Sunnfjord Museum

Sunnfjord Museum Opplev kulturarven og dagleglivet frå dei indre sunnfjordbygdene frå 1500 til i dag. Sunnfjord Museum ligg i Movika like aust for Førde sentrum. Velkomen!

Gå tur på kulturhistoriske stiar, bli med på omvising og ta del i lærerike aktivitetar. Vi har ope heile året og tilbyr omvisingar i friluftsmuseet, der vi syner korleis livet var på ein gard og ein husmannsplass i Sunnfjord kring midten av 1800-talet. På museet kan du sjå utstillingar, besøke urtehagen eller ta deg ein pause på sitjeplassane ved det idylliske Movatnet. På kulturstiane Mostien og dyreløypa blir du kjend med lokal natur- og kulturhistorie.

Blomane strålar i Urtehagen 🌼 God helg og velkomen på besøk til Sunnfjord Museum!
31/07/2026

Blomane strålar i Urtehagen 🌼 God helg og velkomen på besøk til Sunnfjord Museum!

Velkomen til aktivitetsdag 16 juli.Du kan kose deg med diverse aktivitetarrundt om i tunet, i Huus-stova og iEldhuset, d...
14/07/2026

Velkomen til aktivitetsdag 16 juli.

Du kan kose deg med diverse aktivitetar
rundt om i tunet, i Huus-stova og i
Eldhuset, der kan du òg prøve å kverne korn

Lag din eigen nøkkelring i lær i
Skomakarverkstaden i Gulehuset med
sommarvert Maria. Der kan du òg utforske
aktivitetstutstillinga Movika Landhandel

Du kan besøke, mate og kose med geitene
Kvitost og Brunost

Nede med vatnet kan du lage din heilt eigen
leikebåt.

Vi har sjølvbetjent kafé i Halbrendhuset

Kl. 13:00: Familieomvisning

Kl. 14:00 Bli med sommarvert Sigurd inn til
geitene

Kl. 15:00: Familieomvisning

04/07/2026
Det vert endå ein konsert i helga på Sunnfjord Museum i samband med Førdefestivalen! På søndag kl. 12 kan du nyte tonane...
03/07/2026

Det vert endå ein konsert i helga på Sunnfjord Museum i samband med Førdefestivalen! På søndag kl. 12 kan du nyte tonane til Bendik Qvam og Synnøve Brøndbo Plassen i den historiske Sersjantløa.

Solide røter i tradisjonsmusikken frå fjellregionen i Trøndelag og Nord-Østredalen ligg i botn når Qvam og Plassen byr på moderne folkemusikk, ispedd fengjande riff, bukkehornspel og folkesong. Årets Spellemannprisvinnarar serverer nydeleg vokal, med godt komp av gitar, mandolin, bukkehorn, lyre og gitar. Duoen gir oss drivande rytmar og nydelege klangar i eit intimt og nært lydbilde, som også er prega av at begge har bakgrunn både frå blues og viser. Dette er folkemusikk og speleglede som kan smelte eit kvart musikkhjarte.

Lær meir og kjøp billett:

Solide røter i tradisjonsmusikken frå fjellregionen i Trøndelag og Nord-Østredalen ligg i botn når Bendik Qvam og Synnøve Brøndbo Plassen byr på moderne folkemusikk, ispedd fengjande riff, bukkehornspel og folkesong. Årets Spellemannprisvinnarar serverer nydeleg vokal, med godt komp av gita...

Fine blomar funne i enga under Slåttedagen - nattfiol og orkidé (truleg marihånd eller brudespore).🪻
02/07/2026

Fine blomar funne i enga under Slåttedagen - nattfiol og orkidé (truleg marihånd eller brudespore).🪻

I kveld er Sunnfjord Museum vertskap for ein av dei første konsertane hos Førdefestivalen 2026! Programmet byrjar kl. 16...
01/07/2026

I kveld er Sunnfjord Museum vertskap for ein av dei første konsertane hos Førdefestivalen 2026! Programmet byrjar kl. 16.30, då vi inviterer små og store på tur på Mostien og opp til museumsstølen. På stølen får vi høyre om stølsliv i gamle dagar, før vi går saman til Sersjantløa.

Der møter vi Solo, Bafana og Sarjo, som spelar, syng, dansar og fortel historier i Calabash Tales – ei poetisk og leiken framsyning om venskap, mot og fellesskap.

Passar best for barn i alderen 5–13 år og familiar.

Velkomne på tur!

Saman med Førdefestivalen inviterer vi små og store på tur på Mostien. På museumsstølen får vi høyre om stølsliv i gamle dagar, før vi går i lag til Sersjantløa.Der møter vi Solo, Bafana og Sarjo som spelar, syng, dansar og fortel historier i Calabash Tales – ei poetisk og leiken fram...

No er slåtten kome til Movika, og med den kjem sommarens høgdepunkt: hesjing. Denne årlege tradisjonen tok ofte heile so...
30/06/2026

No er slåtten kome til Movika, og med den kjem sommarens høgdepunkt: hesjing. Denne årlege tradisjonen tok ofte heile sommaren - ein slo og hesja teig etter teig, og når ein var ferdig med slåtten på siste teigen, var håna (andre slått) klar til å takast på første teigen att. Dette gav ikkje mykje tid til vedlikehald og produksjon av verktøy, så dette vart vinterarbeid. Gjennom dei lange og mørke vinterkveldane satt mannfolka på garden og spikka og skar i treverket som blei til verktøy om sommaren.

Her ser vi ei rive ifrå samlinga (SUM.02236) som ein kan sjå er satt sammen av mange ulike trestykker. Dei ulike delane var ofte lagd av forskjellige tresortar, alt etter kva eigenskapar som egna seg best til bruk. Denne riva ligg trygt for framtida på Tinghuset i Angedalen, men vi har fått laga nokre flotte river av Leiv Sølberg, tilverka på gamlemåten, skaft av furu, hovud av bjørk og tenner av ask. Desse kan publikum få både sjå og prøve på Slåttedag på Sunnfjord Museum, torsdag 02. juni. Der får ein oppleve ein autentisk sunnfjordsk slått, med regn, hesjing, rømmegraut og regn.

På Aktivitetsdag: Slåttedag torsdag 2. juli kjem Eldrid Skudal, eigar og drivar av Eldrids Skoghage for å fortelje om ar...
30/06/2026

På Aktivitetsdag: Slåttedag torsdag 2. juli kjem Eldrid Skudal, eigar og drivar av Eldrids Skoghage for å fortelje om arbeidet med permakultur og skoghagen som ho og mannen har på Sande.

Du får høyre om korleis Eldrid og Espen vil skape ein stad for undring og læring i samspel med naturen, og der dei kunne dyrke trygg mat frå hage til fat!

Skoghagen skal også vere ein møtestad kring regenerativ matauk, staudegrønnsaker og arter som vil vere viktige i beredskapstanken. Dei testar metodar og utfordrar eigen kunnskap og lærer nye ting. Grøda skal nyttast i sesongen, men og foredlast til spanande produkt som kan lagrast og nytast gjennom året.

Permakultur etterliknar naturen og skal skape velfungerande system som skaper mest mogleg utbytte for færrast mogeleg innsatsfaktorar som energi, innkjøp av ting eller arbeid. Du får høyre om plantar som er nitrogenfikserende og samlar næringsstoff, og om andre som lokkar på insekt eller stimulerer soppen.

Kom og bli klokare på korleis du kan skape det gode liv og den enkle hagen!

Foredraget startar kl. 14.30 i Sersjantløa (merka med skilt i tunet), og er inkludert i inngangsbilletten. Etter foredraget går vi ned til museet sin urtehage.

Hjartleg velkomne!

Foto: Eldrid Skudal

Det blir ein våt jonsok, ja, men det stoppar ikkje oss i Movika! Grillane er tent og blir snart klar til grilling, og el...
23/06/2026

Det blir ein våt jonsok, ja, men det stoppar ikkje oss i Movika! Grillane er tent og blir snart klar til grilling, og eldsjelene frå Sunde krins grendalag har levert kaker som du kan nyte i Sersjantløa. Den nye aktivitetsutstillinga vår Movika Landelhandel er open, samt jubileumsutstillinga i andre etasje i besøksbygget. Fleire andre hus, som Eldhuset og Stabburet er ope med aktivitet og utstilling. Bålet blir snart tent og leikebryllaup startar kl 18. Det er mykje å gjere både inne og ute på Sunnfjord Museum i kveld. Velkomne!

Adresse

Jølstravegen 107
Førde
6819

Åpningstider

Tirsdag 10:00 - 05:00
Onsdag 10:00 - 05:00
Torsdag 10:00 - 05:00
Fredag 10:00 - 05:00
Lørdag 00:00 - 05:00
Søndag 00:00 - 05:00

Telefon

+4757721220

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnfjord Museum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sunnfjord Museum:

Snarveier

Del