene Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Bevar Dovrefjell mellom istidene, Øvre Bolli 97, Eide.

Snøheim-dommen må følgjast opp.Ei evaluering av forholdet mellom turistferdsel og villreininteresser er vilkår for drift...
26/03/2026

Snøheim-dommen må følgjast opp.
Ei evaluering av forholdet mellom turistferdsel og villreininteresser er vilkår for drifta av turisthytta Snøheim på Dovrefjell. Dette skriv foreininga Bevar Dovrefjell mellom istidene (BDMI) i eit brev til Klima- og miljødepartementet.

BDMI stiller spørsmål ved om evalueringa er følgd opp, og har bede om fyldige opplysingar frå departementet.

Dersom evalueringa blir neglisjert eller ikkje følgd opp tilstrekkeleg, kan det danne grunnlag for å ta opp att saka, med eit krav om at løyvet til å drive Snøheim skal trekkjast attende.

Vil du lesa meir om saka? Sjå lenke i kommentarfeltet.

Reinrosa 2026 går til ei viktig stemme for villreinen. Under Nasjonal villreinkonferanse på Otta fekk Jan Olav Solstad d...
04/03/2026

Reinrosa 2026 går til ei viktig stemme for villreinen.

Under Nasjonal villreinkonferanse på Otta fekk Jan Olav Solstad den aller fyrste Reinrosa. Prisen går nokon som gjer ein heilt spesiell innsats for nasjonaldyret vårt, villreinen.

Prisvinnar Jan Olav Solstad, som sjølv bur på Otta, seier at han er audmjuk og takknemleg for prisen.
– Eg er heldig som har fått lov til å samarbeide med så mange dyktige folk opp gjennom åra. Så denne prisen deler eg med fleire. Engasjementet for villreinen er kjempeviktig. Villreinen er ein symbolart. Den seier noko om korleis vi klarer å ta vare på høgfjellsøkosystema.

Arne J. Mortensen frå juryen rosar Solstad for å vera ei modig stemme.
- Jan Olav har gjennom lang tid har stått i krysselden mellom ulike interesser, og alltid teke plass som grådyra sin pålitelege «advokat» - nasjonalt og i Rondane spesielt.

Dei tre foreiningane Bevar Villreinen i Rondane, Bevar Dovrefjell mellom istidene og La villreinen leva! står bak prisen. Arne Brimi hadde det ærefulle oppdraget med å overrekke prisen. Med prisen følgde eit kunstverk i tekstilapplikasjon av Eli Odden, som symboliserer både levevis og utfordringar for villreinen i dag. Nasjonal villreinkonferanse vart arrangert av Gudbrandsdalsmusea og Villreinarven.

Bevar Dovrefjell mellom istidene, Bevar villreinen i Rondane og La villreinen leva! sender ein varm takk til prisvinnaren.

Villreinkveld6. februar arrangerte BDMI villreinkveld på Sunndalsporten på Gjøra. Dette er ein kveld der fjellfolk og vi...
11/02/2026

Villreinkveld

6. februar arrangerte BDMI villreinkveld på Sunndalsporten på Gjøra. Dette er ein kveld der fjellfolk og villreinjegerar møtes for sosialt- og fagleg påfyll.
Programmet starta med temaet jakt og jaktutøving i villreinfjellet. I samband med tiltaksplan for Snøhetta, er og jakt eit tema. Korleis kan ein drive god jaktutøving og minimere stress for villreinen? Styreleiar Hans Erik Wold hadde ei fin innleiing om temaet, før mikrofonen vart sendt rundt. Det var mange gode innspel og meiningar omkring jaktutøving. Styret noterte seg viktige moment og takkar for engasjementet!
Neste på programmet var Alf Harald Dragseth, ein røynd villreinjeger frå Sunndalsøra. I 2022 gav han ut boka «Jakt- og fiskebuer i Sunndalsfjella», og den boka vart seld ut tvert! No er han godt i gang med neste bok, «Jeger og Læger». Me fekk eit lite innblikk i arbeidet med boka, og ventar spent på at den kjem på slutten av året!
Pause med mat, loddsal og gode samtalar høyrer med. Den timen gjekk fort!
Etter pausa fekk Ingrid Sønsterud Myren frå Norsk villreinsenter Nord ordet. Eit fagleg godt bidrag i programmet, der både kalve- og strukturteljing, FoU-prosjekt og gps-merking, raset i Skirådalen, kalvetapsprosjekt og tiltaksplan vart presentert.
Kvelden vart runda av med loddtrekning og utdeling av fine gevinstar. BDMI takkar Håkon Melkild og Sunndalsporten for god mat og tilrettelegging. Vidare takkar me for oppmøte, og håper folk vil kome att neste år!

Adresse

Øvre Bolli 97
Eide
N-6493LYNGSTD

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bevar Dovrefjell mellom istidene legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Bevar Dovrefjell mellom istidene:

Del