Sunnfjord brann og redning

Sunnfjord brann og redning Informasjonsside for Sunnfjord brann og redning

Vær trygg når dykk ferdslar på isen🧊
13/02/2026

Vær trygg når dykk ferdslar på isen🧊

Brannkonstabel Kristoffer Rygg demonstrerer kor farleg det kan vere å gå gjennom isen! 🥶

Med skiftande temperaturar blir isen raskt utrygg, og ein bør alltid sjekke lokale forhold.

Elvar, elveutløp og brakkvatn er spesielt farlege område der isen kan vere tynnare og straumane sterke. Dei oppmodar alle til å bruke sunn fornuft og ha ein plan.

Les heile saka i kommentarfeltet.👇🏻

🧯 **Godt naboskap reddar liv** 🧯Den 24. og 27. januar rykte Sunnfjord Brann og Redning ut til brann i bygning. I begge h...
28/01/2026

🧯 **Godt naboskap reddar liv** 🧯

Den 24. og 27. januar rykte Sunnfjord Brann og Redning ut til brann i bygning. I begge hendingane var det raskt tenkjande og omsorgsfulle naboar som bidrog til å avgrense brannen og ta vare på kvarandre då trusselen var stor.

I det eine tilfellet blei brannteppe brukt i forsøk på å sløkkje brannen, i det andre ein handsløkkar. Dette er gode døme på kor viktig tidleg innsats og rett utstyr kan vere. Vi ønskjer derfor å gje tilbake det utstyret som blei brukt – og samstundes hylle godt naboskap og god brannberedskap ❤️

Dei første minutta i ein brann er avgjerande. Kjenn etter kva situasjon du kan handtere – og kva du ikkje kan. Hugs rekkjefølgja:
🚨 Varsle
🆘 Redde
🔥 Sløkkje

Å redde handlar ikkje berre om andre – men også om deg sjølv.

👉 Har du rett utstyr om uhellet skulle vere ute?
✔️ Sjekk at røykvarslarane fungerer
✔️ Ha sløkkutstyr lett tilgjengeleg
✔️ Gå gjennom rømningsvegane dine

Dette kan bety alt. 💛

❄️Øving i søk og redning under is❄️I dag har vi hatt øving i søk og redning under is. Vinteren er for alvor komen, og mi...
09/01/2026

❄️Øving i søk og redning under is❄️
I dag har vi hatt øving i søk og redning under is. Vinteren er for alvor komen, og minusgradene legg is på vatn og elver.

⚠️ Viktig å hugse:
Sjølv om isen kan sjå trygg og tjukk ut, er han ofte ujamn og uforutsigbar. Straum, snødekke, mildvêr og temperatursvingingar kan gjere at istykkelsen varierer mykje – også over korte avstandar.

🧊 Fell ein gjennom isen, kan kuldesjokk oppstå på få sekund og gjere det vanskeleg å puste og røre seg. Nedkjøling (hypotermi) kjem raskt i kaldt vatn, og i elver og område med straum kan ein bli trekt under isen og få store problem med å kome seg opp att. Dette kan i verste fall føre til drukning på få minutt.

👨‍👩‍👧‍👦 Snakk gjerne heime med barna om farane ved å gå ut på isen, og om at ein ALDRI skal gjere det utan at vaksne er til stades – og utan rett kunnskap og utstyr.

👉 **Hugs:** Er du ikkje 100 % sikker, så hald deg unna isen. 💙

Det er med stor sorg vi har sett i nyhendene at to brannmenn er antatt omkomne i ein brann. Dette er ei djupt tragisk he...
07/01/2026

Det er med stor sorg vi har sett i nyhendene at to brannmenn er antatt omkomne i ein brann. Dette er ei djupt tragisk hending som rører oss alle i brann- og redningstenesta.

Tankane våre går til dei omkomne, familiane deira, vener og kollegaer i denne svært tunge tida. Vi kjenner sterkt med våre kollegaer og sender varme tankar, omtanke og støtte.

Ta vare på kvarandre.

23/12/2025

Med ønskje om ei trygg og fredeleg juletid – ta vare på kvarandre ⭐️

30/12/2024

Husk og følg dette🎆🎇
Eit riktig godt nyttår og trygg feiring🥳

**Hugs å sjekke røykvarslaren i morgon! 🔥**  1. desember markerer starten på adventstida og julekalenderen, og kva er ve...
30/11/2024

**Hugs å sjekke røykvarslaren i morgon! 🔥**

1. desember markerer starten på adventstida og julekalenderen, og kva er vel betre enn å bruke den første luka på å sikre heimen din? 🎄

✔️ Byt batteri i alle røykvarslarar.
✔️ Hugs: Etter 10 år bør heile røykvarslaren bytast ut.
✔️ Sørg for å ha minst ein røykvarslar i kvar etasje.

Ta deg fem minutt i morgon – det kan redde liv. Del bodskapen og spre tryggleik i adventstida! 💡

12/09/2024
🛑 **BRANNSIKKERHEIT PÅ HYBEL** 🔥Skal du flytte på hybel til hausten? 🏠 Det er spanande å starte eit nytt kapittel, men h...
07/08/2024

🛑 **BRANNSIKKERHEIT PÅ HYBEL** 🔥

Skal du flytte på hybel til hausten? 🏠 Det er spanande å starte eit nytt kapittel, men hugs at brannsikkerheit er superviktig! Her er nokre tips for å sikre at du bur trygt:

1️⃣ **Test røykvarslaren** - Sørg for at røykvarslaren fungerer. Det er ein liten sjekk som kan redde liv! 🔔

2️⃣ **Unngå overbelastning** - Ikkje bruk for mange elektriske apparat på ein gong. Unngå skjøteleidningar som er overfylte! ⚡️

3️⃣ **Hald det ryddig** - Rydd vekk ting som kan ta fyr. Ikkje la klede eller andre brennbare ting liggje på varmeomnar. 🚫

4️⃣ **Kjenn rømningsvegane** - Vit kvar næraste naudutgang er. Bruk nokre minutt på å gå gjennom rømningsplanen din. 🚪

5️⃣ **Ver varsam med levande lys** - Ikkje forlat rommet med tente lys, og pass på at dei står trygt. 🕯️

6️⃣ **Ha sløkkeutstyr tilgjengeleg** - Sørg for å ha brannsløkkingsapparat eller sløkkeutstyr lett tilgjengeleg. Du veit aldri når du kan trenge det! 🧯

👉 Hugs: Litt førebuing kan gjere ein stor skilnad! Spre bodskapen, og pass på deg sjølv.

Adresse

Øyrane 8
Fords
6800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnfjord brann og redning legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sunnfjord brann og redning:

Del