Eidfjord kommune

Eidfjord kommune Velkomen til vår side på Facebook. Eidfjord har vore eigen kommune sidan 1977. Eidfjord er ein kraftkommune som viser igjen i dei offentlege tenestene.

Houvudnæringa er turisme, hydroelektisitet og detaljhandel. Kommunen er også ein av dei store arbeidsgjervarane. I Eidfjord har me kino, kunstgalleri, bibliotek, natursenter, idrettshall, slalombakke og uavgrensa moglegheiter for utandørs aktivitetar. Berre ein kort biltur tek deg til Hardangervidda, Nord-Europas største fjellplatå. Me har barnehagep, god grunnskule og trygge nærmiljøplassar. Ei s

amordna pleie- og omsorgsteneste i ein ny bygdaheim gjev gode tenester til dei som har trong for slike.

Me ynskjer velkomen til hyttemøte i Eio kultursal på Vøringfoss hotell 25. februar kl. 14 - 16 . Program finn du på heim...
28/01/2026

Me ynskjer velkomen til hyttemøte i Eio kultursal på Vøringfoss hotell 25. februar kl. 14 - 16 .

Program finn du på heimesida.

Me ynskjer velkomen til hyttemøte i Eio kultursal på Vøringfoss hotell 25. februar kl. 14 - 16

Eidfjord kommune har ledig stilling som fastlege og helsefagarbeidar i pleie og omsorg. Me håpar du vil søkja😀
18/12/2025

Eidfjord kommune har ledig stilling som fastlege og helsefagarbeidar i pleie og omsorg. Me håpar du vil søkja😀

Glad i natur og friluftsliv? Lyst på sikker inntekt og kjekke kollegar? Ta med deg familien og kom til oss!

15/12/2025

Det er mange mørkkledde personar ute i mørket. Oppfordring til at alle, unge og vaksne, brukar refleks for å bli sett i trafikken.

Flyktningetenesta treng husvære med 2 soverom.   Har du eit husvære ledig, håpar me du tar kontakt med Rådgjevar - helse...
01/12/2025

Flyktningetenesta treng husvære med 2 soverom.

Har du eit husvære ledig, håpar me du tar kontakt med Rådgjevar - helse og omsorg Irene Gautestad Bu.

Ho treffe du på telefon 47 88 16 62 i arbeidstid, eller på e-post; [email protected]

Foto: Illustrasjon (CoPilot)

Kvar veke 44 samarbeidar berdskapsaktørar i heile Norge om å styrka kunnskapen om eigenberedskap og motivera innbyggjara...
27/10/2025

Kvar veke 44 samarbeidar berdskapsaktørar i heile Norge om å styrka kunnskapen om eigenberedskap og motivera innbyggjarane til å skaffe skaffe seg beredskapslager for ei veka.

Er du førbudd om noko skulle skje?

Me har laga ein artikkel på heimesida til Eidfjord kommune med informasjon, tips, sjekklister etc.
Ilag med Joker Eidfjord har me og laga til ein stand i butikken som synleggjer kva som er nokre av dei viktigaste behova me treng at vert dekka.

Eigenberedskapsveka 2025 er ei nasjonal kampanjeveke som blir arrangert i veke 44, frå 27. oktober til 2. november, og har som mål å styrke befolkninga si evne til å klare seg sjølv ved kriser og uforutsette hendingar

Sundag 19. oktober er det TV-aksjon, ta godt i mot bøsseberarane.
13/10/2025

Sundag 19. oktober er det TV-aksjon, ta godt i mot bøsseberarane.

10/10/2025

Kari Lunde og Lars Bjørn Humlebrekke har knekt koden for korleis dei skal trena, vera lukkelege med aktiviteten og halda fram treninga som på mange måtar gjev eit nytt liv.

Eidfjord fjellstyre og Eidfjord kommune ynskjer velkomen til ope folkemøte om Tiltaksplan for Hardangervidda villreinomr...
17/09/2025

Eidfjord fjellstyre og Eidfjord kommune ynskjer velkomen til ope folkemøte om Tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde og Sti-og løypeplan for Hardangervidda, 25. september kl. 17 – 19 i kultursalen.

Folkemøte 25. september kl. 17 – 19 i kultursalen

Brannvernveka 2025 – nasjonal brannøvingDei fleste alvorlege brannar skjer i private heimar – men der er det ingen krav ...
16/09/2025

Brannvernveka 2025 – nasjonal brannøving

Dei fleste alvorlege brannar skjer i private heimar – men der er det ingen krav om brannøvingar. For å gjere det enklare å vere førebudd, har Brannvernforeningen utvikla eit gratis verktøy på www.brannovelse.no, der ein kan skreddarsy ei brannøving tilpassa eigen bustad og livssituasjon.

– Når det byrjar å brenne, tel kvart sekund. Difor er det utruleg viktig å ha øvd heime, slik at heile familien veit kva dei skal gjere for å kome seg raskt og trygt ut, seier varabrannsjef Geir Ove Pedersen.

Bli med på Nasjonal brannøvelse du også!

Adresse

Simadalsvegen 1
Eidfjord I Hardanger
5783

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

56673500

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Eidfjord kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Eidfjord kommune:

Del