03/06/2026
No kan lag, organisasjonar og engasjerte privatpersonar søke om midlar til å starte eller drive ungdomsklubb i Gulen kommune. 😍
Har de lyst til å skape noko viktig for ungdom i Gulen?
No kan lag, organisasjonar og engasjerte privatpersonar søkje om midlar til å starte eller drive ungdomsklubb i Gulen kommune.
Vi ønskjer fleire trygge, sosiale og inkluderande møteplassar der ungdom kan møtast, ha det kjekt og kjenne på fellesskap og tilhøyrsle.
De kan søkje om:
• kr 5 000 i oppstartsstøtte per klubb
• høgare sum til større prosjekt
• mogleg ekstra tildeling ved årsslutt for klubbar som er i aktiv drift
Kva krevst for å få støtte?
Tilbodet må vere:
• ope for alle ungdomar
• gratis å delta på
• synleg i Friskus
Har de eit lokale, ein idé eller eit engasjement for ungdom i bygda? Då håpar vi de søkjer.
Send ei kort skildring av kven de er, kva de vil gjere, og eit enkelt budsjett til:
[email protected]
Har de spørsmål om søknadsprosessen eller Friskus?
Ta kontakt med frivilligsentralen på 404 46 022
Vi gler oss til å høyre frå dykk!