Fitjar brann og redning

Fitjar brann og redning Fitjar brann og redning - alltid i beredskap. Link til skjema for å melde om bruk av eld: https://www.rogbr.no/meldinger/melding-om-bruk-av-ild-utend%c3%b8rs

⚠️ Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for skogbrannfare i vårt distrikt.Din eld – ditt ansvar 🔥
17/07/2026

⚠️ Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for skogbrannfare i vårt distrikt.

Din eld – ditt ansvar 🔥

Fitjarfestivalen er eitt av høgdepunkta for Bjørnis – og det såg ut til å vera eit høgdepunkt for mange av dei besøkjand...
20/06/2026

Fitjarfestivalen er eitt av høgdepunkta for Bjørnis – og det såg ut til å vera eit høgdepunkt for mange av dei besøkjande òg! 🤩

Teltet var fylt med spente og glade barn og vaksne. Bjørnis var i storform, dansa med publikum og stilte sjølvsagt opp på helserunde og bilde for alle som ville.

Bjørnis takkar for alle klemmane og high-fiveane ❤️🔥🚒

Me ynskjer alle ein riktig god, trygg og brannførebyggjande sommar! ☀️

Skal du vera ansvarleg for eit sankthansbål i Fitjar? 🔥Sankthansbål som skal tennast 23. juni treng ikkje meldast til br...
19/06/2026

Skal du vera ansvarleg for eit sankthansbål i Fitjar? 🔥

Sankthansbål som skal tennast 23. juni treng ikkje meldast til brannvesenet, men dei vanlege reglane for trygg bålbrenning må følgjast:

✅ Det er forbode å gjere opp eld på ein slik måte at det kan føre til brann. Plasser bålet i god avstand frå bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.

✅ Det er generelt bålforbod i skog og utmark i perioden 15. april til 15. september. Sankthansbål 23. juni er likevel tillate dersom det kan gjennomførast på ein trygg måte utan fare for brannspreiing.

✅ Brenning av avfall er ikkje tillate.

✅ Bålet skal berre bestå av reint trevirke.

✅ Om mogleg bør det leggjast fram vasslange til sløkking, eller på annan måte vere tilgang til tilstrekkeleg sløkkevatn.

✅ Brenning etter mørkets frambrot er frårådd, då dette kan føre til unødige utrykkingar.

✅ Det må avklarast med grunneigar at bål kan tennast i området.

✅ Når ein forlèt bålet, skal det vere fullstendig sløkt.

Skal du feire sankthans med bål på andre datoar, er det fint om dette vert meldt inn via skjemaet under. Då kan vi unngå unødige utrykkingar:

https://www.rogbr.no/meldinger/melding-om-bruk-av-ild-utend%C3%B8rs

Vi ønskjer alle ei trygg og fin sankthansfeiring!
🎉🔥🎉

Har du bustad eller hytte tett på naturen? 🌲🪾🌳🍁🍂🍃Tørre periodar og vind kan føra til rask spreiing av brann i skog og ut...
25/05/2026

Har du bustad eller hytte tett på naturen? 🌲🪾🌳🍁🍂🍃

Tørre periodar og vind kan føra til rask spreiing av brann i skog og utmark. Små førebyggjande tiltak rundt bustad og hytte kan gjera stor forskjell dersom ein naturbrann kjem nær bebyggelse.

Her er nokre enkle råd for å redusere risikoen:

🔥 Hald ein brannsikker sone rundt huset
🌲 Unngå tett og lett antenneleg vegetasjon nær bygningar
✂️ Hald plen og vegetasjon låg
🍂 Fjern lauv, kvist, tørt gras og anna brennbart materiale
🪵 Lagre ved, maskinar og anna brennbart i god avstand frå bygningar
🏠 Tett opningar der glør kan trengja inn

Ved å gjera enkle tiltak no, kan du bidra til å beskytte både heim, hytte og omgjevnader ✅

21/05/2026
Brannvernskulen for 6. klasse 🔥I mai har me saman med Det lokale eltilsynet (DLE) frå Fagne besøkt alle 6. klassane i Fi...
18/05/2026

Brannvernskulen for 6. klasse 🔥

I mai har me saman med Det lokale eltilsynet (DLE) frå Fagne besøkt alle 6. klassane i Fitjar for å gi dei brannvernopplæring. Undervisninga er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, DLE, Gjensidige og brannvesenet.

Målet er at elevane skal få betre kunnskap om kva dei skal gjera dersom dei kjem i ein situasjon som kan føra til brann. Samtidig skal undervisninga gjera dei betre rusta til å handtera ein situasjon dersom det skulle oppstå brann.

Flott innsats frå elevane 👏

I ettermiddag fekk Bjørnis besøka barna som vart evakuerte under brannen ❤️Bjørnis skal vera med og skapa tryggleik og t...
11/05/2026

I ettermiddag fekk Bjørnis besøka barna som vart evakuerte under brannen ❤️

Bjørnis skal vera med og skapa tryggleik og trøyst for barn som har opplevd noko skremmande ved brann eller ulukker.

Det vart mange smil, high-fives, bamseklemmar og gode samtalar i sola. Bjørnis storkoste seg i vakre Koløyo! Alle barna fekk Bjørnis-tatovering og sjølvsagt sjå den nye brannbilen vår 🤩

For oss i Fitjar brann og redning var det viktig å koma tilbake og møta dei som vart råka av hendinga – spesielt barna ❤️

Takk for at me fekk koma på besøk, og takk for den varme mottakinga 😊🐻

Adresse

Fitjarsjøen 55
Fitjar
5419

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fitjar brann og redning legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Fitjar brann og redning:

Snarveier

Del