Etne viltutval

Etne viltutval Etne viltutval arbeider for god viltforvaltning og trygg sameksistens mellom folk og vilt i Etne kommune.

Her deler vi nyheiter, informasjon og oppdateringar om jakt, forvaltning og viltrelaterte tema.

Minnar om søknadsfrist 1.mai for:
11/03/2026

Minnar om søknadsfrist 1.mai for:

Viltutvalet i Etne minnar om søknadsfrist 1. mai.

25/02/2026

Talet på felte og tildelte dyr i Etne kommune har auka jamt dei siste ti åra. Det er leiar i viltutvalet, Eivind Frette, godt nøgd med.

Kunnskap gir betre forvaltning 🦌Viltutvalet i Etne har fått tilsendt presentasjonen frå Finn Olav Myhren i Vestland fylk...
12/02/2026

Kunnskap gir betre forvaltning 🦌

Viltutvalet i Etne har fått tilsendt presentasjonen frå Finn Olav Myhren i Vestland fylkeskommune, og me ønskjer å dele den med dykk.

Her blir det sett søkelys på viktige perspektiv og føringar for viltforvaltninga i Vestland. For oss er det avgjerande å vere oppdatert og jobbe kunnskapsbasert, og sjølvsagt har kunnskap om hjortebestanden lokalt her i Etne kommune.

Me oppmodar alle med interesse for vilt og naturforvaltning til å ta ein kikk.

Har du refleksjonar eller spørsmål? Me høyrer gjerne frå deg.

Vel gjennomført vintermøte i viltutvalet 🦌I går, 10.02, samla me vel 50 deltakarar til møte i viltutvalet. Det vart ein ...
11/02/2026

Vel gjennomført vintermøte i viltutvalet 🦌

I går, 10.02, samla me vel 50 deltakarar til møte i viltutvalet. Det vart ein innhaldsrik og god kveld, med både fagleg påfyll, dialog og sosialt samvær. Dei frammøtte fekk servert suppe og dessert, noko som sette ei triveleg ramme rundt samlinga.

Leiar i viltutvalet, Eivind Frette, ønskte velkommen. Deretter vart medlemmene i viltutvalet presenterte:
Anne Karin Opeim Rognøy, Ane Sandal Solberg, Alf Ole Birkenes, Anette Lauareid Hovda og Eivind Frette.

Anbjørg Bue orienterte kort om saksgangen rundt fellingsavgift for hjort og elg.

Me fekk også eit grundig og interessant innlegg frå viltforvaltar Finn Olav Myhren i Vestland fylkeskommune, som orienterte om status for hjortevilt i Vestland, mellom anna resultat frå kalveskyting, gjennomgang av «sett og skutt»-registreringane, bestandsforvaltning og endringar i lovverket (viltressurslova).

Kvelden vart avslutta med to spennande og inspirerande jaktreiser ved jeger og jaktbutikkinnehavar Espen Haugland.

Undervegs var det høve til å stille spørsmål, og viltutvalet informerte og svara frå salen. Det er kjekt å sjå det store engasjementet rundt viltforvaltninga i kommunen!

Takk til alle som møtte, og til dei som bidrog med innlegg 👏

15/01/2026

🦌 Velkomen til Etne viltutval!

Dette er den offisielle Facebook-sida til Etne viltutval.

Etne viltutval er eit kommunalt utval som jobbar med viltforvaltning og fallviltnemnd-oppgåver i Etne kommune. Me tek hand om viktige viltspørsmål, bestandsplanar og samarbeid med grunneigarar, jegerlag og andre interesser i kommunen.

Kva me jobbar med:
✔ oppfølging av hjortevilt- og småviltforvaltning
✔ bestandsplanar og jaktfristar
✔ viltfond og tilskot til tiltak for vilt
✔ informasjon om viltet i kommunen
✔ samarbeid med nabokommunar og faginstansar

Her vil me dele informasjon, oppdateringar og nytt som er relevant for vilt og natur i Etne.

👉 Me set stor pris på om du:
• følgjer sida
• deler sida vidare
• inviterer andre som kan ha interesse av innhaldet

Saman kan me nå ut til fleire og bidra til god og kunnskapsbasert viltforvaltning i kommunen.

Adresse

Sjoarvegen 20
Etne
5590

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Etne viltutval legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del