Jensbua Kystkultursenter

Jensbua Kystkultursenter Jensbua er eit bygningsvern- og kystkultursenter. Vi gjev råd og hjelp til restaurering av bygningar og båtar.

I helga har vi vore med på årets Skippertak: les meir her:
14/06/2026

I helga har vi vore med på årets Skippertak: les meir her:

Denne gongen har turen gått til vakre Skarnagel i Nord-Solund, der eit gammalt naust får sårt tiltrengd omsorg frå partnarar i Fjordkystparken.

Velkomen attende, herr og fru Tjeld! Sin vane tru har dei lagt dei to egga sine i kanten av parkeringsplassen på Jensbua...
25/05/2026

Velkomen attende, herr og fru Tjeld! Sin vane tru har dei lagt dei to egga sine i kanten av parkeringsplassen på Jensbua. Eit under om dei får fram ungar når det er såpass med aktivitet rett attmed, og eit litt eksponert reir?
Uansett: Vis omsyn til tjelden og etterkomarane!😅

19/04/2026

Nasjonalt krafttak skal redde kulturarven frå den stille, morkne død i fjøresteinane. Om det ikkje er for seint allereie.

15/04/2026

Igår fekk vi ei vakker melding frå Sparebankstiftinga Fjaler: Vi får 200 000.- til isolasjon av verkstaden på Jensbua! Stiftinga har vore med oss på fleire prosjekt, og viser igjen at dei trur på det vi driv med. Tusen, hjarteleg takk for støtta, det er til stor hjelp og motivasjon til å stå på vidare!🌺🙏💪

Onsdag 8. april kl 17 00inviterer vi til bokkveld på Jensbua!Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth presente...
05/04/2026

Onsdag 8. april kl 17 00inviterer vi til bokkveld på Jensbua!

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth presenterer det nye praktverket sitt Naustlandet:

I dette føredraget fortel og viser Eva Røyrane, forfattar av boka Naustlandet, bilete frå den store naustreisa.
Naustlandet er den nyaste i rekkja av bøker som dokumenterer verdfulle bygningstradisjonar i Noreg, etter suksessane Norges låver, Av stein, Klyngetunet og Vestlandshus. Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har reist frå Finnmark i nord til Agder i sør på jakt etter nausta som pregar kystlandskapet i vårt vidstrakte land.
Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis. Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt tempo.
Nausta står tett på havet og byggeskikken er forma av naturen rundt dei. Nokre naust klorer seg fast på vêrharde nes, andre ligg fredelege som trygge hamner inst i ein fjord. Nokre går i eitt med landskapet, som dei sjøsamiske naustgammene, andre står som små fyrtårn i landskapet til minne om ei anna tid.

Inngang kr 100.-. Enkel servering.

Hjarteleg velkomen

01/04/2026

Vi har byrja å fylle hyllene i nye Krambua med godsaker: Kaldpressa rå linolje og Båtsmurning i 1, 5 og 20 liters kanner. Båtsmurning er 1/3 av kvar av tjøre, terpentin og rå linolje - godt for trebåten og terrassen! Løp og kjøp!

05/03/2026

Sidan 2020 har fire av partnarane i Fjordkysten regional- og geopark kvart år redda eit trua kystkulturminne på dugnad, og no er vi klare for eit nytt oppdrag!

Jensbua vurderer å kvitte oss med Tredal-hengaren vår - det er såpass mykje å gjere med den at vi no lyser den ut for de...
10/02/2026

Jensbua vurderer å kvitte oss med Tredal-hengaren vår - det er såpass mykje å gjere med den at vi no lyser den ut for den som vil ha den og setje den i stand. Ta kontakt med Ove på 97079139 om du er interessert.

Adresse

Leitet
Fjaler
6968

Telefon

+4797079139

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Jensbua Kystkultursenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Jensbua Kystkultursenter:

Snarveier

Del