03/07/2026
Gode sambygdingar
Sommaren skal vere her, sjølv om vêret ute seier noko anna.
Krigen mellom Russland og Ukraina held fram. Kvar einaste dag høyrer me om sivile som blir drepne, først og fremst i ukrainske byar. Bustader, sjukehus og annan sivil infrastruktur blir bomba, noko som representerer alvorlege brot på folkeretten. Folk lir framleis, og mange ser seg nøydde til å flykte frå heimane sine. Den siste veka har 140 menneske frå Ukraina kome til Noreg.
På Fedje hadde me i førre veke nytt meklingsmøte med Statsforvaltaren om Innersøyane. Til førre møte bad Statsforvaltaren om ny dokumentasjon om lokaliteten. Denne vart levert i god tid før meklinga. I drøftingane opplevde me likevel at den nye dokumentasjonen i liten grad vart tillagd vekt.
Innersøyane er verna, med ei fredingsgrense på 50 meter rundt området etter fredingsforskrifta. Statsforvaltaren meiner dette ikkje er tilstrekkeleg, og viser til naturmangfaldlova som grunnlag for at det i praksis bør leggjast til grunn ei buffersone på minst 500 meter rundt det freda arealet.
Ei slik forståing vekkjer uro. Dersom same praksis skal gjelde rundt det føreslåtte verneområdet på Fedjemyrane, vil det kunne få store konsekvensar for utviklingsmoglegheitene på Fedje. Eg må innrømme at eg slit med å forstå at eit verneområde som er vedteke i statsråd, kan få ei så vesentleg utviding gjennom ei tolking i ei mekling. Eg trur dette kan gjere det vanskelegare å skape tillit til framtidige verneprosessar, særleg i små og arealfattige kommunar.
Eg utsette å skrive denne helsinga fordi eg håpa å kunne dele ei god nyheit før sommaren. Slik gjekk det dessverre ikkje. Eg sit att med ei kjensle av at prosessen ikkje har vore reell. Dersom konklusjonen i praksis er bestemt på førehand, er det vanskeleg å sjå verdien av ei mekling. Difor hadde kommunestyret i går eit ekstraordinært møte, der me samrøystes vedtok å sende saka vidare til departementet for endeleg avgjerd.
Sjølv om denne saka tek mykje merksemd, skjer det heldigvis mykje positivt på Fedje. Det er god aktivitet rundt hamna. Både butikken, Landsbykaféen, Jenetene på Kaien og Explore West har ein travel og god sommar. Førre helg hadde me besøk av ei seglregatta som skapte liv og røre på øya. Mange flotte båtar og mange hyggelege menneske fann vegen til Fedje.
I august ventar fleire flotte dagar med Lengst Vest og Havfiskefestivalen. Eg håpar på godt vêr, mange besøkande og ei flott markering av alt det gode Fedje har å by på.
Det har vert nokre nyhende om U 864. Kystverket seier: Det er kanskje viktig å påpeke at selv om vi nå vet at kvikksølvbeholderne i stor grad har gått i stykker, og at mye kvikksølv har rent ut i sedimentene, så er ikke risikoen forbundet med dette noe annerledes enn før. Vår kunnskap om situasjonen er bare bedre. De tidligere undersøkelser av fisk og skalldyr, utført av HI, er fremdeles gjeldende. Og situasjonen er fremdeles slik at det er lite metylering av kvikksølv, som er en forutsetning for at kvikksølvet skal tas opp i næringskjeden. Lenkje til meir informasjon finn du her: https://www.kystverket.no/nyheter/fant-kvikksolvbeholdere-i-ubatvraket/
Nyhende frå Eskjeret
Gustav var med i båt for aller første gong denne veka. Hermann hoppa som vanleg rett om bord, men Gustav var langt meir skeptisk. Eg måtte faktisk løfte han ned i båten, og han skalv og var tydeleg engsteleg. Den første delen av turen sat han tett inntil meg, men då me kom inn i rolegare farvatn gjennom Fyrsundet, byrja han å slappe av. Etter kvart tok han seg nokre forsiktige rundar i båten. Han er ikkje heilt som Hermann enno, men eg trur dette kjem til å gå heilt fint etter nokre fleire turar.
Gustav har òg hatt eit litt spesielt forhold til liggeunderlag. Alt som har likna på ei madrass har blitt demontert med stor entusiasme, og ei stund måtte han sove i buret utan madrass. Då me trudde uvanen hadde gitt seg, kjøpte me ny madrass førre fredag. Ho heldt i litt over to døgn før ho var tygd fullstendig sund. Det blir nok ei stund til neste madrass kjem i hus.
Og sidan ingenting er heilt komplett utan litt motgang på garden: I dag skulle eg endeleg starte slåtten. Då valde sjølvsagt slåmaskina å gi opp. No ventar eg på delar som både er vanskelege å få tak i og tek tid å få levert. Det ser ut til at slåtten må vente litt til.
Eg ønskjer dykk alle ein riktig god sommar!
Helsing
Stian Herøy
Ordførar i Fedje