Kinn kommune

Kinn kommune Kinn kommune er på Facebook! Her får du nyhende og kunngjeringar om vårt arbeid. Kinn kommune

I dag har fleire av våre tilsette møtt opp på jobb i fotballtrøye for å markere Fotballtrøye-fredag og vise støtte til b...
29/05/2026

I dag har fleire av våre tilsette møtt opp på jobb i fotballtrøye for å markere Fotballtrøye-fredag og vise støtte til barn og unge som er råka av kreft.

Fotballtrøye-fredag er ei landsomfattande innsamlings- og solidaritetsmarkering til inntekt for Barnekreftforeininga. Ved å ta på seg favorittdrakta si, bidreg folk over heile landet til å skape fellesskap, spreie glede og sette søkelys på barn og familiar som står i ein krevjande kvardag.

Kvart år får over 200 barn og unge i Noreg kreft. For mange betyr det lange periodar borte frå skule, fritidsaktivitetar og vener. Difor er det viktig å vise at dei ikkje står åleine.

Vi er stolte av dei tilsette som deltek og er med på å støtte ei viktig sak!

I dag markerer vi at Florø fyller år - Gratulerer med dagen, Florø! 🎉Samtidig vil vi også ønskje alle ei riktig god feir...
16/05/2026

I dag markerer vi at Florø fyller år - Gratulerer med dagen, Florø! 🎉

Samtidig vil vi også ønskje alle ei riktig god feiring av nasjonaldagen! Vi håpar små og store får ein flott feiring av 17. mai!

🎺 Program for 17. mai i Florø og Måløy finn de her:
https://kinn.kommune.no/aktuelt/vi-onskjer-alle-ei-stralande-og-minnerik-17-mai-feiring-her-finn-du-program-for-dagen-i-floro-og-maloy.16082.aspx

🚗 Viktig oppmoding til bilførarar i Florø:
Vi ber alle om å unngå parkering i gatene der toget skal gå, slik at barnetog og borgartigetkan gjennomførast trygt og fint for alle.

Vi ønskjer alle ei flott feiring av både bydagen og nasjonaldagen!

Nyt dagen med barnetog, borgartog, is og godt fellesskap – og takk for at du bidreg til ei trygg og triveleg feiring for store og små! Vi ber også om at du parkerer ein annan plass der barne- og borgartoget går i Florø.

Det uventa snøfallet som har kome natt til i dag og i løpet av dagen, har ført til krevjande forhold fleire stader i kom...
05/05/2026

Det uventa snøfallet som har kome natt til i dag og i løpet av dagen, har ført til krevjande forhold fleire stader i kommunen. Sidan dette er ei særs uforutsett hending på denne tida av året, har det ikkje vore mogleg å organisere brøyting i forkant.

Kommunen oppmodar alle trafikantar om å vise ekstra aktsemd i trafikken. Vegane kan vere glatte, og folk flest har allereie lagt om til sommardekk - noko som aukar risikoen for uhell.

Vi ber folk tilpasse farten etter forholda og vurdere om det er naudsynt å køyre. Det vert følgt med på vêrsituasjonen, og eventuelle tiltak blir vurderte fortløpande.

Spesielt Idrettsvegen i Måløy bør køyrande halde seg unna, då vi har fått meldingar om at det er spesielt vanskeleg tilhøve på denne vegstrekka.

Det uventa snøfallet som har kome natt til i dag og i løpet av dagen, har ført til krevjande forhold fleire stader i kommunen. Sidan dette er ei særs uforutsett hending på denne tida av året, har det ikkje vore mogleg å organisere brøyting i forkant.

Vi har no to spennande 100% faste stillingar innan veg, vatn og avløp:🔹 Fagarbeidar VVA (veg, vatn og avløp) – Måløy🔹 Fa...
21/04/2026

Vi har no to spennande 100% faste stillingar innan veg, vatn og avløp:

🔹 Fagarbeidar VVA (veg, vatn og avløp) – Måløy
🔹 Fagarbeidar veg – Florø

Arbeidsoppgåvene omfattar drift og vedlikehald av kommunal infrastruktur, med varierte dagar og gode kollegaer!

👉 Søknadsfrist: 22.04.2026

Du finn også fleire andre ledige stillingar på følgande lenke 😊👇

Kinn kommune ønskjer å vurdere ei mellombels endring av skjenketidene i samband med fotball-VM for herrar i perioden 11....
15/04/2026

Kinn kommune ønskjer å vurdere ei mellombels endring av skjenketidene i samband med fotball-VM for herrar i perioden 11. juni til 19. juli 2026.

Bakgrunnen er at meisterskapet i hovudsak vil gå føre seg på kvelds- og nattestid norsk tid, og at dette kan ha betydning for serveringsstader som viser kampane. Kommunen ønskjer å leggje til rette for aktivitet og verdiskaping i næringa, samstundes som omsynet til folkehelse, ro og orden og ansvarleg alkoholhandtering blir ivareteke.

Saka er no ute på høyring fram til 5. mai. Gå til heimesida vår for å lese heile høyringssaka og for å gi innspel.

Kinn kommunestyre ønskjer å vurdere ei mellombels endring av skjenketidene i samband med fotball-VM for herrar i perioden 11. juni til 19. juli 2026. Bakgrunnen er at meisterskapet i hovudsak vil gå føre seg på kvelds- og nattestid norsk tid, og at dette kan ha betydning for serveringsstader so...

Vi søker fagarbeidar i 100% stilling (Måløy) – delt mellom veg og VA 🚧💧Variert arbeid med drift og vedlikehald av veg, v...
10/04/2026

Vi søker fagarbeidar i 100% stilling (Måløy) – delt mellom veg og VA 🚧💧

Variert arbeid med drift og vedlikehald av veg, vatn og avløp, samt deltaking i vaktordning. Vi ser etter deg med relevant fagbakgrunn, førarkort (BE og T) og god arbeidsmoral. Vi tilbyr spennande oppgåver, godt arbeidsmiljø og gode ordningar.

Sjå denne og fleire ledige stillingar i jobbportalen vår! 👇😊

Vi har for tida fleire spennande stillingar ledige hos oss, og det er stor variasjon i type jobbar.I jobbportalen vår fi...
10/04/2026

Vi har for tida fleire spennande stillingar ledige hos oss, og det er stor variasjon i type jobbar.
I jobbportalen vår finn du meir informasjon om stillingane, søknadsfrist- og skjema 😊👇
https://kinn.kommune.no/jobb/

Kinn kommune arbeider med ei brei utgreiing av parkeringsordninga i Måløy. Vi kartlegg dagens situasjon og vurderer korl...
30/03/2026

Kinn kommune arbeider med ei brei utgreiing av parkeringsordninga i Måløy. Vi kartlegg dagens situasjon og vurderer korleis ei framtidig ordning bør vere, inkludert mogleg innføring av betaling.

Målet er ei heilskapleg og føreseieleg løysing som tek omsyn til både næringsliv, innbyggjarar og utviklinga av sentrum. Arbeidet skal danne grunnlag for ei politisk sak våren 2026.

Vi inviterer til ope allmøte om saka:

📍 Formannskapssalen, Måløy rådhus
📅 tysdag 7. april
🕒 kl. 14.00–15.30

Alle interesserte er velkomne.

Adresse

Markegata 51
Florø
6905

Åpningstider

Mandag 10:00 - 14:00
Tirsdag 10:00 - 14:00
Onsdag 10:00 - 14:00
Torsdag 10:00 - 14:00
Fredag 10:00 - 14:00

Telefon

+4757756000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kinn kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kinn kommune:

Del